Malakkasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malakkasundet mellom Malakkahalvøya i nord og øya Sumatra i sør

Malakkasundet er eit smalt havområde i Indiahavet som ligg mellom øya Sumatra i sør og Malayahalvøya i Søraust-Asia. Sundet grensar til landa Indonesia i sør, og Malaysia og Singapore i nord. Det strekker seg aust-vest og er 800 km langt. På det smalaste er sundet 2,5 km breitt. Sundet munnar i aust ut i eit randhav til Stillehavet.

Malakkasundet er verdas mest trafikkerte farvatn med ca 50 000 skipspasseringar i året. Transporten gjennom sundet utgjer nær ein ¼-part av den totale utanrikshandelen i verda. Perioden 1995-2005 var sjørøveri til stor plage for skipstrafikken, med opptil over 200 årlege kapringar. Sidan har kyststatane i området forsterka patruljeringa av sundet, og sjørøveriet har minka mykje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]