Hertugdømet Livland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ducatus Ultradunensis (la)
Pārdaugavas hercogiste (lt)
Hertugdømet Livland
Vasall under Storhertugdømet Litauen
seinare under Den polsk-litauiske realunionen
Baltic coat of arms
15611621 Naval Ensign of Sweden.svg
 
Polish-Lithuanian Commonwealth
Plasseringa til Livland, hertugdømet
Den polsk-litauiske realunionen med dei største underinndelingane etter Freden i Deulino i 1618 oppå dagens landegrenser. Livland er her i mør grå. Dansk og svensk Estland er grøn.
Hovudstad Wenden (Cēsis)
Språk Livisk, latvisk, estisk
Religion Lutheranisme, Romersk-katolsk
Styreform Fyrstedøme
Storhertug av Litauen og Konge av Polen
 - 157375 Henry III de Valois
 - 157686 Stefan Batory
 - 158832 Sigismund III Vasa
Hertug av Livland
 - 156187 Gotthard Kettler
Guvernør
 - 156678 Jan Hieronimowicz Chodkiewicz
Historisk periode Tidleg moderne periode
 - Wilnopakten 28. november 1561
 - Den polsk-svenske krigen 162022
 - Altmarktraktaten 25. september 1629
 - Den første delinga av Polen 5. august 1772

Hertugdømet Livland (latin Ducatus Ultradunensis; latvisk Pārdaugavas hercogiste) var eit område i Storfyrstedømet Litauen og seinare Den polsk-litauiske realunionen, som eksisterte frå 1561 til 1621.

Livland hadde vore ein del av storfyrstedømet frå 1561, sidan Klosterstaten til Den tyske-riddarordenen vart sekularisert i Wilno-pakten og Det liviske forbundet vart oppløyst i dei liviske krigane. Delar av Livland vart ein del av Hertugdømet Kurland og Semigalia, medan dei sørvestlege delane av dagens Estland og nordaustlege delar av Latvia, vart avstått til Litauen. Gotthard Kettler var den første herskaren i området.

I 1566 vart Hertugdømet Livland oppretta og Unionavtalen mellom landeigarane i Livland og styresmaktene til Litauen. Jan Hieronimowicz Chodkiewicz vart den første guvernæren og hertugen (156678). Han vart ein provins i Storfyrstedømet Litauen fram til 1569. Etter Lublinunionen i 1569 vart han ein del av eit kondominat med Kongedømet Polen og Storfyrstedømet Litauen.

Delar av hertugdømet vart erobra av Sverige under den polsk-svenske krigen og erobringane deira vart respektert i Altmarktraktaten i 1629. Realunionen haldt på dei austlege områda av Hertugdømet som fekk namnet Inflanty, fram til den første delinga av Polen i 1772, då det vart annekert av Katarina den store sitt russiske keisardøme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]