Du er her: Hovedsiden > Faglige nettverk > Lokal okkupasjonshistorie
  Aktuelt | Søk i NLIs databaser | Lenker | Nettstedsoversikt | Om lokalhistorie.no | Kontakt oss | English
TEMASIDER:
Kilder og litteratur
Bygdebøker
Historielag
Universitetsfaget
Faglige nettverk
Andre land
Slektshistorie
Kulturvern

Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt

Lokal okkupasjonshistorie


Bibliografiar

  • Norsk lokalhistorisk krigshistorie om 2. verdenskrig. En bibliografi. Av Tom B. Jensen. (2. utg., 2002). A/S Historisk forlag, Bjørnstadveien 57, 3440 Røyken.
  • Norsk militærhistorisk bibliografi. Red. A.O.Johnsen og G.Chr.Wasberg. Utg. av Forsvarets krigshistoriske avdeling, Gyldendal, Oslo 1969. Med tillegg 1977.
    Særlig: Del 2,III,11: "Norges krig 1940-1945" og Del 8 "Militær lokalhistorie".

Eit utval rettleiings- og oppslagslitteratur

  • Bygd og by under okkupasjonen. Skrifter nr. 12, NLI, Oslo 1982.
    (Artiklar om okkupasjonstida som lokalhistorisk forskingsfelt. Metode. Personvern. Studiet av NS lokalt.)
  • Lørdahl, Erik: Tyske militære avdelinger og feltpostnumre tilknyttet Norge 1940-1945.
    (Oppslagsverk m.a. for å finne lokalt materiale i arkiv etter den tyske okkupasjonsmakta)
  • Nordmenn i fangenskap 1940-45. (Red.: K.Ottosen). 1995.
    (Register over 40.000 nordmenn som var fengsla pga. motstandsverksemd. Fødslsdato, yrke, bustad, data for arrestasjon, fengselsopphald, frigjeving.)
  • Norsk Fangeleksikon - Grinifangene. (Red.: B.R.Gjertsen). 1946.
    (Fødselsår, dato for arrestasjon, grunn til arrestasjon og evt. neste fengselsopphald for ca. 20.000 fangar på Grini.)
  • Norsk krigsleksikon 1940-45. (Red.: H.F.Dahl, G.Hjeltnes, B.Nøkleby, N.J.Ringdal, Ø.Sørensen). Cappelen, 1995.
    (Oppslagsverk om hendingar, stader, institusjonar, omgrep, personar.) Tilgjengeleggjort på Internett av NorgesLexi.
  • Våre Falne 1939-45, band I-IV. (Red.: A.Ording m.fl.) Utg. av den norske stat, 1949-51.
    (Biografiske opplysningar om 11.000 falne og omkomne under krigen.)

Kjelder

NB! Ein god del av arkivmaterialet det blir referert til nedanfor vil vere underlagt til dels strenge klausuleringar pga. personvernomsynet. Informasjon om vilkår for tilgjenge får ein ved å vende seg til dei enkelte institusjonane.

Generelt

  • Faktaregister frå okkupasjonstida. Paroler og utdrag av illegale aviser m.m. Lover, forordningar, organisasjonssirkulær og -skriv, etc. Innsamla av Kaare Haukaas, mai 1947. Ordna år for år, månad for månad. Tilgjengeleggjort på Internett av NorgesLexi.
  • Krigstida i bilete. M.a. mange fotografi frå albuma til tyske soldatar i Noreg. Tilgjengeleggjort på Internett av NorgesLexi.

- spesielt til krigen i Noreg 9 april til 10. juni 1940

  • Militærarkiv frå felttoget 1940 er samla under nemninga Krigen i Norge 1940-1945. Samlinga vart oppbygd av Forsvarets krigshistoriske avdeling og dannar kjeldegrunnlag for bokverket Krigen i Norge 1940, utg. i 15 band 1952-1965. Materialet omfattar m.a. ei mengd rapportar frå trefningar osv., utarbeidd av deltakande befalingsmenn. Samlinga er nå i Riksarkivet.
  • Rapport fra den militære undersøkelseskommisjon av 1946. (NOU nr. 47, 1979.) Grunnlagsmateriale til denne og til lokale militære granskingskommisjonar finst i Riksarkivet og til dels i statsarkiva. Materialet er klausulert.

- spesielt til motstandskampen

- spesielt til okkupasjonsmakta

- spesielt til NS og til styre og forvaltning under okkupasjonen

  • Landssvikarkivet ved Riksarkivet er ei svært viktig kjelde til okkupasjonshistoria, også lokalt. Det gjeld strenge klausuleringsføresegner for bruk av materialet. Dei einskilde statsarkiva har materiale etter landssvikavdelingane ved dei einskilde politimeisterembeta.
  • NS-arkiva i Riksarkivet. Dette er arkiva til ei rekkje partiorgan og tilknytta organisasjonar. Arkiv etter ein del lokale og regionale avdelingar av NS-organisasjonane finn ein i statsarkiva.
  • Undersøkelseskommisjonen av 1945. Innstilling I-VI. Utg. av Stortinget 1946-1947. Av særleg interesse i lokal og regional samanheng er Innstilling V, Fylkesmennene og nyordningen av kommunene etter 1940.
  • Fylkestingsforhandlingar 1940-45. (Trykte.)

Museum og krigshistoriske samlingar

Nasjonale institusjonar:

Lokale og regionale institusjonar:

Søk i lokalhistorie.no
levert av FreeFind
Nettstedet har mottatt økonomisk støtte fra Kulturnett Norge

  Ansvarlig for nettstedet: Norsk lokalhistorisk institutt, Observatoriegata 1b, 0254 Oslo, tel: 22 92 51 30 , faks: 22 92 51 31, nli@lokalhistorie.no