Hovedmeny
                           

Tips en venn

Sett som startside
 
 

Meteorologisk institutt

Føremålet for Meteorologisk institutt er i Kongelig Resolusjon uttrykt slik:

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære føremål. Instituttet skal arbeide for at styremakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

Dette inneber mellom anna at instituttet skal  

  • varsle vêret
  • studere Noregs klima og gje klimatologiske utgreiingar
  • drive meteorologiske observasjonsnett i Noreg, nærliggjande havområde og på Svalbard
  • drive nok forskings- og utviklingsarbeid til å kunna løyse faglege og praktiske oppgåver
  • spreie resultata av arbeidet sitt
  • ta oppdrag og yte spesialtenester for offentlege og private interesser mot full kostnadsdekking frå brukarane
  • vera med i det internasjonale meteorologiske samarbeidet

Visjonen og måla for arbeidet ved instituttet er utforma innanfor desse rammene.

Visjon og hovudmål

Vår visjon er at vi skal vera den beste staden for vêrinformasjon i Noreg.

Våre hovudmål er at

  • Dei meteorologiske tenestene til Meteorologisk institutt skal ha eit innhald og ein kvalitet som dekkjer behova i samfunnet. Instituttet skal drive forsking og utvikling som sikrar at tenestene dekkjer dagens og morgondagens behov.
  • Meteorologisk institutt skal ha eit effektivt og tidsmessig varslingssystem for atmosfære og hav over heile arbeidsfeltet frå innsamling av observasjonar til ferdige varsel.
  • Meteorologisk institutt skal følgje den globale og nasjonale klimautviklinga og skal gje tilfredsstillande klimainformasjon samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk.

For å nå desse måla er ei serviceerklæring blitt utvikla for Meteorologisk institutt.

Instituttet driv i hovudsak med aktivitetar som kan delast inn i ein statsfinansiert del og ein brukarfinansiert del.

Statsfinansiert del:

  • Observasjonar: Drift, innsamling og dataoverføring av observasjonar nasjonalt og internasjonalt
  • Forsking og utvikling finansiert over statsbudsjettet:
    Utvikling og overvaking av operasjonelle modellar, beredskapsoppgåver og generell klimaforsking
  • Vêrvarsling:
    Grunnleggjande prognosar, analysar, utarbeiding av vêrvarsel og beredskapsoppgåver.
  • Klimatenester:
    Observasjonar, databasar og generell klimainformasjon.

Brukarfinansiert del:

  • Varsel og prognoser tilrettelagde for brukarane
  • Flyvêrteneste
  • Brukarfinansierte klimatenester:
    Førespurnader om vêr og klima, klimadata og klimastatistikk, miljødata frå kontinentalsokkelen
  • Oppdrag og utgreiingar:
    Konsekvensutgreiingar innanfor atmosfære og hav, spreiing av ureining til havs, modellering av luftforureining, kvantitative nedbørutrekningar, klimatologi på regional og lokal skala, utrekning av ekstrem og spesiell klimainformasjon.

Alle aktivitetane ved Meteorologisk institutt heng saman. Observasjonar, både nasjonale og internasjonale, må vera på plass for at instituttet skal kunne tene samfunnet. Høg kvalitet i dei tenestene som er finansierte over statsbudsjettet, er ein føresetnad for den brukarfinansierte verksemda. Forsking og utvikling er med på å auke kvaliteten på både område. Effektive innsamlings- og distribusjonssystem, nok IT-kapasitet og tilgang til tunge rekneressursar er naudsynte for primæraktivitetane.

Internasjonalt samarbeid

Arbeidet til instituttet er avhengig av eit omfattande internasjonalt samarbeid. Internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar er naudsynte. Til sju- og tidøgnsprognosane trengst observasjonsdata frå heile jordkloten, og for å kunna varsle må vi ha observasjonar frå område som ligg langt frå Noreg.

For at dei nasjonale meteorologiske institutta skal kunna dra nytte av desse observasjonane krevst felles internasjonale målemetodar og standardar, og eit godt utbygd kommunikasjons- og databehandlingssystem.

Noreg er medlem i dei internasjonale meteorologiske organisasjonane World Meteorological Organization (WMO), European Centre for Medium Range Weather Forecasts (ECMWF) og EUMETSAT (Europeisk organisasjon for utnytting av meteorologiske satellittar).

Meteorologisk institutt har den daglege kontakten på fagleg og administrativt nivå i desse organisasjonane.

Dei meteorologiske institutta i Europa har også skipa fleire andre organ for å dra nytte av felles ressursar og for å leggje til rette for auka samarbeid. ECOMET, ei økonomisk interessegruppe for meteorologiske tenester, er eitt av desse organa. Ein avtale om eit nettverk mellom dei meteorologiske institutta i Europa for ei meir kostnadseffektiv utnytting av ressursar, EUMETNET, vart sett ut i livet i 1996.

Styret for Meteorologisk institutt

Instituttet høyrer administrativt til Utdannings- og forskningsdepartementet, og vert leia av eit styre. Det noverande styret vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon for perioden 01. januar 2003 til 31. desember 2006 med denne samansetninga:

Styreleder: Ass. universitetsdirektør Sverre Spildo, Bergen
Nestleder: Daglig leder Heidi Johansen, Tromsø (i permisjon)
Forsker Odd Nakken, Bergen
Rådgiver Hilde Erlandsen, Oslo
Viseadministrerende direktør Erik Nord, Oslo
Statsmeteorolog Vidar Eng, Tromsø
Forsker Marit Helene Jensen, Oslo

Varamedlemmer:
1. varamedlem: Direktør Pål Prestrud, Oslo
2. varamedlem: Oberst Britt Tove Berg Brestrup, Oslo

Dagleg leiing

Direktør Anton Eliassen står for den daglege leiinga av instituttet.

Den øvste leiinga for instituttet har ansvaret for:  

  •  koordinering av ansvarsområda til divisjonane.
  • strategisk planlegging og strategiske avgjerder.   
  • internasjonalt samkvem og samkvemet med overordna styremakt.
  • overordna ansvar for intern og ekstern informasjon.

Sist oppdatert: Februar 2005

 

 

 



 Kjøpe værtjenester? 
Kommersielle leverandører av meteorologiske tjenester i Norge

 

Vindfløymasten på Blindern rager 28 meter over bakken, og måler vindens hastighet og retning.
Foto: Aslaug Mariolijn van Nes, met.no

Klikk på bildet for å se en større versjon.

 
 
 
Kontakt
                                                                                          
Redaktør: Heidi Lippestad
Adresse og telefonnummer til Meteorologisk institutt
Send e-post!


                   

Sist oppdatert 2.februar 2005     © Meteorologisk institutt    

Hovedsiden Været Aktuelt Produkter og tjenester Meteorologi og klima Forskning Om oss Sitemap English