Tokelau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tokelau
   
Tokelau sitt flagg
 
Tokelau sitt flagg  
Tokelau på verdskartet
Status New Zealandsk ikkje sjølvstyrt territorium
Leiar av regjeringa Kolouei O'Brien
Hovudstad ingen
Offisielt språk Tokelauisk, Engelsk
Areal

- % vatn

12 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 1392 (2006)
ca. 116/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .tk
Tidssone UTC -10
Internasjonal telefonkode +690
Nasjonalsong


Kart over Tokelau

Tokelau er ei øygruppe i Stillehavet, som vert administrert av New Zealand. Øygruppa består av tre atoll, om lag midtvegs mellom New Zealand og Hawaii. Arealet er 12 km² og øyane har 1392 ibuarar (2006). Dei tre øyane heiter Atafu, Fakaofo og Nukunonu. Alle tre øyane er busette av polynesiarar.

Øyane vart britisk protektorat i 1889. I 1916 vart dei del av den britiske kolonien Gilbert- og Elliceøyane, (no dei sjølvstendige statane Kiribati og Tuvalu), men i 1926 vart dei overførte til New Zealand. Det foregår for tida ein prosess for å vedta ei grunnlov som vil gjera øyane til ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand, slik Niue og Cookøyane er. Ei folkerøysting om dette i februar 2006 oppnådde ikkje det naudsynte to tredjedelars fleirtal. Ei ny folkerøysting er planlagd for november 2007. Inntil vidare står Tokelau på SN si liste over ikkje-sjølvstyrte territorium som ikkje har blitt avkoloniserte.

Tokelau har blitt tildelt domenenavnet .tk på internet. Øyane prøver å tena pengar på å selja internett-adresser med dette domenenavnet.