Folkerøystinga om atomkraft i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folkerøystinga om atomkraft i Sverige var ei folkerøysting om i kva grad Sverige skulle satsa på atomenergi, og då særleg atomkraftverk. På svensk språk vert røystinga omtala som Folkomröstningen om kärnkraften. Røystedagen var den 23. mars 1980. I røystinga kunne ein velja mellom tre framlegg, som var gjeve namna Linje 1, Linje 2 og Linje 3. Resultatet vart 18,9% for Linje 1, 39,1% for Linje 2 og 38,7% for Linje 3. Linje 1 var mest positiv til framtidig bruk av atomkraft, linje 2 var ei mellomløysing, medan linje 3 innebar ei nedlegging av atomkraftverka innan ti år og ei auka satsing på energiøkonomisering.

Avgjerda om å skipa til ei folkerøysting var teke i etterkant av Harrisburgulukka i USA i 1979 og med ein veksande opposisjon mot satsing på atomkraft i Sverige. Alle partia i den svenske riksdagen var med på kravet om folkerøysting.

Dei politiske partia i riksdagen sat saman i tre dagar for å formulera framlegga i folkerøystinga. Leiar var statsminister Thorbjörn Fälldin(c). Ingvar Carlsson(s) har i ettertid hevda at han før forhandlinga kom fram til at det logisk sett burde vore fire framlegg. På nei-sida ynskte mange å stenga ned kjernekraftverka med ei gong. Nei-folka var redde for å gå glipp av mange veljarar som syntest at ei brå nedstenging skulle få altfor store økonomiske konsekvensar. Nei-sida samla seg då om eit framlegg som gjaldt avvikling innan ti år (Linje 3). På ja-sida fanst det dei som ynskte å halda fram med satsing på atomenergi. Ikkje noko parti våga å stå for dette synet, og det vart difor ikkje eit eige framlegg i folkerøystinga.

Moderaterna, Folkpartiet og Socialdemokraterna førde forhandlingar for å formulera eit samla ja-alternativ. Atomreaktorane skulle kunna nyttast i si tekniske livslengd, som var rekna å vera 25 år. Forhandlingane braut til slutt saman av di Moderaterna ikkje kunne akseptera nokre tilleggsframlegg. Tilleggsframlegga gjekk på at private ikkje skulle eiga kraftverka, og at privat vinst frå vasskraftverk skulle skattleggjast hardare. Resultatet vart at Moderaterna stod for Linje 1, Folkpartiet og Socialdemokraterna for Linje 2. Centerpartiet, Kds (no Kristdemokraterna) og Vpk (no Vänsterpartiet stilte seg bakom Linje 3.

Etter folkerøystinga avgjorde Riksdagen at alle reaktorar skulle vera stengd ned innan år 2010. Ein rekna at Forsmark 3 og Oskarshamn 3, som skulle tas i bruk først i 1985, hadde ei teknisk livslengd på 25 år. Året 2010 var ikkje formelt ein del av framlegga i folkerøystinga, men vart nytta i kampanjen for Linje 2. Seinare har ein gått vekk frå avgjerda om avvikling innan 2010.

Røysteresultat[endre | endre wikiteksten]

Folkerøystinga om atomkraft i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Län Linje 1 Linje 2 Linje 3 Blanke røyster Sum
Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent Tal Prosent
Stockholms län 230 045 25,41 295 837 32,68 350 942 38,76 28 503 3,15 905 327
Södermanlands län 23 946 16,56 67 192 46,46 48 110 33,27 5 367 3,71 144 615
Östergötlands län 42 343 18,93 95 022 42,49 77 278 34,56 9 011 4,03 223 654
Jönköpings län 29 717 17,06 67 137 38,56 71 314 40,95 5 984 3,44 174 152
Kronobergs län 16 909 17,54 35 669 37,01 40 702 42,23 3 098 3,21 96 378
Kalmar län 23 468 17,30 54 507 40,19 53 568 39,50 4 072 3,00 135 615
Gotlands län 4 161 13,67 10 474 34,41 14 843 48,76 964 3,17 30 442
Blekinge län 15 116 18,12 41 359 49,59 24 141 28,94 2 788 3,34 83 404
Kristianstad län 35 937 23,74 62 629 41,38 47 490 31,37 5 312 3,51 151 368
Malmöhus län 124 584 28,36 190 651 43,40 109 310 24,88 14 745 3,36 439 290
Hallands län 24 695 18,70 45 813 34,69 56 498 42,78 5 059 3,83 132 065
Göteborgs och Bohus län 80 584 19,30 145 791 34,92 177 136 42,42 14 034 3,36 417 545
Älvsborgs län 39 797 16,45 91 748 37,92 101 869 42,11 8 508 3,52 241 922
Skaraborgs län 24 557 16,13 52 248 34,32 70 079 46,03 5 363 3,52 152 247
Värmlands län 25 224 15,02 67 239 41,68 63 929 39,63 4 924 3,05 161 316
Örebro län 21 975 13,79 69 127 43,37 63 162 39,62 5 136 3,22 159 400
Västmanlands län 29 375 20,02 64 666 44,08 46 922 31,98 5 738 3,91 146 701
Kopparbergs län 19 249 11,91 65 725 40,67 71 112 44,00 5 531 3,42 161 617
Gävleborgs län 17 145 10,32 69 911 42,08 74 080 44,59 5 000 3,01 166 146
Västernorrlands län 15 831 10,09 67 923 43,28 68 661 43,75 4 519 2,88 156 934
Jämtlands län 7 250 9,58 31 259 41,30 35 120 46,40 2 058 2,72 75 687
Västerbottens län 13 734 9,81 56 827 40,58 65 938 47,09 3 527 2,52 140 026
Norrbottens län 14 107 9,91 67 948 47,75 56 656 39,81 3 589 2,52 142 300
Heile Sverige 904 968 18,94 1 869 344 39,12 1 846 911 38,65 157 103 3,29 4 778 326