Bøk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bøk


Bøkeskog
Bøkeskog

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Orden: Fagales
Familie: Fagaceae
Slekt: Fagus
Artar
Bøk, bok
Namn på andre språk
Norrønt Bók
Svensk Bok
Dansk Bøg
Engelsk Beech
Tysk Buche
Fransk Hêtre
Spansk Haya
Russisk Buk (Бук)

Bøk eller bok er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire former av bøk brukt i parkar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.

Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.

Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.

Bøk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetolande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.

Bøk er fylkesblomster i Vestfold.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bøk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]