Du er her: Forside  > Arbeidsomr... > Naturområder > Nasjonalpa... > Nasjonalpa... > Folgefonna
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...
Naturområder  Nasjonalparker  Nasjonalparkene  Folgefonna


Logo Folgefonna nasjonalpark - Copyright: DN

Nasjonalpark i eit nasjonalt landskap
Folgefonna er landets tredje største isbre. Heile naturmiljøet kring Folgefonna er prega av nærleiken til ei stor iskappe. Vassdraga er talrike og ville, og mange innsjøar og elver har farge som vitnar om sterk påverknad av brevatn. Det vakre landskapet kan måle seg med det ypperste i Europa. Det er nettopp her vi frå 1600-talet av har hatt Noregs einaste baroni, Rosendal.

Les om:

Naturoppleving
Historie

Landskap

Planteliv

Dyreliv


Brearm, Folgefonna. Foto: Anniken Friis
__________________________________________________________________________________



Naturoppleving:

Frå fjord til fonn

Folgefonna er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Med fjordar, fjell, elver, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei aller viktigaste reisemåla i Norge. Variasjonen er stor, det same er høvet for allsidig naturoppleving.

I nasjonalparken finst gamle ferdsleruter og stølsvegar som har vore brukt gjennom lange tider. Dei fleste av desse rutene vert brukt også i dag. Fotturistar nyttar området både til dagsturar og lengre turar. Det finst 4 sjølvtente turisthytter i nasjonalparken som står opne heile året - Fonnabu, Breidablikk, Holmaskjer og Saubrehytta . Hyttene er opne for alle.

Med Nordfonna som utgangspunkt er Folgefonna lett tilgjengeleg. Her kan du ta med deg skia ein vakker sommardag. Buerbreen og Bondhusbreen er ikkje like lett tilgjengelege, men desse vakre og vidgjetne brearmane kan du kan sjå og oppleve på nært hald. Du kan kontakte ein lokal breførar og få ei krevjande, men særs minnerik oppleving i det mest utfordrande terrenget som er å finne i Noreg. Turlaga har kvart år brekurs for dei som vil lære meir om ferdsel på bre. Turlaga og ulike firma har organiserte turar ein kan melde seg på.

Folgefonna er særleg kjent for fantastiske vårskiturar, men det er mogleg å gå på ski her nesten heile året. Du kan gå Folgefonna både på langs og på tvers. Særleg kjend er den opplevelserike ruta Sunndal – Keiserstien – Fonnabu. Her er det og organisert dagleg breføring deler av sommeren. Du kan fortsette over breen til Holmaskjer og ned Tokheimslia.

Elvane i nasjonalparken er mange, men ofte bratte og strie. Nokre av dei er like fullt gode fiskeelver, også for laks og sjøaure. Æneselva bukter seg i vakre svingar, og er veleigna m.a. til kanopadling. Dei inste delane av Ænesdalen er så å seie urørte og har sterkt villmarkspreg.




Landskap og geologi:

Mangfald av bergartar

I nasjonalparken er det særs interessante område for studie av berggrunnsgeologi og kvartærgeologi (lausmassar). Vi finn eit mangfald av bergartar med strukturar som fortel om ulike geologiske hendingar. Bergartane og strukturane representerer eit enormt spekter i tid, heilt attende til om lag 1,5 milliardar år før notid.

Undersøkingar av lausmassar som skriv seg frå siste istid eller seinare, fortel korleis breen har forma landskapet. Mange av landformene i området vart forma av isbreane under den siste istida. Så godt som alt landareal i Noreg var dekka av is for 10 000 - 12 000 år sidan. Dei høgste toppane i Rosendalsfjella synest å ha vore eit unntak. Dei avskorne toppane vi ser her i dag er truleg landformer som vart danna vesentleg tidlegare, og som ikkje vart nemneverdig endra gjennom siste istid.

Isbreane dominerte landskapet kring Folgefonna under den siste istida. Likevel er det truleg feil at breane vi har i Noreg i dag er restar etter denne kalde perioden. Mykje tyder på at Folgefonna var heilt vekksmelta i steinalderen, frå 8000 til om lag 5200 år sidan, og at den har vakse fram sidan som ein følgje av klimaendrinar.

I Rosendal er det bygd ein steinpark der du får demonstrert ei rekke lokale bergartar, slipt til slik at dei fantastiske strukturane i steinen vert framheva. Senteret gjev eit sjeldant innsyn i dei talrike geologiske prosessane som har gått føre seg i området.




Planteliv:

Store kontraster

Storparten av fjellområda har ein relativt artsfattig flora, fordi sure bergartar dominerer og vekstsesongen er kort. Nøysame artar som rabbesiv, musøyre og stivstorr er utbreidde på den skrinne jorda. Moselyng, jøkelstorr og snøull er spesialistar på å takle dei ekstreme snøforholda, dei kan vekse heilt inn til brekanten.

På steile berg i overkant av rasmarkene finst dekorative planter som gulsildre, raudsildre, fjellsmelle og svarttopp. Reinrose veks enkelte stader, m.a. ved Skjeggesnuten og Sauanuten. Dei to fjella har kalkhaldig berggrunn og er botaniske oasar  med ein rik fjellflora. 

Søterot stiller ikkje store krav til jordsmonnet, og den er stadvis vanleg i fjellskogen og i lågare del av snaufjellet. Fjellvandrarar legg merke til den store og staselege søterota. Også bergfrue er litt av eit syn når ho veks i hundretal med store kvite blomeklasar. Ingen andre planter er så godt tilpassa dei steile fjellveggene omkring Folgefonna.

På vestsida av Folgefonna og nedover i dalførene er nedbøren høg, og det gjør at du finner mange planter som trives best i fuktig klima. Sjølv den ekstremt vestlege hinnebregna veks så langt aust som til Furebergfossen på grunn av det konstant våte lokalklimaet i drevet frå fossen. Kystplanter som revebjelle, rome, klokkelyng, bjønnkam, smørtelg og storfrytle set eit preg på vegetasjonen frå fjorden og opp mot skoggrensa.




Dyreliv:

Dyreliv i karrige fjell og i skogen

Høgt til fjells er det for karrig til at mange dyr kan trivast, men nettopp her finn vi ein god bestand av den nøysame fjellrypa.  Tilgang til ryper som byttedyr er ei viktig årsak til at kongeørna hekkar i fleire av dalføra inn mot fonna. I gode smågnagarår er fjellvåken ein vanleg rovfugl. Heipiplerka er den mest talrike fuglearten i områda ovenfor skoggrensa.

I skogane på Folgefonnhalvøya er hjorten talrik. Kvinnherad er i dag den kommunen i landet som har størst hausting av hjort. Orrfuglen er vanleg i områda rundt skoggrensa, og litt lengre nede, i furuskogen kan du kome over storfuglen - tiur og røy. Naturskogane på Vestlandet er i dag blant dei siste attverande leveområda i Vest-Europa for kvitryggspetten. Mange stader på Folgefonnhalvøya har snøskred ført til god tilgong på døde tre. Slike område er ofte særleg gunstige for hakkespettar.




Historie:

Viktig reisemål for turistar

Naturgrunnlaget har vore utgangspunktet for fast busetjing i dalføra kring Folgefonna frå førhistorisk tid. Dei fleste kulturminna som ein ser i dag er av vesentleg nyare dato, ofte knytta til epoken med stølsdrift opp mot fjellet. Stølsdrifta var avgjerande for å kunne livberge seg av jordbruk, men i dag er denne tradisjonen stort sett borte.

Organisert turisttrafikk tok til allereie i 1833 frå Sunndal til Tokheim i Odda. Turistane gjekk til fots og vart i ein periode frakta med hest og slede over breen. For hundre år sidan var det livleg trafikk av cruisebåtar i fjordane. Brearmane i Bondhus og Buer og dei mange imponerande fossane var viktige reisemål for turistane, og Odda var den gongen den viktigaste hamna for cruisebåtar i landet.

Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Norges aller største turistattraksjonar.




Last modified: 29.08.2007


Fylker: Hordaland
Opprettet: 2005
Areal: 545,2 km2




Verneforskrift
Fotogalleri
 
 Kartutsnitt Folgefonna nasjonalpark - Copyright: DN
Kartutsnitt (med vei-info)
PDF-kart (utskrift)
 
Mer informasjon:
Fylkesmannen i
   Hordaland
Jondal turistkontor
Kvinnherad
   turistinformasjon
Turistinformasjonen i
   Ullensvang
Turistinformasjon i 
   Odda
Turistinformasjon i
   Etne
Verneforskrift (pdf)
Infoark (pdf)
Brosjyre

Tilbake til nasjonalparkforsiden