Krypdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reptilar)
Gå til: navigering, søk
Krypdyr


Ulike krypdyr, snitt av Ernst Haeckel
Ulike krypdyr, snitt av Ernst Haeckel

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Reptilia
Vitskapleg namn
Reptilia

Krypdyr eller reptil er ein klasse virveldyr med ca 8000 artar i 4 ordenar. Dei var dei første virveldyra som utvikla egg som klarte seg utan vatn, og utvikla seg for omkring 300 millionar år sidan.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Krypdyr finst i mange ulike variantar, som alle har det til felles at dei er vekselvarme og har tørr hud kleidd med hornplater eller -skjel. Dei er utbreidd i alle slags biotopar i heile verda, og alle saman (sjølv dei havlevande) pustar med lunger.

Reptilane formeirar seg ved indre befruktning og legg egg. I egga ligg fosteret i ei væskefylt pose med ei amnionhinne og eit læraktig skal utanfor. Nokre artar skjelkrypdyr før levande ungar, men det er fordi egga ligg inne i kroppen (ofte utan skal) heilt til fosterutviklinga er ferdig.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Krypdyra stammar frå amfibiane, som dei skilde seg ut frå for om lag 300 millionar år sidan. Det eldste kjende krypdyret vert kalla Hylonomus og høyrde med i underklassen Anapsida, som vert kjenneteikna av massive hovudskallar utan opningar for anna enn augo, nasebor, munn og ryggrad.

Tidleg i utviklinga skilde klassen seg i tre ulike underklassar. To av dei har overlevd fram til i dag. I tillegg til anapsidane (i dag representert ved skjelpadder) reknar ein med diapsidane (i dag krokodillar, skjelkrypdyr og bruøgler) og synapsidane (som seinare utvikla seg til pattedyra).

Dei mest kjende forhistoriske krypdyra var dinosaurane, som høyrde til diapsidane og døydde ut for 65 millionar år sidan. Det er brei semje om at fuglane utvikla seg frå denne gruppa for om lag 150 millionar år sidan.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hoggorm er eit vanleg krypdyr i Europa, mellom anna i Noreg.
Foto: Alastair Rae

Krypdyr finst i heile verda, men er mest utbreidd i tropiske og subtropiske strok. Ein kan finna dei i dei aller fleste biotopar, frå tørre ørkenar til ope hav. I Noreg finst fem artar: Hoggorm, buorm, firfisle, stålorm og slettsnok. I tillegg førekjem det ein sjeldan gong at havskjelpaddar som uekte karett og havlærskjelpadde driv i land i norske farvatn.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Krypdyra vert rekna som ei parafyletisk gruppe, det vil seie at organismane i gruppa ikkje naudvendigvis er nærare i slekt med kvarandre enn med medlemmar av andre grupper. T.d. er krokodillane nærare i slekt med fuglar enn med andre reptil.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krypdyr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]