Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg namnet Jordan
[endre]
المملكة الأردنية الهاشمية
(Al-Mamlakah al-Urduniyah al-Hashimiyah, Det hashimittiske kongeriket Jordan)

(norsk: Jordan, jordansk)

Det jordanske flagget Det jordanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «As-salam al-malaki al-urdoni»
Geografisk plassering av Jordan
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Amman
Styresett
Monarki
Abdullah II
Abdullah Ensour
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
89 342 km² (111.)
0,01 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
6 508 887 (104.)
72,9 /km² (150.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
25. mai 1946
Nasjonaldag 25. mai
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
33 790 mill. USD (101.)
5 300 USD (115.)
Valuta Jordansk dinar
Tidssone UTC +2
Telefonkode +962
Toppnivådomene .jo


Jordan er eit land i Midtausten. Landet grensar til Syria, Irak, Saudi-Arabia, Israel, og Vestbreidda av Jordanelva.

Jordan er eit monarki, med ei sterk makt lagt til kongen Abdullah II av den hashemittiske kongeslekta. Slekta kan førast attende til profeten Muhammed.

Før sjølvstendet i 1946, var Jordan (då kalla Transjordania) ein del av Palestinamandatet som vart styrt av Storbritannia.

Etter seksdagarskrigen med Israel i 1967 mista Jordan områda vest for Jordanelva. Områda vart okkupert av Israel.

Ein stor del av dei som bur i landet er palestinske flyktningar.

Kong Abdullah II av Jordan

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Jordan ligg mindre enn 150 km får Middelhavet har landet eit tørt klima. Berre dei vestlege åssidene får noko særleg nedbør, enkelte stader så mykje som 800 mm i året, men enkelte regnbyger streifar innom dei austlege ørkenområda eit par gongar kvar vinter. Som i nabolandet Israel, kan dei nordvestlege høgdedraga få episodar med snøfall om vinteren. Sommaren er solrik og tørr over heile landet, og ubønnhørleg varme kan spreie seg vestover frå ørkenområda med ein vind kalla khamsin. Amman har ein årleg nedbørsnormal på 278 mm, men berre 10 av desse kjem i mai og oktober, og ingenting frå juni til september.

Både temperaturen og fukta aukar når ein nærmar seg Raudehavskysten. Her finn ein område som ligg meir enn 350 m under havnivå. Langs kystlinja, og i Riftdalen, som går nordover frå Raudehavet og sørover til Al Aqabah, kan sommarvarmen vere brutal. Temperaturen går sjeldan under 26 °C med høg relativ fukt om natta. Dagtemperaturen ligg normalt over 35 °C, men kan godt gå over 45 °C i juli og august. Dalen kan òg få høge temperaturar om vinteren, men som regel er det meir behageleg her då.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jordan
Spire Denne geografiartikkelen som har med Jordan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.