Bellingshausenhavet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bellingshausenhavet er eit havområde langs vestsida av Den antarktiske halvøya, vest for Alexander Island, aust for Cape Flying Fish på Thurston Island, og sør for Peter I Øy.[1] I sør ligg, frå vest til aust, Eights Coast, Bryan Coast og vestlege område av English Coast i Vest-Antarktis. Vest for Cape Flying Fish ligg Amundsenhavet.
Bellingshausenhavet har eit areal på 487 000 km² og er på det djupaste 4470 meter.[2]
Havområdet er kalla opp etter admiral Fabian Gottlieb von Bellingshausen , som utforska området i 1821.
Seint i pliocen, for kring 2,15 millionar år sidan, landa Eltanin-asteroiden her. Dette er det einaste kjende nedslaget på djupt hav i verda.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bellingshausen Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bellingshausenhavet» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ Australian Antarctic Data Centre, Antarctic Gazetteer: Bellingshausen Sea
- ↑ Gazetteer «About countries»: Bellingshausen (sea)
- ↑ Gersonde, Rainer; F. T. Kyte, T. Frederichs, U. Bleil, H.-W. Schenke, G. Kuhn, Frank T. (2005). «The late Pliocene impact of the Eltanin asteroid into the Southern Ocean – Documentation and environmental consequences». Geophysical Research Abstracts 7. 1607-7962/gra/EGU05-A-02449.