Stillehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stillehavet
Ein atoll i Kiribati i Stillehavet

Stillehavet er eit av verdshava. Med ei flatevidd på om lag 180 millionar km² (med randhav) dekker det halvparten av havflata i verda, og er dermed det aller største havet. Stillehavet grensar mot Sørishavet i sør og møter Atlanterhavet i nord gjennom Beringsundet. Det var Fernando Magellan som gav havet namnet sitt då han runda sørspissen av Amerika i 1521 og opplevde eit svært roleg hav.

Land i Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

Stillehavet er omkransa av kontinenta Asia, Amerika og Australia. Det har òg eit utal spreidde småøyar som er danna av vulkanar eller korallrev. Saman med større øyar og det australske kontinentet utgjer desse verdsdelen Oseania.

Djupner[endre | endre wikiteksten]

Stillehavet har store djupner, store delar av det når ned 4 000 meter under havet. Øyane i havet ligg oppå smale vulkanske ryggar som ofte har svært djupe renner ved sida av seg. Rennene kan vera frå 5 000 til 11 000 meter djupe frå havoverflata. I ei av dei finn med det lågaste punktet i havet, Marianegropa, som ligg 10 924 m under havet.

Havstraumar[endre | endre wikiteksten]

Kalde straumar austover, som Californiastraumen og Perustraumen, gjer den austre delen av havet kaldare enn den vestre. Varme ekvatorialstraumar vestover gjer at overflatetemperaturen i denne delen kan nå 30 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]