Odessa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°28′00″N 30°44′00″E
Odessa
ukrainsk Одеса, Odesa
by
none  Potemkintrappene
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Odessa oblast
Bykommune Odessa
høgd 40 moh
koordinatar 46°28′00″N 30°44′00″E
Areal 236,9 km²
Folketal 1 003 705 (1. juli 2011)
 - storby 1 191 000
Tettleik 4 237 / km²
Hamn grunnlagd 2. september 1794
borgarmeister Aleksej Kostusev
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 65000–65480
Retningsnummer +380 48
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Odessa
Nettstad: www.odessa.ua

Odessa (russisk Оде́сса) eller Odesa (ukrainsk Одеса) er den tredje største byen i Ukraina med litt over éin million innbyggjarar. Byen har ei stor hamn og ligg ved nordvestkysten av Svartehavet og er det administrative senteret i Odessa oblast. Byen er oppkalla etter ein gresk koloni frå antikken som heitte Odessos.

Føregjengaren til Odessa var ein liten tatarisk busetnad grunnlagd av Hacı I Giray, khanen av Krim-khanatet, i 1240 og opphavleg kalla opp etter han som Hacıbey. Etter ein periode under litauisk kontroll, vart han underlagd Det osmanske riket i 1529 og vart verande her fram til tyrkarane tapte den russisk-tyrkiske krigen i 1792. Byen Odessa vart grunnlagd etter påbod frå tsarina Katarina den store i 1794. Frå 1819 til 1858 var Odessa ei frihamn. Under Sovjetunionen var byen ei viktig handelshamn og ein viktig marinebase.

På 1800-talet var Odessa den fjerde største byen i Det russiske imperiet, etter Moskva, St. Petersburg og Warszawa.[1] Den historiske delen av byen har ein arkiktektur som er meir middelhavsk enn russisk, og har vorte kraftig påverka av franske og italienske stilar. Somme bygjingar er bygd i ei blanding av forskjellige stilar, inkludert Art Nouveau, renessansen og klassisismen.[2]

Odessa er ei isfri anløpshamn og i tillegg til sjølve Odessa ligg òg Juzjne i nærleiken, ein internasjonal viktig oljeterminal. Ein annan viktig hamneby, Illitsjivsk, ligg òg i same oblast, sørvest i Odessa. I lag er dei eit stort transportknutepunkt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Odessa ligg ved Svartehavet ved Odessabukta, kring 31 km nord for estuaret til elva Dnestr og 443 km sør for hovudstaden Kiev.

Plasseringa ved kysten av Svartehavet gjer at byen har ein blømande turistindustri og den kjende Arkadiastranda er ein populær badeplass. Det er òg store sandstrender nord for byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Odessa har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa)[3] nær grensa til kontinentalklima (Dfa) og steppeklima (BSk). Årsmiddeltemperaturen i sjøen er 13-14 ºC, medan temperaturen i havet i august når 23 ºC i snitt.[4] Byen har typisk tørre, relativt milde vintrar, med temperatur sjeldan under -3 ºC. Om somrane kjem det derimot meir nedbør med temperaturar opp mot 30-35 ºC. Byen får stundom snø, men han ligg sjeldan lenge.

Klimadata for Odessa, 1981-2010
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 15.1 18.6 24.1 28.5 33.3 35.6 39.3 38.0 32.4 30.5 26.0 16.3 39,3
Normal maks. temp. °C 2.2 2.7 6.6 13.0 19.5 24.0 27.0 26.5 21.0 15.0 8.4 3.7 14,1
Døgnmiddeltemp. °C -0.5 -0.2 3.5 9.4 15.6 20.0 22.6 22.3 17.2 11.6 5.7 1.1 10,7
Normal min. temp. °C -2.8 -2.6 1.0 6.6 12.1 16.3 18.5 18.2 13.5 8.6 3.2 -1.2 7,6
Kulderekord °C -26.2 -28.0 -16.0 -5.9 0.3 5.2 7.5 7.9 -0.8 -13.3 -14.6 -19.6 -28,0
Nedbør (mm) 34 37 32 27 36 49 45 38 43 34 41 35 451
Normal mengd nedbørdagar 9 7 10 11 12 13 10 8 9 10 13 10 122
Normale månadlege solskinstimar 77.5 81.9 124.0 186.0 263.5 291.0 313.1 300.7 240.0 170.5 78.0 55.8 2 182
Kjelde nr. 1: pogoda.ru,[5]
Kjelde nr. 2: Hong Kong Observatory (sun only).[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Operaen i Odessa.

Odessa vart grunnlagd i 1794 på land som nyleg hadde vorte annektert av Russland frå Det osmanske riket. Då fanst det berre eit fort der.

Då det tyske åtaket på Sovjetunionen byrja 22. juni 1941, låg Odessa i åtaksområdet til den 4. rumenske arméen, som hadde rask framgang mot den sovjetiske 9. arméen. Slaget om Odessa byrja då byen vart nådd 5. august 1941. Sovjetleiinga erklærte Odessa som forsvarssone, der restar av troppane på tilbaketog slutta seg til dei ca 35 000 forsvararane i byen (marine og friviljuge). «Underbyen» (hòleaktige steinbrot) vart bruka til dekning. Forsterka via sjøen kunne garnisonen halde stand mot alle rumenske åtak heilt til oktober. Stoda vart likevel vonlaus på grunn av den tyske framrykkinga mot Krimhalvøya, så Odessa vart evakuert frå 1. oktober. Den sovjetiske svartehavsflåten bringa i dagane fram til 16. oktober 70 000 soldatar og sivile til Sevastopol på Krim.

I mars 1944 fekk den sovjetiske «3. ukrainske front» i oppdrag å rykkje fram til elva Dnestr og gjenerobre Odessa. Frå fleire bruhovud på høgre breidda av elva Søndre Bug gjekk tre sovjetiske arméar i slutten av månaden til åtak på den tyske 6. arméen. Denne kunne berre føre opphaldande defensiv strid, og var truga i ryggen av sterke partisangrupper. Den 10. april måtte tyskarane rømme Odessa og kome seg over på hi sida av Dnestr. Med tapet av denne hamna gjekk det mot slutten for tysk krigføring i Svartehavet.

Under andre verdskrigen var Odessa altså okkupert av rumenske og tyske styrkar frå 1941 til 1944. Byen var frå desember 1941 sete for det rumenske hovudkvarteret for Transnistria. Under okkupasjonstida vart ca 60 000 innbyggjarar myrda eller deporterte, dei fleste av desse var jødar. Særleg ein massakre frå 23. til 25. oktober 1941 må minnast. Ved ein eksplosjon i det rumenske hovudkvarteret i Odessa døydde 61 personar, inkludert ein rumensk general. Den rumenske leiaren, Ion Antonescu, gav etter det ordre om at det skulle drepast 200 jødar eller kommunistar for kvar drepen offiser og 100 for kvar soldat. Frå dette utvikla det seg ein massakre der om lag 30 000 jødar vart drepne.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei største næringane er skips-, petrokjemisk- og stålindustri, pluss oljeraffineri.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Gater og hus ligg spreidde ut på terrasserte åsar omkring ei lita hamn. Arkitekturen i Odessa er sterkt påverka av Frankrike og Italia og gjev eit kontinentalt inntrykk. Staden har alltid ein air av fridom, kanskje på grunn av lokaliseringa og openheita overfor framande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Svensk og tysk wikipedia, artiklar med same namnet 13. juli 2008. Artikkel frå engelsk Wikipedia 9. september 2012.