2.4.2005
Vi prøver å fortelje om alt som hender i målrørsla og om målsaka. Det er ei vanskeleg oppgåve, og vi må lite på innspel frå dykk der ute. Send oss tips!
Nynorsk kultursentrum arbeider for å få laga eit allment nynorsk leksikon på Internett. No manglar det 21 millionar kroner for få til prosjektet, skriv Utdanning.
Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
Endeleg har Noregs Mållag og Kringkastingsringen fått gjennomslag for eit viktig krav: det blir no påbod om minst 25 prosent nynorsk i alle aviser som får pressestønad. Det er etter det vi skjønar gjennom EØS-avtala at Kulturdepartementet har kunna gjera framlegg om dette. Les meir hjå Dagsavisa eller Kampanje. (hugs kva dag det er i dag...)
Lagt ut 1.4.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
- Innvandrarar som buset seg i fylke som har nynorsk som hovudmål, bør få opplæring i nynorsk, og ikkje som i dag i bokmål, seier bystyrerepresentant i Oslo Reza Rezaee. På landsmøtet til SV gjer han framlegg om at dette punktet bør med i partiprogrammet. Les meir i Utdanning.
Lagt ut 1.4.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Utdanningsminister Kristin Clemet vart inspirert under opninga av Senter for nynorsk i opplæringa i går: No vil ho at alle talar, brev, meldingar, e-post o.l. frå departementet skal vere skrive på nynorsk, fortel Utdanning.
Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
Etter at Sandnes kommune tapte rettsaka med Mållaget om språkblanda klasser, tek dei nye grep: Ei politisk heilomvending gjer at det gamle kinobygget no blir base for eit nynorsksenter, skriv Sandnesposten.
Lagt ut 1.4.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
Fleire kvenar i Noreg krev at kvensk blir eit eige skriftspråk. I ein kronikk i Nationen i dag åtvarar Olav Beddari mot dette; kvenane bør framleis skrive finsk, meiner han.
Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
Sogn og Fjordane er eit område språkforskarane trur vil bli fullstendig dominert av skarre-r-en. Mykje av påverknaden kjem frå Florø, som har vore skarrande i meir enn hundre år, skriv Sogn Avis og Firdaposten.
Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
- Gjerstaddialekta fungerer godt, ikkje berre lokalt, men òg ute i den store verda, seier leiaren i Gjerstad historielag, Olav Ulltveit-Moe. Dei lanserte nett ei bok om Gjerstadmålet, fortel Aust-Agder Blad.
Lagt ut 31.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet opna i dag det nye nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa. Les meir om senteret på nynorsksenteret.no.
Omtale i media:
Lagt ut 30.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
«Det sjølvsagde kravet må vere at på alle nivå i andrespråksopplæringa må ein få det same læremiddeltilbodet på nynorsk som på bokmål. Først då vil det verte eit reelt val mellom dei to målformene,» skriv Hilde Osdal ved Høgskulen i Volda i Sunnmørsposten.
Lagt ut 30.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka
|
Tips ein ven
Truleg kan me takka Ivar Aasen for dette, men det har snart gått tre år sidan Radio Røynda kravde fast plass i Noregsglaset på NRK P1. I kveld debuterer dei i fjernsynet. Les meir om dette hjå Nynorsk kultursentrum eller på NRK.no.
Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Synnøve Midtbø Myking (20) frå Knarvik vart like før påske vald til ny leiar i Norsk Målungdom. Strilen har intervjua den påtroppande leiaren, og du kan lesa intervjuet her.
Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Informasjonssjef i Posten Norge as, Eivind Rossen, meiner at Posten i prinsipp fylgjer mållova og har om lag 25 prosent nynorsk i sin kundeinformasjon. Likevel, dei 15 variantane av kundeinformasjon som ein finn på Posten i dag er alle på bokmål, skriv Jakob Thingnes. Les meir i Bergens Tidende.
Lagt ut 29.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Heimepåske? Kva passar vel då betre enn eit solid, velsmakande påskeegg frå Språkrådet? Eller kanskje er institusjon-en sine eigne kalorifattige påskenøtter å føretrekkje? God påskeaftan!
Lagt ut 26.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka
|
Tips ein ven
Nordnorske skodespelarar ynskjer at det vert meir dialekt i teiknefilmane. Les meir på Siste.no.
Lagt ut 25.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
6. april disputerer Knut Olav Åmås over "Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge" ved Universitetet i Bergen. Både prøveførelesingane og disputasen er opne for publikum. Les meir hjå Universitetet i Bergen. Her kan du lesa bokmeldingar:
Lagt ut 24.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
30. mars opnar det nye "Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa" ved Høgskulen i Volda. Den høgtidlege opninga blir gjort av statsråd Kristin Clemet. Les meir hjå Høgskulen i Volda og Nynorsksentret.
Lagt ut 24.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Nynorsk.no-redaksjonen ynskjer lesarane ei fredeleg og avslappande påskehelg. Vi rår de alle til å lese ei riktig god nynorskbok for å få timane til å gå. De kan høyre Radio Røynda om påskekrim i eit tri år gammalt opptak hjå NRK.
Lagt ut 24.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka
|
Tips ein ven
Frå tid til annan har Sondre Bratland vore innom køntrimusikken i ein lang karriere, fleire gonger med eit visst hell, med flott song, gode melodiar og fine tilstellingar, skriv Egil Mikkelsen i ei platemelding av "Syng meg heim" i Bergens Tidende.
Lagt ut 24.3.05 av Mats Indrefjord Høllesli
Gå til saka
|
Tips ein ven
- Sandnes kommune spelar høgt når dei no prøver å sabotere dommen frå Sandnes tingrett om å slutte med ulovleg blanding av nynorsk- og bokmålsklassar, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.
Her fylgjer resten av fråsegna:
Sandnes kommune vart dømt i form av førebels avgjerd "midlertidig forføyning") som tilseier at domen er gjeldande frå rettsdatoen og fram til noko anna er rettsleg fastslege.
No har Sandnes kommune gjeve melding om at ein vil anke domen frå Sandnes tingrett. På den bakgrunnen har foreldre til elevar ved Figgjo skole fått melding om at skulen vil halde fram blandinga av nynorsk- og bokmålsklassar. - Denne framgangsmåten held ikkje juridisk, seier leiaren i Noregs Mållag. Ein kan ikkje gå vekk frå ei mellombels avgjerd før ein har fått ein annan dom. - Anten manglar Sandnes kommune elementær juridisk kunnskap eller så er ein ufatteleg frekk, seier Endre Brunstad.
Mållaget får støtte av professor i jus ved Universitetet i Bergen, Kåre Lilleholt. - Dersom ikkje noko anna er sagt i rettsavgjerda, skal ei mellombels avgjerd gjelde med ein gong.
For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175, eller professor i jus Kåre Lilleholt, telefon 997 15 468.
Årsmøtet til Oslo SV har vedteke at dei ynskjer å avbryte heile sidemålsforsøket i Oslo. - Forsøket held ikkje faglege mål, seier årsmøtet i ei fråsegn.
Her fylgjer heile fråsegna:
Fleirtalet i bystyret vedtok i 2004 å setja i gang eit forsøk med valfri skriftleg sidemålsundervisning. Vilkåret for å sejta i gang forsøket var at det skulle gjennomførast eit forskningsprosjekt for å evaluera verknadene av forsøket. Alle fagmiljø i Noreg har svart nei til å evaluere forsøket. No har Universitetet i Gøteborg også gitt opp. Årsaka er eintydig: Forsøket held ikkje fagleg mål.
Mange elevar er negative til sidemål allereie før dei får det i 8. klasse, og møter gjerne ein umotivert lærar som gruar seg til å ta fatt på temaet. Nynorskundervisninga er mange stader for dårleg. Oslo SV ønskjer å snu denne utviklinga. I staden for å diskutera korleis ein kan hiva nynorsken ut av osloskulen så fort som mogleg, vil vi spørja: Kvifor får elevane dårlege karakterar i faget? Korleis kan ein gjera sidemålsundervisninga betre?
I Bærum har dei gått motsett veg. I staden for å ta bort det vesle som finst av sidemålsundervisning, har dei styrkt faget både gjennom etterutdanning av lærarar og utprøving av nye undervisningsmetodar.
På Holmlia skule i Oslo har dei òg gått andre vegen: Elevane møter nynorsk i andre fag enn norsk, og resultatet er at elevane både blir flinkare i og får meir positive haldningar til nynorsk.
Det skal lite til for å endre det faglege nivået og haldningane til nynorsk hjå skuleelevane. Når føresetnaden for forsøket ikkje er oppfylt, bør det avviklast og bli erstatta med t.d. forsøk tilsvarande dei som blir gjennomført i Holmlia og Bærum.
Lagt ut 22.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Over eit halvt år brukte Det medisinske fakultet ved NTNU på å laga eit nynorsk vitnemål utan skrivefeil. Men tittelen var skriven på korrekt latin. Dette skriv Universitetsavisa.
Lagt ut 22.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Den nye leiaren i Målungdomen er ute med kritikk av "Hundreårsmarkeringen" i høve 1905-jubileet. Dei som skal markere 100 år som sjølvstendig stat vil berre feire "Norge" og ikkje Noreg! Les meir hjå Bergens Tidende.
Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Rogaland gjer mykje ut av seg i den nyvalde leiinga i Målungdomen. Med to i sentralstyret og fem i landsstyret må det vera fylket med sterkast representasjon. Det likar vi, og det gjer òg Stavanger Aftenblad.
Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Østfold er ikkje det fylket som er mest vidgjeti for nynorskoppslutnaden, men Østfold Mållag har eksistert i mange år. No er Østfold Målungdom på plass òg, les meir hjå Fredriksstad Blad.
Lagt ut 22.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Astrid Versto er tilsett som ny informasjonssjef på Slottet. Ho seier til Budstikka at ho reknar med å halda fram med å bruka språket sitt i den nye jobben. Les meir i Budstikka.
Lagt ut 21.3.05 av Ragnhild Bjørge
Gå til saka
|
Tips ein ven
Den nynorske forfattarheltinna Olaug Nilssen (ja, vi er glade i deg!) kjem med ny essaysamling denne våren og roman til hausten, skriv Bergens Tidende.
Lagt ut 21.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
NMU skipa til landsmøte denne helga, og kring 50 utsendingar og observatørar var samla i Oslo. Det vart vald nytt sentral- og landsstyre, og politikken for den kommande perioden vart meisla ut: Sidemål og kamp for nynorsk i media blir dei viktigaste sakene.
Nytt sentralstyre i NMU:
Sentralstyret er mest sannsynleg det yngste nokon sinne, med ein snittalder på 20,8 år.
Les meir om landsmøtet hjå NMU, pressemeldinga om det nye sentralstyret eller artikkelen Nettavisa har frå landsmøtet.
Lagt ut 20.3.05 av Erik Bolstad
Gå til saka
|
Tips ein ven
I denne kommentaren problematiserer Bjørn Kvalsvik Nicolaysen alt som har skjedd rundt sidemålsforsøket i Oslo. NIFU Step som tidlegare sa nei til å evaluere, er no involvert igjen. Les meir hjå Dag og Tid.
Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Norsk Journalistlag ynskjer ikkje å kjempe for rettane til journalistar som vil skrive nynorsk i riksavisene. Det seier leiar Ann-Magrit Austenå til Klassekampen.
Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Det lurar bokbransjen på, etter at moderniseringsministeren og Konkurransetilsynet har teki over ansvaret for norsk litteraturpolitikk. Les meir hjå Klassekampen.
Lagt ut 18.3.05 av Vidar Lund
Gå til saka
|
Tips ein ven
Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Målungdom og Noregs Mållag har for sidemålsundervisninga.
Til hausten er det tid for semesterregistrering for alle studentar att. Hugs å registrere deg på nynorsk - det er viktig å vise at det er mange nynorsbrukarar på universiteta og høgskulane!
Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!
Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.
Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!
Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.
Opphavsrett © 1997 - 2005 Norsk Målungdom og kjeldene som er siterte i klypptenesta.
Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.
Sidene er tilpassa ulike funksjonshemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.
Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!