Andorra la Vella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andorra la Vella
Andorralavella06.jpg
Flagget til Andorra la Vella Byvåpenet til Andorra la Vella
Flagget til Andorra la Vella Byvåpenet til Andorra la Vella
Styresmakter
Land Andorra
Geografi
Flatevidd
 - By

30 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

22 884
  762,8/km²
Koordinatar 43°56′″N 12°26′″EKoordinatar: 43°56′″N 12°26′″E
Høgd over havet 1 023 m
Diverse anna
Heimeside: www.comuandorra.ad
Plassering
Plassering i Andorra
Plassering i Andorra

Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania. Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen.

Hovudnæringen i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.

I byen finn ein fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorianarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.