Grønland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalaallit Nunaat
Grønland  
Grønland sitt flagg
Coat of arms of Greenland.svg
Det grønlandske flagget Riksvåpen
Grønland på verdskartet
Status Del av det danske riksfellesskap med heimestyre
Landsstyreformann Kim Kielsen
Hovudstad Nuuk
Offisielt språk Grønlandsk, dansk
Areal

- % vatn

2 166 086 km²

81,1 % (inkludert is)

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 56 901 (2006)
ca. 0,03/km²

Verdsdel Nord-Amerika
Internet-domene .gl
Tidssone UTC 0, +1, +3, +4
Internasjonal telefonkode +299
Nasjonalsong Nunarput utoqqarsuanngoravit


Grønland (grønlandsk: Kalaallit Nunaat) er den største øya i verda med ei flatevidd på 2.176.000 km². Grønland er underlagt Danmark men har heimestyre. Hovudstaden er Nuuk (dansk Godthåb). Om lag 84 % av øya er dekt av is. Øya var dansk koloni fram til 1953. I mellomalderen var det norrøn busetjing på Grønland. Øya var eit norsk skattland frå 1262, og fylgde med Noreg inn i unionen med Danmark. Før 1814 var Grønland formelt ein norsk kronkoloni, men forblei under dansk styre då Noreg gjekk tapt for den danske kongen i 1814.

Kring år 1000 grunnla Eirik Raude norrøn busetting på Grønland. Eirik Raude skal ha opphavet sitt på Jæren. Den norrøne busetnaden på Grønland døydde gradvis ut, og på 1400-talet var det truleg ingen igjen. Ingen veit sikkert kva som hende med dei norrøne bygdene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Urbanisering i Grønland

Inuit-busetnad før år 1000[endre | endre wikiteksten]

Grønland vart busett frå Amerika i fleire periodar fram til år 200:

Norrøn busetnad[endre | endre wikiteksten]

Det var norrøn busetnad i to fjordar langs vestkysten av Grønland frå 982 til 1400-talet, dvs. i nesten eit halvt årtusen. Deretter døydde dei ut, som resultat av fleire faktorar: Klimaet vart kaldare, med den lille istida, noko som vart kritisk for den husdyrbaserte økonomien, som allereie hadde tæra på det grønlandske jordsmonnet. Frå og med 1200-talet kom inuitane til Grønland, og konkurrerte med den norrøne busetnaden om nokre av dei same ressursane. Dei norrøne grønlendingane hausta av færre artar enn det inuitane gjorde. Dei åt lite eller ikkje noko fisk (med unntak for eit par funn er det ikkje funne fiskebein i dei arkeologiske utgravingane av norrøn busetnad på Grønland i det heile, til skilnad frå tilsvarande funn frå inuit-busetnader). Dei tilpassa seg heller ikkje til nye klimatiske tilhøve, til å fange ringsel etter inuit-mønster. I det heile vart dei værande ein europeisk utpost i den nye verda, og prioriterte å bytte til seg kyrkjeornamentikk og andre luksusprodukt der ressursane kunne ha gått til å skaffe seg meir jarn frå Noreg og meir tømmer frå Newfoundland.

Den siste skriftlege kjelde for norrøn busetnad på Grønland er frå eit giftemål i Hvalsey-kyrkja i 1408.

Kyrkja i Hvalsey

Inuit-kulturen fram til dansk kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Grønland som del av Danmark[endre | endre wikiteksten]

Grønlandssaka[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Grønlandssaka

I 1921 erklærte Danmark at heile Grønland og farvatna rundt skulle vera under dansk styring. Aust på Grønland hadde det vore norske fangstmenn ei tid. Etter kvart kjende nordmennene rettane sine krenkte, og i 1931 gjekk det så langt at nordmenn erklærte at delar av austkysten var norsk land. Det okkuperte området kalla dei «Eirik Raudes Land». Med andre ord vart det drege liner attende til norsk styre i gamal tid. Okkupasjonen vart erklært 28. juni 1931 i Myggbukta. Okkupasjonen vart stadfesta av den norske regjeringa 10. juli 1931. Helge Ingstad vart norsk sysselmann. Noreg og Danmark sa seg viljug til å la den internasjonale domstolen i Haag avgjera saka. Den 5. april 1933 vart okkupasjonen kjend ugyldig.

Amerikansk administrasjon[endre | endre wikiteksten]

USA hadde etter avtale med den danske regjeringa baser på Grønland under andre verdskrigen.

Grønland som dansk amt[endre | endre wikiteksten]

I 1953 var kolonitida formelt over, og Grønland fekk status som dansk amt. I praksis var dette starten på ein storstilt integrerings- og fordanskinskpolitikk av eit land som fram til andre verdskrigen hadde levd relativt isolert.

Satellittbilete

Heimestyre[endre | endre wikiteksten]

Øya fekk heimestyre i 1978 av det danske Folketinget med verknad frå 1. mai 1979. Det grønlandske heimestyret tek seg av lokalstyret. Utanriks- og tryggleikspolitikk, rettsstell og råstoffutvinning er styrd av danske styresmakter. I november 2008 røysta 75 % av folket på Grønland for auka sjølvstyre frå Danmark[1].

Noko av det første som vart bestemt etter at heimestyret vart innført var at det skulle haldast ei folkeavrøysting om Grønland skulle melda seg ut av EF. Grønland hadde følgd med då Danmark vart EF-medlem i 1973. Folkeavrøystinga gav 53 % fleirtal for å melda seg ut, og Grønland forlet EF 1. februar 1985. Grønland er dermed det einaste området som har meldt seg ut av EF/EU.

Nord for sjølve øya Grønland finst fleire mindre øyar, mellom desse er Kaffeklubben. Kaffeklubben er den øya i verda som ligg lengst mot nord.

Hovudstaden på Grønland er Nuuk (dansk Godthåb)

Grønland har 55.732 innbyggjarar (1995). Av desse er om lag 68 % inuitar eller eskimoar. 91 prosent av folkesetnaden er i vest, 1,6 prosent i nord og 6,3 prosent i aust.

Grønland var fram til 2009 delt inn i 17 kommunar: Nanortalik, Qaqortoq (dansk: Julianehåb), Narsaq, Ivituut, Paamiut (dansk: Frederikshåb), Nuuk (dansk: Godthåb), Maniitsoq (dansk: Sukkertoppen), Sisimiut (dansk: Holsteinsborg), Kangaatsiaq, Aasiaat (dansk: Egedesminde), Qasigiannguit (dansk: Christianshåb), Qeqertarsuaq (dansk: Godhavn), Uummannaq, Upernavik, Qaanaaq (dansk: Thule), Tasiilaq (Ammassalik), Illoqortoormiut (dansk: Scoresbysund). I tillegg kom eit område utanom kommunal inndeling, som mellom anna omfattar den amerikanske Thule Airbase og Nordaustgrønland.

Frå og med ei administrativ nyinndeling i 2009 er det fire kommunar på Grønland: Qeqqata Kommunia, Kommuneqarfik Sermersooq, Qaasuitsup Kommunia og Kommune Kujalleq. Av dei 56.462 innbyggjarane bur 7.755 i Kujalleq, 20.998 i Sermersooq, 9.627 i Qeqqata og 17.867 i Qaasuitsup Kommunia, 215 bur i områda utanfor kommuneinnldelinga i Nordaust-Grønland-Nasjonalpark og Thule Air Base (1. januar 2008).[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Grønland er dekt av eit av dei største isområda på den nordlege halvkula, og det sentrale område er over 3000 m høgt. Grønland kjem derfor stort sett inn under arktisk klima med permafrost. Dei fleste menneska på Grønland bur og held seg langs kysten, der somrane er kjølige, men lyse.

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Frå juni til august held den midla maksimumstemperaturen seg stort sett over 5 °C langs heile vestkysten. Temperaturane kan derimot variere ein god del frå stad til stad og flyplass til flyplass på grunn av lokale topografiske forhold og andre lokale effektar. Den islagde austkysten er kjøligare, særleg nord for Ammassalik. Sør for polarsirkelen kjem vanlegvis temperaturen om sommaren opp mot 10 °C om ettermiddagen, som i Nuuk, men ein kan ha store temperaturskilnadar frå dag til dag. Nuuk har hatt temperaturar opp mot 24 °C og så vidt under 0 °C i juli. I dei grøne, isfrie områda lengst sør er det ikkje uvanleg med temperaturar over 15 °C om sommaren.

I det sentrale isaude på Grønland er det berre få folk som ferdast, stort sett vitskapsfolk. Her kjem temperaturen sjeldan over frysepunktet, sjølv midt på sommaren, medan vintertemperaturane kan variere frå -20 °C til -60 °C. Dagar med klårvêr er ofte dei kaldaste, medan skya vêr fører til stigande temperaturar.

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Sommarstid regnar det om lag to av tre dagar i sørlege område, medan det vert tørrare jo lenger nord ein kjem. Om vinteren må ein rekne med store mengder snø i kystområda, men av og til kan varm luft frå sør sende temperaturen over frysepunktet. Ofte kjem snøen i lag med kraftig vind, som bles ned sidene av isbreane. Dette kan gje svært ufyselege forhold om temperaturen i utgangspunktet er låg. Nuuk har ein årleg nedbørsnormal på 599 mm der august og september er dei våtaste.

Ein har lite nedbør i indre område av Grønland, men ein kan få periodar med lett snø kvart år. Dette er med på auke den enorme ismassen over Grønland, som inneheld iskjernar som er meir enn 100 000 år gamle. Thule, som ligg i nord på Grønland, har eit klima som er representativt for dei indre områda og har ein normal årsnedbør på berre 67 mm, der juli-september er den «våtaste» perioden med om lag 10-13 mm kvar månad. Frå oktober til juni kjem det totalt berre om lag 20 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://dk.nanoq.gl/Emner/Landsstyre/Departementer/Landsstyreformandens%20Departement/Nyhedsforside/Nyheder_fra_dep_formand/2008/11/Ja_til_selvstyre.aspx
  2. KANUKOKA data frå 17. januar 2009
  • Brøgger, A.W. 1937: Vinlandsferdene. Oslo : Gyldendal.
  • Dansk og engelsk wikipedia
  • Diamond, Jared 2005: Collapse. How societies Choose to Fail or Succeed. London: Penguin Books.