El Salvador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de El Salvador

(norsk: El Salvador, salvadoransk)

Det salvadoranske flagget Det salvadoranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Saludemos la Patria orgullosos»
Motto Spansk: Dios, Unión, Libertad (Gud, eining, fridom)
Geografisk plassering av El Salvador
Offisielle språk Spansk1
Hovudstad San Salvador
Styresett
Republikk
Salvador Sánchez Cerén
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
21 041 km² (150.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
6 090 646 (106.)
289,5 /km² (22.)
Sjølvstende
Frå Spania
15. september 1821
Frå Den sentralamerikanske føderasjon 1842
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
43 980 mill. USD (92.)
7 300 USD (104.)
Valuta Amerikansk dollar og colon
Tidssone UTC -6
Telefonkode +503
Toppnivådomene .sv

1 Pipil er eit indiansk språk og ein reknar med at det er mindre enn 50 personar som talar språket i dag. Språket er nesten dødt ut. Pipil vert rekna til den uto-aztekiske språkgreina.

El Salvador (sp. tyder 'frelsaren') er ein republikk (offisielt namn: República de El Salvador) som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala, Honduras og i Fonsecabukta mot Nicaragua. Landet har berre kyst mot Stillehavet. Landet har ein folkesetnad på kring 6,9 millionar menneske og har den største folketettleiken i regionen. I før-spansk tid var dette området kjent som Cuscatlán (frå pipil-språk og tyder 'Land av vakre edelsteinar').

Kart over El Salvador
(trykk på biletet for større versjon)

Historie[endre | endre wikiteksten]

El Salvador før spansk herredøme[endre | endre wikiteksten]

I nærleiken av Chalchuapa (departamento Santa Ana) i den vestlege delen av El Salvador er det funne steinskulpturar frå Olmek-kulturen, desse daterer seg til om lag 2000 år f. Kr.

I utkanten av den vesle byen Chalchuapa finn ein prov på at Maya-kulturen var til stades, her finn ein pyramiden Tazumal. Liknande Maya-pyramidar finn ein også i San Andrés.

1524: Conquistadorane og erobringa av El Salvador[endre | endre wikiteksten]

Pedro de Alvarado (1495–1541) var den fyrste conquistadoren som nådde området som me i dag kjenner som El Salvador. Han leia ein ekspedisjonsstyrke som prøvde å ta seg inn i området frå Guatemala, men han vart møtt med kraftig motstand frå Pipil-folket. To påfylgjande ekspedisjonar i 1525 og 1528 måtte til for å leggja under seg Pipil-folket og dei allierte Maya-språklege stammenaboane deira.

Kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste initiativet til frigjeringa av El Salvador frå Spania kom i 1811. Ropet om sjølvstende kom frå kreoleliten. Mange intellektuelle og handelsmenn hadde gått lei av den overstyrande kontrollen som Spania framleis hadde over koloniane, og dei var svært interessert i å utvida eksportmarknaden til England og USA. Urfolkesetnaden sitt opprør mot spansk herredøme var sterk på denne tida, og dei vart tolka av dei republikanske fraksjonane som å tena deira interesser og syna at det var eit folkekrav at El Salvador kunne bli republikk. Det voks fram ei rørsle blant kreolane (sp. criollo) og mestizane (sp. mestizo). Folkekravet i sjølvstendeerklæringa 1811 feila då viseguvernøren av Guatemala sendte troppar til San Salvador for å slå ned rørsla. Men folkekravet døydde ikkje og fleira av menneska bak 1811-rørsla var del av 1821-rørsla.

El Salvador var fram til 1821 spansk koloni, før dei og resten av Den sentralamerikanske føderasjonen frigjorde seg frå spansk styre den 15. september d.å. Den sentralamerikanske føderasjonen vart stifta i 1823 av El Salvador, Guatemala, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1842 var det slutt med føderasjonen og El Salvador blei ein sjølvstendig stat.

1932 «La Matanza»[endre | endre wikiteksten]

Den 2. desember 1931 vart president Arturo Araujo kasta frå makta i eit militærkupp leia av general Maximiliano Hernandez Martinez.

1969 Krigen med Honduras[endre | endre wikiteksten]

Borgarkrig 1980 - 1992[endre | endre wikiteksten]

I 1992 blei ein 12 år lang borgarkrig mellom regjeringa og opprørarar avslutta. Krigen hadde då kosta 75 000 menneske livet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Administrative politiske einingar[endre | endre wikiteksten]

El Salvador er delt inn i 14 departement (sp. departamento). Mange av dei tidlege statsmennene i El Salvador var av fransk opphav, til dømes statsmennene Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842) og Gerardo Barrios (1813 - 1865). Inndelinga i departement har opphav i fransk statstradisjon.

El Salvador departments numbered.png
  1. Ahuachapán
  2. Cabañas (sp. 'små hytter')
  3. Chalatenango
  4. Cuscatlán
  5. La Libertad (sp. 'fridomen')
  6. La Paz (sp. 'freden')
  7. La Unión (sp. 'unionen')
  8. Morazán (oppkalla etter Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842))
  9. San Miguel
  10. San Salvador
  11. San Vicente
  12. Santa Ana
  13. Sonsonate
  14. Usulután

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Natur og miljø[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Stillehavskysten vert gradvis varmare og fuktigare jo lenger sør ein kjem. San Salvador ligg i ei høgd på om lag 680 m, og sjølv her kjem temperaturen ofte over 30 °C i regntida, og over 34 °C i den tørre tida om vinteren. San Salvador har ein årleg nedbørsnormal på 1778 mm. Frå november til april har dei fleste områda regn mindre enn ein gong kvar andre eller tredje veke, bortsett frå kysten av Det karibiske havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El Salvador

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Borgarkrigen 1980 - 1992[endre | endre wikiteksten]

  • Stensrud, Lise (1982). El Salvador - "Frelserens land". Cappelen Forlag. ISBN 82-02-09042-3. Språk: Norsk (bokmål)

Mot demokrati - etter 1992[endre | endre wikiteksten]

  • Williams, Phillip J. og Walter, Knut (1997). Militarization and Demilitarization in El Salvador's Transition to Democracy. University of Pittsburgh Press. ISBN 0-8229-5646-2

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

  • Dickey, Donald R. og Rossen, A. J. van (1938). The birds of El Salvador. I serien: Field Museum of Natural History. Zoological series ; vol. 23(1938) Field Museum of Natural History. Språk: Engelsk.
  • Mertens, Robert og Zilch, A. (1952). Die Amphibien und reptilien von El Salvador, auf Grund der reisen / von R. Mertens, A. Zilch. I serien: Abhandlungen der Senckenbergischen Naturforschenden Gesellschaft ; 487. Trykt: Frankfurt am Main : W. Kramer, 1952. Språk: Tysk.

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

  • Roach, Mary (1997). "New World Pompeii". Trykt i tidsskriftet: DISCOVER Vol. 18 No. 02 i 1997. Språk: Engelsk. Kommentar: Artikkelen handlar om utgravinga ved Joya de Cerén. Staden er kjent som Latin-amerikas Pompeii. Det unike med staden er at den dokumenterer dagleglivet i ein Maya-landsby. Landsbyen vart dekkja av vulkansk lava og oske ved eit utbrot for 1400 år sidan.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

  • Gomez-Beloz, Alfredo et. al. (2003). "Double incision wound healing bioassay using Hamelia patens from El Salvador".

Trykt i tidsskriftet: Journal of Ethnopharmacology 88. s. 169 - 173. Språk: Engelsk.

Samtidshistorie[endre | endre wikiteksten]

  • Landolt, Patricia et. al. (1999). "From Hermano Lejano to Hermano Mayor: the dialectics of Salvadoran transnationalism". Trykt i tidsskriftet: Ethnic and Racial Studies Volume 22 Number 2. mars 1999. s. 290 - s. 315. Språk: Engelsk.