spacerMeny spacer
spacer
spacer
spacer
spacer

Søk

 

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Regional Kartinnsynsløysing
   

Bibliotek

bibliotekknaapp

Finnøy folkebibliotek ligg på Judaberg i ”Det gamle meieriet”. I butikken på Nesheim, Sjernarøyane, har me ein liten filial.

Elles i same bygg finn ein pr juli 2012 pizzarestaurant.

Me har ope måndag klokka 09-14, tysdag klokka 15-19, og torsdag klokka 09-14. Bøker og andre ting du har lånt kan du levera i innleveringsluka vår. Elles kan du nå oss på tlf: 51 71 47 73, eller E-post_ biblioteket@finnoy.kommune.no
Biblioteket har eit fint utval i skjønnlitteratur. Elles er det faglitteratur, barne- og ungdomsbøker, dikt, diverse oppslagsverk og aviser og tidsskrift. Lydbøker, både på cd og digikort, byrjar å verta eit fin samling. Film og musikk har me også. Totalt vil ein finna om lag 25.000 dokument i Finnøy folkebibliotek si samling.



Opningstider Finnøy folkebibliotek (andre opningstider i skulen sine feriar)

Måndag 0900 - 1400
Tysdag 1500 - 1900
Torsdag 0900 - 1400

I feriar har biblioteket desse opningstidene:

Følg med på www.ryfylkebiblioteket.no

Telefon: 51714773
E-post: biblioteket@finnoy.kommune.no


Opningstider filial Nesheim, Sjernarøy (butikken): fylgjer butikken sine opningstider.

 

Bibliotekvakten.no svarar på spørsmål og hjelper deg med faktaopplysningar, lenketips eller informasjon om kvar svaret er.

Utlånsreglar for Finnøy folkebibliotek (også filial)

  • Alle kan få lånekort mot å vise legitimasjon. Barn under 13 år må ha underskrift av foreldre eller føresette.
  • Lånekort skal takast med. Tapt lånekort vert erstatta mot eit gebyr på kroner 10,-.
  • Lånetida er 4-fire- verker. Lånet kan fornyast dersom dokumentet ikkje er reservert av andre. Det skal betalast gebyr for dokument som ikkje vert levert i rett tid. Storleiken av gebyret vert bestemt av biblioteksjefen.
  • Lånar må melde frå om ny adresse. Lånaren er ansvarleg for det han lånar. Tap og skadar må erstattast. Foreldre/føresette er ansvarlege for materiell lånt av barn under 18 år.
  • Tap eller tjuveri av lånekort må straks meldast til biblioteket. Dersom melding ikkje vert gitt med ein gong, kan eigaren av lånekortet gjerast ansvarleg for tap biblioteket vert påført ved at andre misbrukar kortet.
  • Lånaren som ikkje rettar seg etter reglane, eller på andre måtar misbruker bibliotekets tillit, kan nektast bruk av biblioteket for eit tidsrom som biblioteksjefen fastset. Skriftleg melding med grunngjeving vil då verta sendt vedkommande lånar.
  • Lånekort kan brukast i alle bibliotekets avdelingar. Utlån av bøker er gratis. Bøkene bør leverast tilbake til den avdelinga kor dei er lånt.

Reglane er vedtekne i kulturstyre som bibliotekstyre den 24. juni 1992.

   

Kontaktinformasjon

Finnøy kommune Rådhuset
4160 Finnøy
E-post : post@finnoy.kommune.no
Telefon
: 51 71 47 00

Faks
: 51 71 47 01
Beredskap
: vakt 902 07 291
Org.nr.
: 938633029
Kontonr.
: 3347.07.00195
Kommunenr.
: 1141
Opningstid
: 07.30 - 15.00
Innsyn
Saman for Ryfylke
Levert av ACOS AS