Apollon

Forskningsmagasin fra Universitetet i Oslo

Du er her: Apollon > Fagområder > Språk og kultur > Språkvitenskapelige fag > Nordiske språk >

Forskningsartikkel

Forskningsartikkel

Telefonkiosk

Ei ringebu? Til tradisjonen som nynorsk skriftmål byggjer på, høyrer kravet om eit heimleg ordfang. Morosam-menn har karikert det med avløysarar som «ringebu» for «telefonkiosk». (Foto: Kirsten Faustino)

Bokmål har ei dansk skriftform og norsk uttale. Det har vore jamført med andre blandingsspråk kring i verda, ein type forskarane kaller «kreolspråk». Det gjorde professor Kjell Venås publikum merksam på i foredraget han heldt då han tok imot den populærvitskaplege prisen til Det historisk-filosofiske fakultet for 1997. Her følgjer heile foredraget.

Tekst: Kjell Venås

Ordet «dialekt» er lånt i norsk, frå gresk «dialektos». Den fyrste tydinga var `samtale, språk', men i den klassisk-greske perioden vart det brukt om skrivne normer som var særmerkte for ein viss region, og altså ikkje om talemål. I nyare tid er det sameleis i fransk, der «dialecte» gjerne blir brukt om ei regional målform som ber ein litterær kultur, medan «patois» står for talemål. Som vi veit, går «dialekt» på talemål hjå oss.

I Nordland og Trøndelag fann Ivar Aasen eit ord «Maalføre» med tydinga «Egenhed i Talen eller Sproget; ogsaa Sprogart, Dialekt». Det har vi seinare prøvt å bruke for «dialekt». På høge steg i norskfaget har «målføre» etter kvart vunne plass ved sida av «dialekt», men allment kjent er det ikkje - i minsto ikkje i rett tyding. Lånordet «dialekt» er det som folk flest kjenner og bruker. Mange som er med i offentleg ordskifte, har høyrt og lært seg «målføre», men bruker det om `målform, skriftmål', så det er ikkje sjeldan å høyre eller lesa om «våre to målfører». Det er ein misbruk som forma på ordet kanskje opnar for. Ingen talar om «våre to dialekter».

Ein ordbokrett definisjon av «dialekt» er `språkart som er særmerkt for ein viss stad (og skil seg frå eit normalmål)'. Men ymse språkfolk bruker det no om `språkart' rett og slett, så det skal vera rett å seia at alle snakkar dialekt, og i norsk samanheng: «min dialekt er riksmålet» eller å tala om dialekten til Kåre Willoch. Grunnen til at dei vil gje ordet ei ny tyding, er mest at «dialekt» ofte blir sett i høve til «normalmål» og ved det blir stempla som avvik frå det normale. Då kan ein gløyme at det er normalt å tala slik for dialektbrukaren. Som ny nemning for ei språkart som er geografisk avgrensa, vil desse språkfolka bruke ordet «geolekt».

For dei fleste brukarane er dialekt det fyrste talemålet. Det knyter seg ikkje til eit skriftmål og skil seg ved det frå normaltalemål. Karakteristikkar som «norm» og «normal» høyrer fyrst skriftmål til, men talemålet var før skrifta, og dialektbruk var før normaltalemål. Også normaltalemål, anten ein kallar det bokmål eller riksmål, blir lært på den same normale, munnlege måten, så det skulle for så vidt vera greitt nok å seia «min dialekt er riksmålet». Kåre Willoch talar det målet han lærte i heim og omgangskrins, slik som dialektbrukarar gjer. Vi fester oss då ved det geografiske og ser bort frå den sosiale sida av saka. Det kjem attåt at normaltalemål lett blir assosiert med skriftmål. Som formtype finst det over heile landet. Derfor meiner eg det er uheldig å kalle normaltalemål for «dialekt».

Normaltalemål

Normaltalemålet med det offisielle namnet bokmål kan vi føre attende til 1814. I det øvste samfunnslaget, klassa av embetsfolk og borgarar, hadde det i sambandstida vakse fram ei talemålsform knytt til det danske skriftmålet. Ho var eit resultat av målblanding, der dansk skrift gav formramme for eit mål med norsk uttale. Det har vore jamført med andre blandingsspråk kring i verda, ein type forskarane kallar «kreolspråk».

Fleire har i ettertid peikt på at språksituasjonen her i landet var normal i 1814. Noreg var eit samfunn av bønder og fiskarar, der dei aller fleste tala dialekt. Kan hende så lite som éin prosent av folkesetnaden tala det målet som ikkje var dialekt. Det vart seinare kalla «dannet dagligtale» eller «høyere talemål». Som del av heilskapen har talet på brukarar auka mykje frå 1814 til i dag. Fornorskingsmannen Moltke Moe sa kring fem prosent ved 1900, og språkpolitikaren Trygve Bull nemnde visst prosenttalet 20 i etterkrigstida. I dag er det helst fleire; det spørst korleis ein definerer og skil mellom målformer. Utviklinga er ei følgje av skriftmål og skulegang og av sosial prestisje knytt til normaltalemålet. Og all norsk, normalmål og dialektar, har endra seg mykje frå 1814 til i dag.

Situasjonen i dag er vel også normal. Normaltalemålet som knyter seg til skriftmålet bokmål, har visse særmerke etter kvar i landet det finst. Det mest skriftnære talemålet i byar som Bergen, Trondheim eller Tromsø skil seg på ymse måtar frå den tilsvarande søraustnorske typen, men står i same høvet til den same skriftnorma og blir påverka av den. Dét er slik som i andre land, til dømes Sverige. For tilhøvet mellom tale og skrift har det ikkje noko å seia at bokmål er eit blandingsspråk av opphav. Mange mål er det, vi tenkjer fyrst på engelsk.

Norske tilstandar

Fyrst når nynorsk kjem inn i biletet, er det tale om eit annleisland. Det har hatt mykje å seia for bokmålet at det fanst eit anna mål ved sida, for det gav tilskuv til det vi kallar fornorsking. Og endå om nynorsk ikkje er noko interessant for dei fleste vanlege bokmålsbrukarane, så er då målet der, i radio og fjernsyn og som skulefag. Med Berge Furre, Magnus Rindal og Andreas Skartveit dukkar det opp på kronikkplass i Aftenposten og det finst fast i ei homplandsk form i Dagbladet. Det er godt å ha på mange måtar, også til utblåsing av vonde hugdrag, såkalla aggressive tendensar, i Uniforum og andre organ.

Ein person utanfrå, dansken Jørn Lund, som var professor i nordisk språkvitskap og er direktør for dansk Gyldendal, har meir enn ein gong sagt og skrive som han gjer i dette sitatet:

«Det er Norge, der har nordisk rekord i sprogforståelse og sprogforståelighed. Ud over de rent lingvistiske forklaringer vil jeg anføre den sprogpsykologiske forklaring, at man i Norge har udviklet en større grad af sproglig opmærksomhed, at norske er vant til at høre talesproget i flere varianter, end vi andre, at man i Norge er vant til at se variationer i skriftsproget - og alt det kan man takke kongeriget Danmark for!»

For historikarar som måtte lesa dette, vil eg peike på at dei ikkje må gløyme den sida når dei held som hardast på med å gjera 400- årsnatta om til ein roseraud solskinsdag i soga vår. Lund ser det slik at språk og språkbruk har ein moralsk dimensjon hjå oss.

«I Norge kræves det at man skal elske sit sprog.» Skal vi tru at han er litt for dansk elskverdig med dette? Vi bryr oss visst ikkje så mykje med språket, berre vi får ha vår eigen variant i fred.

Eg vil avbalansere dette danske innslaget med å nemne ein svensk nordist frå Lund, som ein stad skriv skamlaust om «den kaotiska skriftspråksituation ... som man har i Norge ...».

Eg ber hatten min som eg vil

Men dialektar og dialektbruk er meir allment godtekne i Noreg enn i andre land. Sigbjørn Johnsen er særnorsk som fenomen, både produkt av ein allmenn kultur for dialektbruk og eit kromosomskapt særtilfelle. For på same tid som sigbjørnar kan tala heimemålet sitt naturleg, finst det for mindre sjølvstendige språkbrukarar psykologiske sperrer knytte til det personlege talemålet, i dag som i tidlegare tider. For mange vil det koste så mykje å skilja seg ut språkleg at dei heller prøver så godt dei kan å tala meir normalt enn dei er fødde til. Trass i dialektaksjonar i fortida og det allmenne synet på retten til sitt eige språk i dag, finst det mykje språktvang i samfunnet. Det er noko som følgjer med at det blir knytt band mellom språk, heimstader og sosiale kategoriar, slik at somme tykkjer det er vanskeleg å leva med talemål frå Hedmark, Sogn eller Oppdal i Oslo, Bergen eller Trondheim.

Nynorsk har eit framifrå namn som resultat av eit vedtak i Stortinget, ein 150 år gammal tradisjon, ei skriftnorm som står i visse høve til mange dialektar, skulemålsstatus og ein skriftkultur som svarar godt til det skriftmål for nasjonar og statar kan skilte med. Men på éit springande punkt har ikkje nynorsk det same som andre mål. Det er ikkje knytt til noko geografisk og administrativt sentrum der dei talar nær skriftnorma, slik som meir «normalt» framvaksne skriftmål. Det vanlege er at hovudstadsmålet breier seg utover frå byane og legg landet under seg - som Brink og Lund seier om Danmark - «efter Napoleons metode». Københavnermålet slår ut dialektane einskildvis og «tenderer [i dag] mod den totale sejr».

Nynorsk normaltalemål

Sjølvsagt finst det eit nynorsk normaltalemål. Det er skapt av mange einskildpersonar frå hundreårsskiftet og framover, kanskje mest folk i radio og fjernsyn. Det svarar til skriftmålet, men mellom nynorskfolk har det vore ulike meiningar om kor heldig det er med normaltalemål. Dialektane er grunnlaget for målet, og normaltalemålet kan snautt bli for dei fleste som skriv nynorsk, men berre talemål for ei «overklasse» av akademiske og målmedvitne målfolk. Vi har ein 120 år lang tradisjon som går mot talemålsnormering i skulen, og det er ikkje rimeleg at folk flest skal gje seg til å lære eit normaltalemål. Det naturlege er å bruke hjartespråket - det vi bruker til Gud og til hunden vår, målet i omgangskrinsen, som kan vera meir eller mindre «ekte», eller utjamna av språklege trendar i tida. Mindre illusorisk vil nynorsk normaltalemål bli om ein legg lista mindre høgt, og seier at mange dialektar dekkjer det bra slik dei er. Det er som hordamål eller tromsmål.

Til tradisjonen som nynorsk skriftmål byggjer på, høyrer kravet om eit heimleg ordfang. Morosam-menn har karikert det med avløysarar som «røykjepinne» for «sigarett» og «ringebu» for «telefonkiosk». For ei tid sidan vart det stor ståhei i Stortinget med spørsmål om Kjell Opseth hadde beklaga noko med å seia seg lei for det. Sjølvtrygg og smilande som vanleg sa han at det heitte såleis på hans mål, og med det meinte han nok ikkje førdedialekten, men riksmålet nynorsk. Den vanlege vendinga «beklage» er samstundes ein teknisk term for styringsverk og statsrett, og nynorsk har ikkje tradisjon for å bruke det tyske elementet be-. Men i vanleg kvardagstale er det berre få som vil tala så «normal» nynorsk at dei regulerer ordvalet sitt etter slike krav. Det måtte då vera profesjonelle fundamentalistar eller professorar i målvitskap.

Enno er ikkje alle jomsvikingar daude

Det finst ein del folk som er glade i dialektar. Dei kan elske den antikvariske verdien, med ein romantisk klangbotn i sjela eller som sæle Halvdan Koht sjå saka i eit klasseperspektiv. Men same kva bakgrunnen måtte vera, har dei lite å glede seg over i dag, for det språklege mangfaldet frå dei gode, gamle dagane lever utrygt i det rørlege samfunnet, der gode kommunikasjonar og massiv medial musak har gjort verda lita. Det kjem meldingar frå nær og fjern om at dialektane lever eit vanskeleg liv. Gamle særmerke i talemålet taper seg, målføre i større og mindre regionar jamnast etter kvarandre, og bymåla breier seg over dei gamle grensene sine. For dialektelskarane svarar dette til det Skrifta seier om dei siste tider, då det skal vera krig og rykte om krig. Vi høyrer om det frå ymse kantar av Austlandet, og Vestlandet følgjer med på karusellen. Det skal kuler til ein trønder, men det er sameleis der. Ein får trøyste seg med at den nordnorske høgtonen held seg.

Med dette som bakgrunn vil eg koma med noko eg opplevde i norsk mellomfag dette semesteret. På eit kurs i sosiolingvistikk skreiv kandidatane ei heimeoppgåve. Mange valde å skrive om målbruk i nærmiljøet. Ei oppgåve synte at studentar frå Sandefjord har bytt ut mange dialektformer etter to-tre år i Oslo, men at pronomenforma ho held godt stand mot hun. Ei gransking av ungdomsskuleelevar i Ål synte at dei bruker vel så mykje hallingformer som bymålsformer. Ei oppgåve var om ei fast spalte i lokalbladet Hallingdølen, som har overskrifta «kav halling». Innsendarar dyngjer redaktøren ned med stoff, og spalta er noko av det folk les fyrst. Éi oppgåve granska studentar frå Dokka, og synte at dei tala dialekt når dei var landingar saman, men så snart det kom ein frå Oslo i laget, la dei av seg mange typiske dialektmarkørar.

Studenten frå Dokka var den siste til munnleg eksamen. Ho var eit barn av vår tid i klede og stil, fjong og flott. Men då ho opna munnen, tala ho som beint ut av Olav T. Beito Norske målføretekster. I samtala kom vi inn på dialektbruk, og eg spurde om ho tala sameleis ute på byen, der ho ikkje kunne mistenkjast for å vilja manipulere mogelege dialektelskarar på den andre sida av bordet. Det siste tenkte eg berre. Ho gjorde det klårt utan skugge av tvil at dette var talemålet hennar. Ho fortalde også at ho hadde deltidsjobb i ei forretning i Oslo, og der prata ho på same måten. Det hende at folk hefte seg ved talemålet hennar, og ein gong hadde ho høyrt at nokon herma etter henne. - Men, sa ho, je bære flire åt dom, je. Og så flirte ho lurt åt oss òg, som eit heilhjarta prov på sjeleleg tryggleik og god vilje i verda. Ho gjekk fram på prestasjonen sin, av faglege grunnar.

Kjell Venås er professor i nordisk målvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

[Publisert 01.01.1998 ]

Søk i Apollon

Innholdsoversikten

 

Universitetet i Oslo

Apollon