Sudan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Jumhuriyat as-Sudan
جمهورية السودان

(norsk: Sudan, sudansk)

Det sudanske flagget Det sudanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nahnu Djundulla Djundulwatan»
Motto Al-Nasr Lana
(Sigeren er vår)
Geografisk plassering av Sudan
Offisielle språk arabisk
Hovudstad Khartoum
Styresett
Republikk
Omar Hassan Ahmad al-Bashir
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 861 484 km² (15.)
5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
34 206 710 (37.)
18,4 /km²
Sjølvstende
Frå Storbritannia og Egypt
1. januar 1956
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
98 790 mill. USD (70.)
2 200 USD (155.)
Valuta Sudansk dinar
Tidssone UTC +2
Toppnivådomene .sd


Sudan er ein republikk i Nordaust-Afrika og er det nest største landet i verdsdelen. Landet grensar mot Eritrea, Etiopia, Sør-Sudan, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Libya og Egypt, og det har kystline mot Raudehavet. Hovudstaden er Khartoum. Landet har i mange år vore herja av borgarkrig. Etter fredsavtalen frå 2005 vart det i 2011 haldast folkerøysting i Sør-Sudan om å verta ein sjølvstendig stat, og Sør-Sudan vart skilt ut frå Sudan i 9. juli 2011.

Kart over Sudan før utskiljinga av Sør-Sudan

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei nordlege områda av landet er ørken, og har eit klima som liknar det i Egypt, Libya og ørkenområda av Algerie. Frå Khartoum og sørover aukar den årlege nedbøren gradvis frå 150 mm til over 1000 mm. I dei nordlege områda har ein sjeldan regn, og eventuelt regn kjem med ujamne mellomrom. Regnsesongen i Sudan er mellom april og oktober, men lengst sør kan ein ha nedbør heile året. Regntida minkar frå seks til åtte månadar i sør til rundt to månadar i dei sørlege områda av ørkenen.

Dei nordlege delane av Sudan har nesten alltid ein nordaustleg vind gjennom heile året. Dette fører til svært tørr luft som gjer at dei svært høge dagtempraturane ikkje er så ubehaglege. I dei kjøligare vintermånadane kan temperaturen bli ganske låg, og frost tidleg på morgonen er ikkje uvanleg i ørkenen. Om sommaren er derimot nattetemperaturane sjeldan under 25 °C.

Under regntida i dei sørlege og sentrale områda av Sudan, erstattar ein sørleg eller sørvestleg vind den nordaustlege vinden. Dette fører til litt lågare temperaturar om sommaren, høg fukt og ein del skyer. Lengst sør varierer temperaturen lite gjennom året, og er høgast like før regntida. Den fuktige lufta kjem frå Kongobekkenet eller Sør-Atlanteren og er hovudkjelda til regnvêret om sommaren. Sjølv i regntida har ein tørre dagar og sol innimellom, og sjølv i dei våtaste områda kjem det berre regn om lag kvar tredje dag.

Sundan kan stundom verte råka av ein kraftig vind kalla haboob, som kan føre til sandstorm. Habooben oppstår ofte dagen før eller heilt i starten av regntida, ofte føre eit torevêr.

På kysten av Raudehavet og i åsane i nærleik har ein berre litt regn no og då frå oktober til desember.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Sudan» på Wikipedia på bokmål/riksmål.