Oklahoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of Oklahoma
Delstatsflagg for Oklahoma Delstatsvåpen
Kallenamn: Sooner State
Sambandsstaten Oklahoma
Hovudstad Oklahoma City
Største by Oklahoma City
Guvernør Mary Fallin
Offisielle språk Ingen
Storleik 181 196 km²
 - Areal, land 178 023 km²
 - Areal, vatn 3 173 km² (1,8%)
Folketal (2000) 3 450 654
Folketettleik 19,4 /km²
Sambandsstat sidan 16. november 1907
Forkorting OK

Oklahoma (uttalt: /ˌoʊkləˈhoʊmə/)[1] er ein delstat som ligg i den sørleg-sentrale regionen i USA. Oklahoma City er staten sin hovudstad og største by. Med ca. 3,5 millionar innbyggjarar er Oklahoma den 28. mest folkerike staten i USA. Staten blei oppretta frå Indianerterritoriet sine område 16. november 1907, og blei den 46. staten som blei med i unionen. Staten sitt namn skriv seg frå dei to Choctaw-orda okla og humma, som betyr «det raude folk». Namnet blei vald av Allen Wright, sjef for Choctawnasjonen.[2]

Som ein stor produsent av naturgass, olje og mat, baserer Oklahoma seg på dei økonomiske sektorane: luftfart, energi, telekommunikasjon og bioteknologi.[3] Staten sin økonomi er i ein sterk vekstperiode, og Oklahoma er blant dei leiande statane når det gjeld vekst i bruttonasjonalproduktet.[4][5] I tillegg er auken i BNP per innbyggjar tredje størst i landet. Oklahoma City og Tulsa er Oklahomas største økonomiske basar. Oklahoma kan kallast ein urbanisert stat, då heile 60 % av innbyggjarane bur i urbaniserte metropolområde.

Med sine små fjellrekkjer, præriar og austlege skogar, ligg mesteparten av Oklahoma i regionane Great Plains og Ozark Highlands. Sistnemnde er spesielt utsett for torever.[6] Det er folk med tysk, irsk og innfødd amerikansk avstamming som dominerer det etniske biletet i staten, og det blir snakka meir enn 25 innfødde språk i staten, eit tal som overgår alle andre statar.[7] I dag finst det fleire hovudkvarter for indianarstammer i denne staten enn i nokon annan. Oklahoma er lokalisert i eit område kor tre kulturelle regionar møtast, og historisk sett har staten vore ein destinasjon for kvegfarmarar, ein destinasjon for sørlege nybyggjarar og eit stadfesta territorium for innfødde amerikanarar. Religiøst sett er staten ein del av bibelbeltet, eit område kor konservativ evangelisk kristendom har ein dominerande posisjon. Staten er altså kjend for å vere konservativ, men på tross av det har det meir liberale demokratiske partiet meir registrerte stemmar enn det konservative republikanske.

Kjende personar frå Oklahoma[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.