OSBANEN ANNO 2000
Sykkeltur på Osbanen
 

Terje Melheim
 
 
 

Osbanen vart lagd ned 1935. Finst det enno konkrete spor etter Osbanen i marka? Sjølve traseen er i bruk som sykkelveg mellom Nesttun og Hamre. Den beste måten å utforska Osbanen på er på sykkel. Det første handfaste minnet etter Osbanen har eg funne på Nesttun. I den store rundkøyringa mellom Nesttunvegen, Fanavegen og Hardangervegen er det ein portal i muren. Det er restane etter ein trappetunnel som førde opp på Nesttun stasjon. Tunnelen munna ut  på perrongen mellom Osbanen og Vossebanen. I si tid skulle denne tunnelen føra reisande mellom vegen og stasjonen. I dag er det slik at det ikkje lenger er råd å ta seg fram til fots på vegen. I løpet av 2 sekund, mellom to bilar greidde eg å ta dette bilfrie biletet. Oppe på det tidlegare stasjonsområdet er det ikkje mykje som minner om at det her ein gong har vore ein stor jernbanestasjon der Oslotoga stoppa, og der det var stor lokaltrafikk på Vossebanen. I tillegg var Nesttun ein forgreiningsstasjon der den private jernbanen Nesttun-Osbanen hadde tilknyting til NSB-nettet. Alle reisande frå t.d. stasjonane Os og Fana måtte byta tog på Nesttun når dei skulle til byen. 

Osbanetraseen finn du rett til høgre for Fanavegen når du syklar frå Nesttun til Skjoldhøgda. Det kan vera litt vanskeleg å ta seg fram på den gamle Osbanen på grunn av mange kryssande vegar. Osbanetraseen er skilta som veg stengd for motorkøyretøy, men det kan likevel vera at bilistar ser på vegen som gang- og sykkelveg, og at dei difor ikkje bryr seg om allminneleg vikeplikt for trafikk frå høgre. 

Du kjem så fram til Skjoldhøgda. Her kan det vera litt komplisert å finna ut kvar Osbanetraseen gjekk vidare. Trass i at heile Osbanetraseen er lagd ut som sykkelveg til Hamre, er det ingen retningsskilt som syner vegen for syklistar. I byrjinga av 1950-åra vart Fanavegen lagd om, slik at han tok ein del av Osbanetraseen. Desse to karta syner korleis veg og bane gjekk før, og korleis situasjonen er anno 2000. I 70-åra vart det bygd ei gang- og sykkelbru over til Bjørnevegen, slik at om ein berre er orientert, er det ikkje vanskeleg å følgja Osbanetraseen vidare. Til venstre for brua kan du til og med sjå ei lita skjering etter Osbanen. 
 

Vegen der Osbanen har gått, heiter Bjørnevegen. Ingen veg, korkje i Fanadelen av Bergen eller i Os kommune heiter Osbanevegen. Somme folk hevdar at Bjørnevegen er kalla opp etter det eine lokomotivet på Osbanen som heitte Bjørnen. Eg stiller meg svært tvilande til denne tolkinga. Det var nok heller tilfeldig at vegen vart kalla Bjørnevegen, fordi namndnemnda i Fana kommune ville gje alle vegar i eit område namn etter dyr. I tillegg til Bjørnevegen finn ein her på Skjold: Harevegen, Bevervegen, Hjortevegen, Otervegen og andre dyrevegar. Hordaland vegkontor og andre instansar har gjeve ut ein brosjyre med tittel "sykkelrute sør". Der vert Osbanen presentert som sykkelrute. (Sjå i margen).

Bjørnevegen/Osbanen går gjennom  eit skjerma bustadområde, ikkje langs den trafikkerte hovudvegen, men på baksida av Apeltunvatnet. Politikarane i Fana heradsstyre lika ikkje i si tid at Osbanen skulle gå langs vegen. Difor fekk Osbanen ein omveg kring Apeltunvatnet. Om du no følgjer Osbanetraseen, forbi baksida av Lagunen, kjem du fram til Rådal stasjon. 

På biletet av Rådal stasjon ser du til høgre det eine brukaret, der Osbanen gjekk over vegen på ei lita bru. Stasjonen er no bustadhus og er sterkt ombygd. Nye vindauge er sette inn, og den delen av taket som raga ut over plattforma, er fjerna. Godshuset står der framleis, men du ser at det er vorte bygd på i to omgonger til venstre. Sykkelvegen går i dag aust for stasjonsbygningen. På sykkelturen vidare sørover etter Rådal stasjon følgjer du Osbanetraseen. Baneingeniørane har i si tid utnytta det smale sporet og terrenget. Dei har ikkje gått av vegen for ekstra svingar på banen. Traseen buktar seg mellom haugane oppover Rådalen. Sporvidda på Obanen var 75 cm. 

Når du kjem opp til toppen av stigninga i Rådalen, går sykkelvegen rett ved sida av hovudvegen. Du må svinga til venstre like før Titlestadvegen om du vil følgja Osbanen vidare. Då kjem du til Stend stasjon. I motsetnad til Rådal stasjon har Stend stasjon både vindauge og takoverbygg over plattforma intakt.  Stasjonsbygningen rommar ein keramikkverkstad og eit lite museum med dokumentasjon frå Osbanen. Museet er ope sundagar om sommaren. Framfor stasjonen har foreininga Osbanens venner lagt nokre meter skinnegang, der det står ei rekonstruert vogn. Vogna har konduktør/reisegodsavdeling og 3. klasse passasjeravdeling. Vogna er restaurert av Osbanens venner og Os yrkesskule på grunnlag av to halvpartar frå to originale osbanevogner. Boggiane er kjøpte i Polen. Om du ser nøye etter, kan du sjå initalane til dei polske statsbanane (PKP) på hjula. I Polen er det framleis mange smalsporbanar i drift. Vogna framstår som ei nesten autentisk Osbanevogn, som i si tid vart levert av fabrikken Oldbury i England. Oppe i lia på motsett side av jernbanesporet kan du og finna reservoaret som forsynte lokomotiva på Osbanen med vatn. Den asfalterte sykkelvegen er lagt ved sida av sporet der den restaurerte osbanevogna står. Sykkelvegen går der spor 2 låg i si tid. Stend var den første stasjonen etter Nesttun med gjennomgåande kryssingsspor. 

Sykkelruta, som etter kvart vert til veg gjennom eit bustadområde og har namnet Kvernabekkvegen, ligg på Osbanetraseen på austsida av  Titlestadvatnet, og fører forbi Fana stasjon, som er sterkt ombygd. Det er verd å merka seg at på folkemunne på fanadialekt anno 2000 vert Kvernabekkvegen kalla linjen. Mellom  Fana stasjon og Hamre ligg den mest idylliske delen av heile Osbanesykkelvegen, som du følgjer rundt Klokkarvatnet. På Hamre er det slutt på den opparbeidde sykkelvegen på Osbanetraseen. For å følgja Osbanen vidare må du bruka vegen  langs Kalandsvatnet og følgja han fram til Kalandseid.  Det er ein fin veg å sykla på med lite trafikk.  På Kismul kan du sjå leivningar etter Osbanen i form av ei fylling over markane. Om du følgjer godt med her på Kismul, kan du og oppdaga ei gamal vognkasse etter ei Osbanevogn inne på eit privat område nede ved Kalandsvatnet. Vogna vert no bruka som uthus og reiskapsbu. Du kan ikkje sjå vogna frå vegen. Denne vogna vart i si tid levert av jernbanefabrikken Skabo i Oslo. 

Av bygningane på Kalandseid er det berre ein liten del av eit påbygd godshus som er originalt frå Osbanetida. Banen svingte skarpt mot sør, og frå Kalandseid låg Osbanen ikkje så langt frå Osvegen heilt til Osøyro. Det er vanskeleg å ta seg fram på sykkel på banetraseen sør for Kalandseid. Du må nok ta til takke med den sterkt trafikkerte Osvegen. Oppe i landskapet til høgre kan du sjå spora etter Osbanen der han snodde seg fram mellom haugane. Det skulle ikkje vera så vanskeleg å opparbeida Osbanetraseen som sykkelveg reint fysisk, men Fana kommune (seinare Bergen kommune), som er eigar av osbanetraseen etter nedleggjinga, har selt ein del av osbanetraseen sør for Kalandseid. Ved bensinstasjonen  på Røyknes går det sykkelveg langs hovudvegen, og ein halv kilometer vidare svingar sykkelvegen opp på Osbanetraseen. Rett før Søfteland er det slutt på den skjerma sykkelvegen, og du må ut i hovudvegen att. 

I svingen ved Gåsakilen, straks sør for Søfteland planteskule, er neste staden du ser spor etter Osbanen. På biletet er det ein syklist på Osbanetraseen, men dette er eit konstruert bilete. Sykkelvegen på Osbanetraseen fører ingen stad. Det er betre å følgja sykkelvegen på motsett side av Osvegen, men her er det og eit døme på kor dårleg vilkåra er for syklistar på dei offentlege sykkelvegane. Om du ikkje passar på her og syklar ut i Osvegen tidsnok, kan det godt vera at du hamnar inne i ein privat hage. 

På Hetlefloflaten nett før du kjem til Ulvenskiftet, kan du sjå noko som ser ut som restar etter Osbanen oppe i skogbrynet til høgre. Du trur kanskje det verkeleg er Osbanen, men då tek du feil. Du ser restar etter den gamle Osvegen. Osbanen ligg under asfalten der Osvegen går i dag. Om du følgjer godt med, kan du sjå den gamle Ulven stasjon bak ein granhekk til høgre for vegen. Forbi Flåten kjøpesenter (Amfisentret) går det sykkelveg, som for det meste ligg oppå Osbanetraseen, fram til Osøyro. 

No har du lese så mykje om Osbanen at du kan henda undrar deg på kvar Osbanen gekk i si tid. Eg har kopiert eit kart over Bergen omland anno -20. 

På Osøyro ser ein både den gamle stasjonsbygningen og den gamle voghallen. Stasjonsbygningen står der utan det karakteristiske lange taket over plattforma. Vognhallen var tidlegare open for vind og ver.  Etter at Osbanen vart lagd ned, vart stasjonsområdet bruka til bussgarasje, og vognhallen vart kledd med bølgjeblekkplater. Bak vognhallen, i retning Halhjem finn du den gamle vognverkstaden i renovert form. No når stasjonsarealet ikkje lengre tener som bussgarasje, har Os kommune konkrete planar om å få til eit Osbanemuseum. Den gamle vognkassa,  som er uthus ved Kismul, skal stillast opp her. Dermed kan du i framtida sjå to Osbanemuseum på sykkelturen på traseen til den gamle Nesttun-Osbanen. 

Eksterne minne frå Osbanen
Då Osbanen vart lagd ned, vart nokre vogner selde til Urskog-Hølandsbanen. Dei vognene overlevde heilt fram til den banen vart lagd ned i 1960. Noko av materiellet frå UHB køyrer på jernbanemuseet på Hamar. To av vognene i det såkalla "Tertittoget" stammar frå Osbanen. 

Osbanen hadde heilt spesielle lokomotiv med to sett av sylindrar. Dei fremre sylindrane hadde veivstenger til dei to fremre hjulpara. Desse hjula og sylindrane stod på ein stor boggi som følgde skinnegangen på ein effektiv måte. Prinsippet med å la dampen gå gjennom to sett sylindrar vart utvikla av sveitsaren/franskmannen Mallet. Små Mallet-lok på lette skinner, slik Osbanen hadde, er vanskelege å finna i dag.  Det næraste ein kjem, er eit lok frå Kosta-Lessebo-Järnväg i Sverige. Loket står utstilt på det svenske jernbanemuseet i Gävle.
 
 
 
 
 

Om du vil lesa meir om jernbanar, kan du ta ein titt på heimesida mi Der kan du i tillegg til mange sykkelturar lesa om inntrykk og opplevingar langs Valdresbanen og langs landlege sporvegslinjer i Portugal og Tyskland.
 

temelhei@online.no


 
 
 
 
 

Du kan klikka på bileta, så får du ein større versjon. Bruk tilbake- eller back-knappen for å koma attende til teksten.
 
 


Oppgang til Nesttun
stasjon
 
 
 

"Sykkelrute sør" med sykkelrute på Osbanetraseen
 
 
 
 
 


Rådal stasjon
 


Stend stasjon

 Osbanemuseet
 
 


Vogn frå Osbanen 
på Stend stasjon
 


Spor etter Osbanen
på Kismul


Osbanevogn på
Kismul
 
 


Osbanetraseen ved Gåsakilen
 

Kart frå anno -20 over Bergen omland
 


Os stasjon


Osbanevogner på
jernbanemuseet på
Hamar


Nesten Osbanelok
på jernbanemuseet i Gävle

Referansar:
Per Ivar Tautra: Nesttun-Osbanen 
(ISBN 82-90286-16-3) 

Heimesidene til Osbanens venner

Osbanestatistikk

Museumsbanen Urskog-Hølandsbanen

Jernbanemuseet på Hamar

Sveriges Järnvägsmuseum

Smalsporbanar i Polen