Hovedmeny
                           

Tips en venn

Sett som startside
 
 

Bjørnøya

Bjørnøya ligg på 74.30° N 19.01° E, omtrent midtvegs mellom fastlandet og Spitsbergen, og har eit areal på 176 km2. Øya er ganske flat, med mest fjell i sør. Miseryfjellet er det høgaste med sine 536 meter. Seks hundre små vatn ligg spreidd rundt på øya.

Den første meteorologiske stasjonen på Bjørnøya vart oppretta i oktober 1918 av det geofysiske institutt i Tromsø. Eitt år seinare vart radiostasjonen oppretta av kolselskapet Bjørnøen A/S. Etter at koldrifta vart avslutta, vedtok Stortinget at Det norske meteorologiske institutt skulle ha ansvaret for administrasjonen og drift av radiostasjonen på Bjørnøya frå 1. juli 1932.

Den nye meteorologiske stasjonen er relativt moderne - det siste tilbygget vart fullført i 1994.

Stasjonen har inga hamn som kan ta imot skip for lossing, berre ein liten kai som kan ta imot småbåtar. Kystvakta leverer nye forsyningar i juni og september. Småbåtar går så i skytteltrafikk mellom skipet og kaien for å losse. Elles i året er Kystvakta og redningshelikopter til stor hjelp med å løysa dei transportproblem som dukkar opp.

Bjørnøya har eit mannskap på ni; fem meteorologfullmektigar, ein driftsteknikar, ein styrar og to kokkar. I tillegg til å gjera meteorologiske observasjonar åtte gonger i døgeret, og sleppa radiosondeballongar to gonger i døgeret, utfører dei målingar for fleire vitskaplege institusjonar, så som Norsk institutt for luftforskning (NILU), Nordlysobservatoriet og Jordskjelvstasjonen. Kystradiostasjonen vert fjernstyrt over satellitt.

Bjørnøya si plassering gjer at øya er særs viktig som landingsplass og bunkringsstad for helikopter. Utan bunkring her hadde ikkje helikoptertrafikk til og frå Svalbard vore mogleg.

Vêrforhalda er barske, òg om sommaren, og mørketida varer i tre månader. Isbjørn kan også vera eit problem og stasjonsområdet får ofte bamsevisitt vinterstid. Polarhundar gjer teneste som vaktbikkjer, og signalpistol og rifle er ein obligatorisk del av utrustinga.

 


Sist oppdatert: Desember 2004 

 

 



I 1996 var det fire hundre år sidan Willem Barents oppdaga Bjørnøya. I det høvet vart det laga eit særskilt poststempel som berre var i bruk på jubileumsdagen.

Hovudbugningen på stasjonen.

Fuglefjella på Bjørnøya er vide kjend.

Gravodden - gravene til nederlandske og engelske fangstmenn frå den store fangsttida for kvalross på 1600-talet.

Sylen.

Hammerfesthuset, det eldste eksisterande huset på Svalbard, reist i 1822.

Tog som i si tid frakta kol frå gruva til utskipingshamna.

Foto: Stein Henrik Olsen

 
 
 
Kontakt
                                                                                          
Redaktør: Heidi Lippestad
Adresse og telefonnummer til Meteorologisk institutt
Send e-post!


                   

Sist oppdatert 28.desember 2004     © Meteorologisk institutt    

Hovedsiden Været Aktuelt Produkter og tjenester Meteorologi og klima Forskning Om oss Sitemap English