Uruguay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República Oriental del Uruguay

(norsk: Uruguay, uruguayansk)

Det uruguayanske flagget Det uruguayanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Orientales, la Patria o la tumba»
Motto spansk: Libertad o Muerte (Fridom eller død)
Geografisk plassering av Uruguay
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Montevideo
Styresett
Republikk
Tabaré Vázquez
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
176 215 km² (90.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
3 316 328 (133.)
18,8 /km² (156.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Brasil
25. august 1825
28. august 1828
Nasjonaldag 25. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
47 800 mill. USD (90.)
13 600 USD (66.)
Valuta Uruguaisk peso
Tidssone UTC -3
Telefonkode +598
Toppnivådomene .uy


Uruguay er ein republikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Argentina og Atlanterhavet. Landet er det nest-minste landet i Sør-Amerika og er eit av dei mest politisk og økonomisk stabile.

Namnet Uruguay kan vere samansett av dei indianske orda uru, som tyder fugl, og guay, som tyder hale, som òg er namnet på ein fugleart som var svært vanleg i Uruguay.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landet var ein del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay vart sjølvstendig i 1828. I kolonitida vart området kalla Banda Oriental, det vil sei austbreidda av elva Uruguay.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Som eit spanskspråkleg land i Latin-Amerika, har dei fleste uruguayarar ein spansk-kulturell bakgrunn, sjølv om om lag ein fjerdedel av befolkninga har italiensk bakgrunn. Rundt 88 % av befolkninga har hovudsakleg europeisk bakgrunn medan mestisar (8 %) og mørkhuda (4 %) er dei største etniske minoritetane.

Av religiøs tilknytting er 66 % rekna som katolikkar, 2 % som protestantar (2 %) og 1 % som jødar. 31 % er noko anna. Kyrkje og stat er offisielt fråskilde.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Uruguay har eit mildt, fuktig, subtropisk klima med nedbør i alle årstidene. Den kaldaste månaden er juli, med ein snittemperatur på 10–13 °C, medan den varmaste er januar, med ein snittemperatur på 22–25 °C. Årsnedbøren varierer mellom 900 og 1 300 millimeter. Framstøyt av kald luft frå sørvest (pamperos) kan stundom gje kraftige byer og sterke temperaturfall.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Heile den sørlege delen av Uruguay er lågland. Innlandet er for det meste samansett av småkupert bakkeland som ligg 200–300 m.o.h. Den høgaste toppen er 540 m. Det meste av landet er dekt av grassletter, sokalla pampas. Langs elvebreiddene veks det spreitt skog, og i dei sørlegaste områda finst somme område med savanne.

Departement[endre | endre wikiteksten]

Departments of Uruguay (map).png

Uruguay består av 19 departement (departamentos):

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uruguay