onsdag 27. september, nr 21 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

kultur

Utstillinga folk elskar å hate

Sissel Blystad har vore med på Haustutstillinga 14 gonger. Jon Løvøen er debutant i år. Ho er lei av kunst, han er eigentleg ikkje så interessert.

Engasjement. Veteranen Sissel Blystad har enno sterke meinigar om Haustutstillinga. Her i samtale med Jon Løvøen.
Foto: ÅSTA YTRE

På trappa utanfor Bergen Kunstmuseum sit Sissel Blystad (56). Ho har akkurat sett på årets Haustutstilling og er eigentleg litt sint. Rundt hjørnet kjem Jon Løvøen (26) syklande med alle hårstrå på plass og royalt slips rundt halsen. Me finn det varmaste rommet i bygningen, plasserer dei på klappstolar og startar samtalen.
– Bergen Kunstmuseum er ikkje eit like ideelt utstellingslokale som Kunstnernes Hus i Oslo. Dei lange korridorane og små romma gjer det uoversiktleg og rotete. Dessutan blir det trangt og varmt, seier Sissel.
Jon tykkjer det er fint å ha sitt eige, lille videorom, men er einig i at eit meir ryddig lokale ville passe betre.

Nyskapande?
Jon er no halvveges i utdanninga ved Kunstakademiet og er ein av fire derifrå som er med på årets
utstilling. Då Sissel gjekk på Kunst-og Handtverksskulen, var det vanleg å vente til ein var ferdig med
utdanninga før ein søkte på Haust-utstillinga. Både Jon og Sissel kan seie seg einige i at det er viktig for unge kunstnarar å vere med, og det ser ein ved at det oftast er fleire unge enn eldre utstillarar. Men slik har det ikkje alltid vore.
– Eg har ei kjensle av at dei som prøvde å skape noko nytt den gongen eg debuterte, det vil seie unge kunstnarar, hadde vanskeleg for å kome med, seier Sissel.
– I dag ser det ut til at det er dei tradisjonelle kunstverka som blir utelatt. Eg meiner òg at mange går på Haustutstillinga og trur dei ser noko nytt, men realiteten er at
mykje av det dei ser ikkje er nyskapande i det heile. Dessutan tykkjer eg kunsten har teke for mykje av underhaldningsbransjen opp i seg.
Jon protesterer.
– Eg meiner det er mogleg å lage seriøs kunst på ein underhaldande måte. Eg tykkjer det er bra at folk nyttar seg av underhaldningsaspektet i eit ønskje om å nå fram.

Debut
Korleis er det å vere debutant på Haustutstillinga?
– Då eg debuterte i 1977 var det stor stas for meg personleg, og kanskje meir prestisjefyllt enn det er i dag. I tillegg var det viktig for meg som kunstnar busett i Bergen, å få synt fram arbeida mine i Oslo, fortel Sissel.
– Eg er sjølvsagt glad for å ha kome med, seier Jon og held fram;
– Eg får synt fram at eg har noko på hjarta, sjølv om det kanskje ikkje er nokon stor og viktig bodskap. Men i tillegg kan det å vere med på Haustutstillinga òg bli ein nedtur. Fleire kunstnarar håpar på omtale i media, og få blir nemnt. Eg fekk i alle fall helse på Dronning Sonja, då!
Sissel peiker på at det er sjeldan avisene siktar seg inn på einskildspersonar, med mindre dei lagar kunst som vert sett på som skandaløs eller at vedkommande er i familie med ein kjendis! Ho legg òg til at når ein startar som kunstnar er det viktig å få synt fram det ein arbeider med. Sjølv har ho merka at tronga til å stille ut har blitt mindre med åra, og det står i samanheng med at ho fekk fleire kontaktar
etterkvart som ho vart etablert.

Tankar rundt Haustutstillinga
Jon håpar at Haustutstillinga vil fortsetje å henge med i tida, og vere representativ for det som rører seg i norsk kunstliv. Sissel er einig, men meiner både dei som sender inn og dei som ikkje gjer det, er med på å skape utstillinga. Både Sissel og Jon snakkar om at det er viktig for kunstnarar å ikkje gjere Haust-
utstillinga til det største og einaste, men finne fleire måtar å syne seg fram på.
– Eg vil nytte andre uttrykksformer og bruke det eg kan andre stader enn berre innan kunsten, seier Jon.
Sissel avrundar med at ho er lei den stadige hyl- og skrik-debatten rundt Haustutstillinga. Ho meiner debatten bør leggjast død, slik at utstillinga kan gå sin eigen gang.


– Er fortsatt viktig

– Høstutstillingen er Norges eldste og best besøkte kunstutstilling. Den er en institusjon i norsk kunstliv, sier utstillingsleder Inge Lauritzen. Et av formålene til Høst-
utstillingen er og har alltid vært: «å gi et tverrsnitt av norsk kunst i dag». Inge Lauritzen mener at Høstutstillingen bidrar til nettopp dette, men påpeker at juryen i år har vært veldig subjektiv, noe de selv sier i utstillingskatalogen. På pressekonferansen fortalte leder i Den Nasjonale Jury, Svein Rønning, at de dessuten har refusert en del arbeider som er gode håndverksmesssig sett, til fordel for arbeider der ideen er nyskapende mens kvaliteten på utformingen ikke er fullt så bra.

Tidligere tider
Går vi tilbake til slutten av 1880- årene og videre inn i neste tiår, finner vi navn som Christian Krogh, Harriet Backer, Fritz Thaulow og Erik Werenskiold på utstillerlistene. Det de leverte var kunstverk av høy kvalitet og maleriene henger i dag som klenodier på museer og i private samlinger. Men viste de egentlig et tverrsnitt av norsk kunst?
Edvard Munch, som i alle år var blitt sett på som en «rabulist», åpnet i 1892 en separatutstilling omtrent samtidig med Høstutstillingen. Det gjorde også den danske maleren Willumsen. Dette svekket Høstutstillingen og, i følge avisene på den tiden, fremstod den da som tradisjonell og kjedelig.
Dette viser at utstillingen ikke alltid har klart å gjennomføre et av sine viktigste mål; å representere tverrsnittet av norske kunstnere.

Høstutstillingen i dag
– Det som karakteriserer Høstutstillingen slik den er i dag er at den vil gi sitt publikum et innblikk i det som rører seg i norsk kunstnerliv. Ved siden av det tradisjonelle maleriet har det vært en vekst av
video og audiovisuelle kunstverk og jeg føler at vi på årets utstilling i alle fall har et tilnærmet likt tverrsnitt, sier Inge Lauritzen. Han mener også at Høstutstillingen hjelper kunstnere i startfasen et skritt fremover. Dette ser de hvert år ved at navn på debutanter dukker opp igjen i forbindelse med andre utstillinger.
– Høstutstillingen har tradisjonelt høye besøkstall, og for mange mennesker er det slik at det er den utstillingen de går på i løpet av året, forteller Lauritzen videre.
– Til tross for at noen mener det motsatte viser dette at Høst-
utsillingen fortsatt har en posisjon som kunstformidler.

Lene Borgen Bjørhei
Torunn Todal Laberg
lene_bb@hotmail.com
torunn_todal_laberg@hotmail.com
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000