Guernsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 49°27′N 2°33′W

Bailiwick of Guernsey
Bailliage de Guernesey  
Flagg
Riksvåpen
Flagg Riksvåpen
Guernsey på verdskartet
Status Britisk kroneigedom
Førsteminister (chief minister) Peter Harwood
Hovudstad St Peter Port
Offisielt språk Engelsk, fransk, dgèrnésiais
Areal

- % vatn

78 km²

 

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 65 573 (2007)
ca. 836/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .gg
Tidssone UTC 0
Internasjonal telefonkode +44-1481
Nasjonalsong God Save The Queen og Sarnia Cherie


Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey. Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.

Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Guernsey er ein bailiwick (fogdesokn) med dronning Elisabeth II som statssjef. Dronninga er representert i fogdesoknet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Deliberation, som består av fogden (Bailiff), generaladvokaten, generalsakføraren, 45 valte folkerepresentantar og to representantar frå Alderney.

Regjeringa til Guernsey vert leia av ein statsminister valt av States of Deliberation.

Det er ingen politiske parti på Guernsey.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det finst hamner i sokna St Peter Port og St Sampson. Guernsey har òg to flyplassar (Guernsey Airport og Alderney Airport) og 5 km jernbane i Alderney.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over sokn på Gurensey

Administrativt er øya Guernsey delt inn i ti sokn.

  1. Castel
  2. Forest
  3. St Andrew
  4. St Martin
  5. St Peter Port
  6. St Pierre du Bois
  7. St Sampson
  8. St Saviour
  9. Torteval
  10. Vale

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Guernsey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]