Mekka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein pilegrim vender seg mot Kaba i Mekka.

Mekka er ein by i Saudi-Arabia og den heilagaste staden i islam. Det var her Muhammed blei fødd og seinare stod fram som Guds sendebod. Muslimar vender seg mot Mekka i bøn, og å vitja byen er ein viktig del av religionen. Under hadj kjem to til tre millionar pilegrimar til Mekka. Ikkje-muslimar er derimot utestengde frå byen.

I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som inneheld den svarte steinen, på den opne plassen inne i moskéen Al-haram.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mekka ligg i Hijaz-ørkenen ikkje langt frå Raudehavet. Også før Muhammed si tid var han ein viktig by. Han låg langs den arabiske handelsvegen for krydder og røykjelse som gjekk sørfrå til Egypt, Jidda, Persiabukta og Mesopotamia.

Mohammed rir mot Mekka.

Muslimsk tradisjon fortel at kjøpmannen Mohammed såg erkeengelen Gabriel i ørkenen utanfor Mekka for første gong i 609. Han tok til å preika den nye religionen islam, men få av dei som budde i Mekka let seg lokka. Til slutt måtte han flykta herfrå til Medina. I 630 kom Mohammed tilbake som leiaren for ein stor muslimsk hær og erobra Mekka. Innbyggjarane måtte konvertera til den nye monoteistiske religionen.

Mekka og islam[endre | endre wikiteksten]

Mekka er sidan denne tida blitt den viktigaste byen i islam. Sidan hendingane i Mekka stammar frå tida før skiljet mellom sjia- og sunniislam er han heilag for begge retningane. Al-haram-moskeen blir rekna som den heilagaste staden i verda.

Ein av dei fem søylene i islam er å vitja Mekka minst éin gong i livet, under hadj. Muslimar som har råd kan vitja byen årleg, men innreisa til landet er blitt avgrensa dei siste åra for å hindra for store folkemengder.

Ei pilegrimsreise til Mekka utanfor hadj-månaden dhu al-hidja er òg ei heilag handling som blir kalla umra.

I Mekka vitjar pilegrimane Kaba, rekna som Guds hus, og den heilage zamzamkjelda. Dei dreg òg gjerne til landsbyen Mina og Arafatåsen i nærleiken.

Mekka og ikkje-muslimar[endre | endre wikiteksten]

Mekka blir rekna som så heilag at byen er forboden for ikkje-muslimar. Likevel har fleire slike lurt seg inn forkledde som muslimar. Ein av dei best kjende er den engelske eventyraren Richard Burton, som tok seg inn i byen i 1835. Han fortalde seinare om opplevingane sine i Personal Narrative of a Pilgrimage to Al Madinah and Meccah.

Ettersom bilde og fjernsynsoverføringar frå byen er blitt vanlege, har fleire ikkje-muslimar fått innblikk i dei tidlegare så hemmelege rituala, slik at mykje av nyfikna dermed er stilla. Namnet på byen blir i dag brukt om ein kva for helst stad som er viktig eller verd å vitja for ei særskild gruppe, til dømes «handle-Mekka».

Tragediar[endre | endre wikiteksten]

Det har vore fleire dødsulukker i samband med dei store menneskemengdene som samlar seg i Mekka under hadj. Den verste skjedde i 1990 då 1 426 blei trampa i hel i ein tunnel. Liknande ulukker i 1994, 1998 og 2004 drap 270, 180 og 251 kvar. Styresmaktene i Saudi-Arabia prøver å hindra fleire slike hendingar ved å setja grenser for kor mange som får vitja landet og overvaka folkemassane under hadj. Likevel kan det stadig skje ulukker, som i 2006, då eit blokkhus fall saman og drap 76.

Mekka har òg vore utsett for terrorisme og religions-politiske demonstrasjonar. I 1989 drap bomber i Al-haram-moskeen éin pilegrim medan samanstøytar mellom antivestlege demonstrantar og saudiske tryggingsstyrkar førte til at rundt 400 døydde.

Kjender folk frå Mekka[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mekka