GRMYT    Z

 

ZEPHYROS var vestavinden - son av titanen ASTRAEOS og morgonraudens gudinne EOS. Det er sagt at Zephyros var gift med IRIS, regnbogens gudinne og gudanes sendebod.

Hans brør var dei tre andre vindane: BOREAS, NOTOS, EUROS.

 

Zephyros drepte ein gong i svartsjuke den vakre guten HYACINTHOS med ei klinkekule (liten, rund stein frå stranda).

 

ZEVS   (romersk JUPITER) var son av CHRONOS/RHEA. Han var sjefs-guden på Olympen.

 

ATTRIBUTTAR: Ægis, Tordenskya  = skjold, kledd med skinnet av geita AMALTHEA.

            Han bar lynet i si hand:  Tordenkilen

            Ei ørn sat ved hans side.

 

Zevs hadde eit orakel i DODONA, og der kviskra han råd til menneska ved hjelp av susinga frå lauvet til ei veldig eik. Prestane der hadde hengt opp mange store bronsekjelar i eika, for å forsterke kviskringa.

 

Dette oraklet i Dodona  skal vere det eldste av alle orakel i Hellas. Det vaks ein stor eikelund ved Dodona. Emne til baugen på JASON's skip vart teke frå ei eik her. Derfor kunne skipet tale og spå om framtida.

 

Dodona ligg i ein vakker og fredfull fjelldal i Epirus i Nordvest-Hellas. Det ligg eit gammalt amfi-teater her, som ennå er i bruk. Staden der oraklet låg er no truga av eit motorveg-prosjekt - ein autostrada som vil passere nokre få hundre meter unna. Etter massive protestar er det vedteke at vegen skal gå i tunell forbi.

 

Zevs vart dyrka i mange tempel - det viktigaste var på OLYMPEN der dei olympiske leikane vart arrangert under påsyn av Zevs.

 

Fordi Chronos slukte sine born, lurte Rhea seg av til Kreta då ho skulle føde Zevs. Ho sette han så i oppfostring hos NYMFENE der, og geita AMALTHEA, som gav han mjelk i ei hole på berget Ida.

 

Eldre søsken av Zevs, som vart slukt av faren: HESTIA (rom. VESTA)

                                                                           HERA (rom. JUNO)

                                                                           DEMETER (rom. CERES)

                                                                           HADES (rom. PLUTO)

                                                                           POSEIDON (rom. NEPTUN)

           

Rhea kom med ein innpakka stein til Chronos, som han slukte i tru det var Zevs.

 

Då Zevs var eitt år gammal, var han fullvaksen, og sterk nok til å angripe sin vonde far. Han jaga faren av trona, og tvang han til å spy ut alle Zevs' søsken. Etter romersk tradisjon - dei kalla Chronos for SATURNUS - så for Chronos til Italia, der han fekk dele makta med derverande guden JANUS. Chronos endra mulig no sinnelag, for han vart ein god og mild herskar, og hans regjeringstid vart rekna som den fortapte gullalder. Ingen veit kvar det vart av han då gullalderen tok slutt.

 

Zevs var herre over himmel og jord. Han dømde mellom godt og vondt, og laga lover for menneska på jorda. Han delte makta i verda med syskena sine:

 

            POSEIDON fekk havet.

            HADES vart herskar i Underverda.

           

AMALTHEA, geita, sette han på himmelen som stjerne. Men først kledde han skjoldet sitt med hennar skinn, og gav NYMFENE på Kreta eitt av hennar horn. Sjå desse.

 

Zevs tok bustad på Olympen. Ofte kom gudane saman i palasset hans der. Apollon spela på lyre, GRATIENE dansa, og dei udødelege gudane åt ambrosia (udødelg-gjerande mat), og drakk nektar av gylte kar.

 

Ein gong gjorde TITANANE og GIGANTANE opprør mot Zevs. Dei sette berg på berg, og klivra Olympen. Giganten TYFON spruta eld og røyk, så Zevs vart skremd og rømde til Egypt, der han forkledde seg i  dyreham. Men snart kom han til krefter att - drog tilbake og nedkjempa gigantane. Så stod han trygt, og tenkte ut harde straffer for opprørarane.

 

Zevs hadde elden, men PROMETHEVS stal denne frå han, og brakte den ned til jorda. For å hemne dette, skapte Zevs fagerjenta PANDORA av leire, og bles liv i ho. Han sende ho til jorda med ei øskje full av elende. Ho vart gift med Promethevs' yngre bror EPIMETHEVS, som opna øskja og slapp elendet laus. Då han fekk på loket att, var bare håpet att i øskja.

 

Zevs tok Promethevs til fange, og lenka han fast til ei klippe i Kaukasus, der ein rovfugl vart sett til å hakke i innvolane hans og fråtse på levra hans. Kvar natt vaks Promethevs ihop att, for at pinslene skulle vare evig. Men til slutt kom HERAKLES og drap fuglen og sette Promethevs fri.

 

Zevs rasa meir då HERAKLES fria Promethevs. Han drukne alle menneske i ei syndeflod, men DEUKALION og PYRRHA overlevde syndefloda i ei ark.

 

Zevs åt si gravide første-kone METIS (visdomsgudinna), for han var redd barnet dei venta, ATENE, skulle verte større enn han sjølv. Dog, til sist sprang Atene fullt væpna ut av panna på Zevs, då HEFAISTOS kløyvde hovudet hans med ei øks.

 

Med rettferdsgudinna THEMIS fekk Zevs døtrene HORENE.

 

Zevs andre-kone var søstera HERA, men han sette også barn på mange andre gudinner og kvinner. Nokre av desse var:

            APOLLON (tvilling med ARTEMIS), mora var den asiatiske gudinna LETO.

            ARTEMIS (rom. DIANA) (tvilling med APOLLON)

DIONYSOS (rom. BACCHUS)

CASTOR

            HEBE

            HERAKLES (rom. HERKULES)

            HERMES (rom. MERKUR)  (med MAIA)

            MINOS og broren RHADEMANTHOS (med EUROPA)

            PERSEOS

            PERSEPHONE   (med DEMETER)

            MUSENE (dei 9 musene) (med MNEMOSYNE)

           

For å vinne Hera skapte Zevs seg om til ein gauk, og fekk samstundes i stand ein fæl snøstorm. Så søkte han hutrande ly ved Heras barm, og ho tykte synd om den stakkars fuglen. Så omskapte han seg att, og vann lett fram. Dei feira høgtidsamt bryllup. Alle gudar, menneske og dyr var innbodne. Den einaste som ikkje ville kome, var ei jordisk jente kalla CHELONE. Ho vart til straff omvandla til skilpadde, og vart dessutan dømd til å tie.

 

Apollon og Artemis fekk Zevs med gudinna LETO. Hera var alltid svartsjuk på Zevs elskerinner, og forfylgde Leto. Zevs forgjorde Leto til ein vaktel som kunne flyge til øya Delos og unnkome ormen PYTHON, som Hera hadde sendt for å plage ho.

 

Hera vakta stadig på Zevs for å avbryte sidespranga hans. Ein gong lokka Zevs fjell-nymfa EKKO til å opphalde Hera med prat, slik at ho ikkje fekk spionert på han. Da Hera vart var samanhengen, vart ho rasande, og tok halve stemma frå Ekko, slik at bare siste lyden i orda ho sa kunne høyrast.

 

Zevs utviste Apollon ni år frå Olympen, og tok frå han hans guddoms-vyrd i desse åra.

 

Zevs vart forelska i den gifte LEDA, og forkledd som svane forførte han ho.  Leda fødde då to egg. I kvart var eit udøyeleg og eit døyeleg barn. Zevs var far til dei udøyelege, POLYDEUKES og HELENA.

 

Zevs sette nymfene HESPERIDANE (PLEIADANE) på stjernehimmelen.

 

Zevs lurte seg innpå den vakre kongsdottera ALKMENE, og ho fødte etter dette HERAKLES.

 

 

Ein gong fekk Zevs auge på EUROPA medan ho plukka blomster på stranda. Han skapte seg då om til ein vakker, kastanjebrun okse, og fekk ho til å klive opp på ryggen sin. Så strauk han over havet med ho, til øya Kreta. Der fødte ho han sønene MINOS og RHADEMANTHOS.

 

Zevs fekk sonen ARCAS med den jordiske kvinna CALLISTO. Han gjorde mor og son til stjernebilete.

 

Forkledd som eldtunger kom Zevs til nymfa AIGINA. Ho fekk sonen AIKOS (AECUS), som vart dommar i Underverda.

 

Den kolossale statuen i marmor og gull av den sitande Zevs ved Zevs-tempelet på Peloponnes, var laga av Phidias, og er med på lista over verdas 7 underverk.

 

Her er ei liste over Zevs' avkom med ulike kvinner: Dei mest kjende er utheva.

 

Dame                    Ungar

Aegina                         Aeacos

Alkmene                    Herakles

Antiope                       Amphion, Zethos

Afrodite                      Eros

Callisto            Arcas

Calyce                         Endymion

Carme                         Britomartis

Danae                          Perseus

Demeter                     Persephone

Dia                              Pirithous

Dione                          Afrodite

Elara                            Tityos

Electra                         Dardanos, Iasion

Eris                              Ate, Litae

Europa                        Minos, Phaestos, Rhadamanthos, Sarpedon

Evrynome                    Aglaia, Euphrosyne, Pasithea, Thalia

Gaia                           Manes, Tityos

Hera                           Ares, Eileithyia, Eris, Hebe

Io                                Epaphos

Iodama                        Thebe

Laodamia                    Sarpedon

Leda                            Apollon, Artemis

Leucothea                    Paktolos

Maia                           Hermes

Metis                          Atene

Mnemosyne               Calliope, Clio, Erato, Euterpe, Melpomene, Polyhymnia,    Terpsichore, Thalia, Urania = MUSENE

Nemesis                      Helen

Niobe                          Argos, Pelaskos

Persephone                Zagreos

Pluto                            Niobe

Protgenia                     Aethlios, Opos

Selene                        Pandia

Semele             Dionysos

Taygete                       Pelops, Lacedaemon

Themis                       Adicia, Atropos, Clotho, Dike, Eirene, Eunomia, Lachesis = HORENE

                                 

DEUKALIONS SYNDEFLOD

Jorda har opplevd mange syndefloder, men Deukalions flod var forårsaka av Zevs.

PELASGOS fekk sonen LYCAON, og Lycaon hadde nokre ugudelege søner, som Zevs vart rasande på.

Lycaon hadde sivilisert Arkadia og innstifta dyrking av Zevs-Lycaeos der. Men så ofra han ein gut til Zevs, og dette tok Zevs ille opp. Lycaon vart omskapt til ein ulv, og huset hans vart øydelagt av lynedslag.

Lycaon hadde 22 søner, og desse brydde seg ikkje med å dyrke Zevs - dei tedde seg ugudeleg. Då Zevs fekk greie på dette kledde han seg ut som ein fattig reisande, og kom på vitjing. Brørne fann moro i å servere han ei simpel suppe. Dei hadde blanda innvollar av bror sin, Nyctimos, i suppa, saman med restar av sau og geit. Zevs forstod samanhengen, og han velta bordet og skapte alle brørne om til ulvar, med unntak av Nyctimos, som han gav livet tilbake.

Då Zevs var tilbake på Olympen, slapp han i raseri laus ei syndeflod over jorda. Han ville utrydde heile menneske-ætta. Men DEUKALION, som var konge av Pythia, var blitt advart av far sin, PROMETHEVS - som han hadde vore og vitja i Kaukasus. Deukalion bygde då ei ark, tok store forsyningar ombord, og sette til havs saman med kona si, PYRRHA, datter av EPIMETHEVS.

Og sønnavinden bles, og det regna i strie straumar. Alle elvar fossa flaumdigre i havet, som steig skræmande snøgt, og vaska bort alle byar på kysten og på slettene. Til sist var heile verda overfløymd, bortsett frå nokre få fjelltoppar, og alt liv drukna bortsett frå Pyrrha og Deukalion. I ni døgn varte flaumen før vatnet byrja trekke seg tilbake. Deukalions skip stranda på Parnassos-fjellet. (Det er også hevda at skipet stranda på Etna, Athos-fjellet eller på Othrys-fjellet i Tessalia.) Deukalion fekk ei due til å hjelpe seg med å finne tørt land.

Då dei hadde stranda trygt, takkofra dei til Far Zevs, og gjekk ned for å be i tempelet til THEMIS ved Cephissos-elva. Tempel-taket var dekt av sjøplanter, og altaret var kaldt. Dei bad om at menneske-ætta måtte få vekse opp på ny, og langt borte sat Zevs og høyrde bønene. Han sende HERMES med beskjed om at alle deira ønske skulle verte oppfylde. Themis dukka personleg opp, og sa at dei skulle svøype hovuda sine i klede, og kaste "si mors bein" bak seg. Dei skjøna at titaninna med mor meinte Mor Jord, og at beina måtte vere steinane som låg på elvebreidden. Framlutte, med tildekte hovud, plukka dei stein og heiv bakover skuldrane. Steinane vaks opp til kvinner og menn - Pyrrhas steinar vart til kvinner og Deukalions steinar vart til menn. Slik oppstod menneskeheita på nytt. Etter den tid har ordet laos betydd "folk" - etter laas som tyder "stein", på mange språk.

Men Deukalion og Pyrrha var ikkje dei einaste som overlevde flaumen. Megaros, son av Zevs, hadde blitt vekt av traner, og dei lokka han til toppen av Gerania-fjellet. Også Kerambos av Pelion overlevde. Nymfene skapte han om til ein skarabé (bille), og han flaug til Parnassos. - Og i skråninga frå Parnassos-fjellet låg byen Parnassos, som var grunnlagt av POSEIDON sin son Parnasos. Han hadde funne opp spådomskunsten - han kunne tyde teikn i naturen og spå kva framtida ville bringe. Innbuarane i Parnassos vart vekte av hylande ulvar, og følgde desse til fjellets topp. Etter flaumen grunnla dei ein ny by, og kalla denne Lycorea etter ulvane.

Nokre av innbuarane i Lycorea emigrerte til Arkadia, og heldt fram med Lycaons gudspottelege gjerningar, så det vart snart like gale på jorda som før flaumen. Dei ofrar gutar til Zevs Lyceos - tarmen til guten vert kokt saman med andre ting til ei fæl suppe som vert servert til ein gjeng gjetarar ved elvebreidden. Gjetaren som et tarmen, byrjar hyle som ein ulv. Så heng han av seg kleda i ei eik, sym over elva og vert til ein var-ulv. I åtte år må han gjete ein ulveflokk, men avheld han seg frå å ete menneskekjøt i denne tida, kan han så symje over elva att, ta på seg kleda som ennå heng i eika, og verte til folk igjen.

 

1