Mange av nordmørseventyra og deler av den jiddische ordboka manglar framleis etter maskinhavariet. Ei meir stabil serverløysing kjem truleg i løpet av februar.

Jiddisch-norsk ordbok

Frå Hassafon

JIDDISCH · ייִדישׁ

grammatikk

ORDBOK · ווערטערבוך

 A · B · C · D · E · F · G · H 
 I · J · K · L · M · N · O · P 
 R · S · T · U · V · Z 

Større papirutgåve:
Jiddisch-norsk ordliste
(Schweitzerforlaget)

Innleiing

Om transkripsjonen

Jiddisch blir normalt skrive med hebraisk skrift. YIVO har etablert ein transkripsjonsmåte som passar godt med moderne litauisk jiddisch, men som ikkje er spesielt god for polsk jiddisch. Birnbaum sin transkripsjonsmåte, som elles passar svært bra for polsk jiddisch, blir litt for komplisert i skriftbildet til at han er praktisk å bruke her — både ut frå problem med å få attgjeve alle teikna med HTML og ut frå ønsket om å gjera transkripsjonane nokolunde tilgjengelege for folk utan å måtta stille alt for høge krav til språkvitskapleg bakgrunn...

Ei meir utførleg utgreiing kjem her etter kvart. I hovudtrekk kan jiddisch bli uttala omlag som norsk med desse unntaka:

  • CH blir uttala som ch i tysk Bach. I austjiddisch gjeld dette oftast etter alle vokalar.
  • Z blir uttala som den stemte s-lyden i engelsk zoom.
  • É blir uttala anten som ein lang e-lyd (vestjiddisch), som ein ei-lyd (polsk jiddisch) eller som ein kort, æ-aktig lyd (litauisk jiddisch).
  • Ó blir uttala anten som ein lang å-lyd (vestjiddisch), som ein lang o-lyd (polsk jiddisch) eller som ein kort, open o-lyd (litauisk jiddisch).
Personlege verktøy