Slaviske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utbreiing av slaviske språk

Dei slaviske språka er ei grein av dei indoeuropeiske språka.

Dei slaviske språka har utvikla seg frå urslavisk, ei av dei austlege greinene av urindoeuropeisk. Dei ulike slaviske språka skil seg ikkje så mykje frå kvarandre, og det eldste dokumenterte slaviske skriftspråket, gammalkyrkjeslavisk (frå 900-talet), skil seg dermed sannsynlegvis relativt lite frå urslavisk. Frå gammalkyrkjeslavisk utvikla det seg på 1000-talet ulike variantar, som ein tradisjonelt kallar kyrkjeslavisk. Ein skil da mellom bulgarsk-kyrkjeslavisk, russisk-kyrkjeslavisk, serbisk-kyrkjeslavisk, kroatisk-kyrkjeslavisk og tsjekkisk-kyrkjeslavisk.

Det er tre undergrupper av dei slaviske språka. Dei er austslaviske språk, vestslaviske språk og sørslaviske språk. Dei viktigaste austslaviske språka er russisk, kviterussisk og ukrainsk, dei viktigaste vestslaviske er polsk, tsjekkisk, slovakisk og sorbisk, og dei viktigaste sørslaviske er bulgarsk, slovensk, makedonsk, serbisk, kroatisk og bosnisk.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.