Sommar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sommar i Sverige. (Foto: Jacob Ehnmark)

Sommar eller sumar er ei av de fire årstidene i tempererte og arktiske sonar på jorda, og viser til den varmaste og lysaste tida av året. Det er uklart kva ordet «sommar» eigentleg viser til, men det finst i ulike variantar på dei fleste germanske språk med assosiasjonar til vekst og grøde.

Innhaldsliste

[endre] Definisjon

Sommaren er den delen av åretsola står høgast på himmelen, og den gjennomsnittlege dagtemperaturen er høgast. I meteorologisk samanheng er sommaren definert som månadene juni, juli og august. Den astronomiske sommaren er på den nordlege halvkula tida frå sola går inn i Krepsen sitt teikn (ca. 21. juni) til ho går inn i Vekta sitt teikn (ca. 23. september). På den sørlege halvkula varer den astronomiske sommaren frå ca. 20. desember til 22. mars.

I klimalæra vert sommaren definert som tida av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er høgare enn 10 °C. Etter denne definisjonen varer sommaren i Oslo 129 døgn, i Tromsø 69 døgn, medan Vardø ikkje har noko sommar i det heile, sidan den varmaste månaden, som er juli, har ein normal middeltemperatur på 9,2 °C. Sommaren kjem slik sett først gjennomsnittleg til Flekkefjord, kring 10. mai og varer lengst rundt Oksøy ved Kristiansand, fram til 10. oktober.

primstaven vert sommaren rekna som halvåret frå 14. april (sommardagen) til 14. oktober (vinterdagen).

[endre] Vêr

Sidan det finst ein tregleik i oppvarminga av jordoverflata og atmosfæren vil dei høgaste temperaturane hovudsakleg kome etter sommarsolkverv. Vêret er ofte meir stabilt om sommaren enn om hausten og vinteren med færre lågtrykk og mindre vind. Nedbøren kjem gjerne i samband med ettermiddagsbyer heller enn frontpassasjar.

[endre] Assosiasjonar

For dei som arbeider med det som veks er sommaren gjerne den mest slitsame årstida. For andre er ho som regel prega av ferie og friluftsliv.

Jonsok og liknande midsommarfeiringar skjer om sommaren. Det blir òg arrangert mange festivalar og historiske spel folk kan reisa til.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sommar

[endre] Kjelder

  • «Sommer» på Wikipedia på bokmål og riksmål


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Nikolai Astrup-Vårkveld ved Jølstervannet.jpg Moonfeld toscana.jpg BudakesziHoldvilágvölgyErdeiÚt.JPG Windbuchencom.jpg Bombay flooded street.jpg Topi masai mara.jpg
Årstidene
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk