Liverpool FC
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liverpool FC | |||
Fullt namn | Liverpool FC | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | The Reds/The Pools | ||
Grunnlagd | Ukjend | ||
Heimebane | Anfield, Liverpool (Kapasitet: 45 522) |
||
Styreleiar | David Moores | ||
Hovudtrenar | Rafael Benítez | ||
Liga | Premier League | ||
|
Liverpool Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League. Klubben vart stifta i 1892, og vart vald inn i The Football League i 1893. «The Reds», som er kallenamnet til Liverpool, spelar heimekampane sine på Anfield i Liverpool. Byen Liverpool ligg ved Irskesjøen i den engelske regionen Merseyside, kring seks mil vest for Manchester.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Liverpool FC er det laget i England som har blitt ligameister flest gonger. Sidan Liverpool rykka opp i 1. divisjon i 1962 har laget aldri vore dårlegare enn nr 8 i den øvste serien.
TROFE | ANTAL | ÅR |
---|---|---|
Ligameister | 18 | 1900/01, 1905/06, 1921/22, 1922/23, 1946/47, 1963/64, 1965/66, 1972/73, 1975/76, 1976/77, 1978/79, 1979/80, 1981/82, 1982/83, 1983/84, 1985/86, 1987/88, 1989/90 |
FA-cupen | 7 | 1965, 1974, 1986, 1989, 1992, 2001, 2006 |
Ligacupen | 7 | 1981, 1982, 1983, 1984, 1995, 2001, 2003 |
League Super Cup | 1 | 1986 |
FA Charity Shield | 15 | 1964 (delt), 1965 (delt), 1966, 1974, 1976, 1977 (delt), 1979, 1980, 1982, 1986 (delt), 1988, 1989, 1990, 2001, 2006 |
Meisterligaen/Serievinnarcupen | 5 | 1976/77, 1977/78, 1980/81, 1983/84, 2004/05 |
UEFA-cupen | 3 | 1972/73, 1975/76, 2000/01 |
UEFA Super Cup | 3 | 1977, 2001, 2005 |
FA Youth-cup | 2 | 1997, 2006 |
- Vinnar av 2. divisjon: 1893/94, 1895/96, 1904/05 og 1961/62.
- Finalist i FA-cupen: 1914, 1950, 1971, 1977, 1988, 1996.
- Finalist i ligacupen: 1978, 1987, 2005
- Finalist i serievinnercupen: 1984/85.
- Finalist i cupvinnercupen: 1965/66.
- Finalist i World Cup Championship: 1981, 1984 og 2005.'
- Finalist i FA Charity Shield: 1922, 1971, 1983, 1984, 1992
- Finalist i FA Community Shield: 2002
- Finalist i FA Youth-cup: 1963, 1972
[endre] Kjende spelarar på Liverpool
Nokre av dei mest kjende spelarar på laget i dag: Jamie Carragher, Steven Gerrard, Fernando Torres og Xabi Alonso
Tidlegare har kjende spelarar som Ray Clemence,Jan Mølby, Bruce Grobbelar, Emlyn Hughes, Ian Callaghan, Tommy Smith, Roger Hunt, Phil Thompson, Phil Neal, John Barnes, Ian Rush, Kenny Dalglish, Kevin Keegan, Greame Souness, Steve McManaman, Michael Owen, Jamie Redknapp, Fernando Morientes, Stig Inge Bjørnebye og Robbie Fowler, spela for laget.
Norske spelarar som har spelt/spelar for Liverpool: Stig Inge Bjørnebye, Frode Kippe, Øyvind Leonardsen, Bjørn Tore Kvarme, Vegard Heggem, John Arne Riise
[endre] Liverpool sine managarar
Manager | Periode | Manager | Periode |
---|---|---|---|
W. E. Barclay | (1892-1896) | Bill Shankly | (1959-1974) |
Tom Watson | (1896-1915) | Bob Paisley | (1974-1983) |
David Ashworth | (1920-1923 | Joe Fagan | (1983-1985) |
Matt McQueen | (1923-1928) | Kenny Dalglish | (1985-1991) |
George Patterson | (1928-1936) | Graeme Souness | (1991-1994) |
George Kay | (1936-1951) | Roy Evans | (1994-1998) |
Don Welsh | (1951-1956) | Gérard Houllier | (1998-2004) |
Phil Taylor | (1956-1959) | Rafael Benítez | (2004- |
[endre] Spelarstall 2009/10 sesongen
(per 2. februar 2010) Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
[endre] Bakgrunnsstoff
Fotball | Premier League | 2010/11-sesongen |
Arsenal | Aston Villa | Birmingham City | Blackburn Rovers | Blackpool FC | Bolton Wanderers | Chelsea | Everton | Fulham | Liverpool | Manchester City | Manchester United | Newcastle United | Stoke City | Sunderland | Tottenham Hotspur | West Bromwich Albion | West Ham United | Wigan Athletic | Wolverhampton Wanderers | |