Henry David Thoreau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henry David Thoreau

Henry David Thoreau (12. juli 18176. mai 1862) var ein USA-amerikansk forfattar, natur- og samfunnsfilosof. Han var fødd i Concord i Massachusetts og døydde same stad.

Thoreau var son av ein blyantfabrikant og studerte frå 1833 til 1837 ved Harvard-universitetet. Deretter underviste han i kort tid ved Concord Academy, men vart oppsagt då han avslo å straffe elevane korporleg.

I 1838 starta han og broren John eigen privatskule i heimbyen. Då broren vart plaga og seinare døydde av ein skjelettsjukdom, vart skulen stengt. Ved desse leite vart Thoreau kjend med poeten og unitar-leiaren Ralph Waldo Emerson. Åra 1841-43 budde og arbeidde Thoreau tidvis (med ulike gjermål) heime hos Emerson.

Påverka av Emerson utvikla Thoreau særeigne synspunkt på tidsånda og samfunnsskipnaden. Mellom anna kritiserte han den moderne materialismen. Kritikken fylgde han mellom anna opp med handling. Den 4. juli 1845, på den amerikanske sjølvstende-dagen, flytta Thoreau til ei sjølvbygd tømmerhytte nær ved Concord. Hytta låg ved Walden-vatnet, på grunn eigd av Emerson. Her levde Thoreau fram til 6. september 1847 heilt åleine. Men ikkje avsondra frå samfunnet elles.

Walden frå 1854.

Boka Walden. Or life in the woods (norsk Walden: Livet i skogene), som kom ut 1854, er ei litterær handsaming av opplevingar og erfaringar gjennom det drygt to år lange opphaldet ved Walden-vatnet. Dels er verket ei skildring av forfattarens enkle liv ved vatnet og i naturen, dels er det eit grunnsøk i menneskets åndelege og sosiale praksis. Boka vann lite åtgaum, men er i dag rekna som eit klassisk verk innanfor USA-amerikansk litteratur.

I juli 1846 vart han kravd for seks år uteståande koppskatt. Thoreau nekta å betale skatten. Han grunngav dette med at han ikkje ville understøtte den USA-amerikanske regjeringa, korkje med omsyn til slaveriet eller med den ekspansive Mexico-krigen. Kring 24. juli vart han fengsla, men vart sleppt ut etter eit døgn i fangenskap. Ei tante hadde betalt skulda, mot Thoreau sin vilje.

Sterkt påverka av opphaldet i fengslet forfatta Thoreau essayet Resistance to Government (trykt i 1849), seinare best kjent under nemninga Civil Disobedience. Essayet har fått status som eit standardverk og har gitt namn til omgrepet sivil ulydnad. Ideane om å fylgje sitt samvit og passiv (valdsfri) motstand mot ein urettvis stat, tente som inspirasjonskjelde for politiske og sosiale aktivistar og reformatorar som Leo Tolstoj, Mahatma Gandhi og Martin Luther King jr.

Frå 1849 tente Thoreau til livsopphaldet sitt som vekselvis landmålar, foredragshaldar og han arbeidde på familiens blyantfabrikk.

I 1857 vart han kjend med den militante slaverimotstandaren John Brown. Denne og hans tilhengarar førte ein privat, valdeleg kamp mot slaveriet: Brown vart for dette hengd i 1859. Sjølv om Thoreau heldt på og foretrakk valdsfri motstand, uttrykte han i skrift og dikt stor respekt for John Brown, som han fann likna Jesus Kristus.

Thoreau hadde fått føling med tuberkulose i 1835. I 1859 vart han bronkittsjuk etter ein tur til skogs. Dei siste tre åra han levde var han mykje sengeliggjande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Henry David Thoreau
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!