1800-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

< 1800-talet > viser til hundreåret frå 1800 til 1899 i den julianske og den gregorianske kalenderen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av hundretalet såg eit Europa endra av Napoleonskrigane. USA opplevde borgarkrig mellom Nord- og Sørstatane på 1860-talet.

Fleire store rike tok til å gå i oppløysing, som dei spanske og portugisiske imperia i Amerika, Kina, Det osmanske riket. Mogulriket blei heilt utrydda etter det indiske opprøret i 1857. Det britiske imperiet styrkte derimot stillingane sine i India, Afrika, Aust-Asia og Australasia.

Det tysk-romerske riket blei oppløyst ved byrjinga av hundreåret og Det tyske keisardømet oppretta i 1871.

Teknologisk og sosial utvikling[endre | endre wikiteksten]

1800-talet såg ei rekke teknologiske nyvinningar og utbetringar. Det blei lettare å reisa langt gjennom jernbaneutbygging, makadamisering av vegar og ei rekke nye fargreier, som sykkel, bil og dampskip. Betra transport og nye maskinar førte til store endringar i handel, industri, bu- og reisemønster, og vidareførte den industrielle revolusjonen. Noreg opplevde endringar som er blitt kalla Det store hamskiftet.

Kunst og idear[endre | endre wikiteksten]

Romantikken, medrekna nasjonalromantikken, var viktige tanke- og kunstretningar, men 1800-talet såg også utviklinga av realismen, medrekna naturalismen, og impresjonismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 1800-talet
<<   1800-talet   >>

<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.