Pitcairn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pitcairn Islands
Pitkern Ailen
Flagg
Våpen
Flagg Våpen
Pitcairn på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Mayor Mike Warren
Hovudstad Adamstown
Offisielt språk Engelsk, pitkern
Areal

- % vatn

62 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 48 (2007)
ca. 0,77/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .pn
Tidssone UTC -08:00
Internasjonal telefonkode +64
Nasjonalsong

Pitcairn, engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen, er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km² og folketalet 48 (2007). Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²).

Kart over Pitcairn

Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790. I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overbefolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.