DEN NORSKE KIRKE
Ålesund kirkelige fellesråd
  Søk
7. desember 2008 ..:: Kirkene våre » Kirkene ::..   Logg inn
 Menighetene

 Skriv ut   

 kirkene våre

 
Innen Ålesund kirkelige fellesråd har vi fem sokn med hver sin soknekirke pluss ei kirke i Skarbøvika. 
 
Dessuten har vi Ålesund Krematorium i tilknytning til Øvre og Nedre gravlund – og fra gammelt av var det kapell både på Nørve kirkegård og på Nordre kirkegård. Disse tre bygningene er omtalt under Kirkegårdene våre.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
KYRKJELEG INNDELING PÅ NORDRE SUNNMØRE
 
Vikingkogen Olav Tryggvason kristna fire fylke på Dragseeidet på Stadtlandet i år 997 då bøndene på Nordvestlandet fekk valet mellom å tru på Kvite-Krist og late seg døype eller å sloss med kongshæra.
 
Utan at vi veit det for sikkert, så reknar vi med at det vart bygd ei trekyrkje i Borgund som allereie ved forrige tusenårsskifte tok til å bli eit viktig senter på Møre. Sikkert veit vi at det vart bygd ei steinkyrkje i Borgundkaupangen (Middelalderbyen i Borgund) i første halvdel av 1100-talet, kanskje av dei same kyrkjebyggjarane som sette opp marmorkyrkja på Giske.
 
Vi rekner med at der var 3-4 kyrkjer på same tid i Borgund, så det er naturleg at Borgund vart eit kyrkjeleg sentrum på Møre. Kanskje var der til og med bispesete ein kortare periode!
 
Både Haram og Vigra høyrde opprinneleg med til Borgund prestegjeld, men dei vart skilde ut som eigne prestgjeld. Då Ålesund fekk bystatus i 1848 omfatta Borgund prestegjeld:
-Hovudsoknet Borgund                Kyrkje i Borgund og på Giske
-Annekssoknet Skaue (Skodje)     Kyrkje på Skodje
-Annekssoknet Vatne                  Kyrkje på Vatne
 
Borgund hovudsokn omfatta Søvika, Grytastranda, Lerstad, Spjelkavika, Emleim, Valderøy, Ellingsøy, Nørvøy, Aspøy, Heissa, Godøy, Sula og Giske. Prestegjeldet var vidstrakt, men til skilnad frå i dag: Fjordane og sjøen batt bygdene saman, fordi båten var framkomstmiddelet!
 
Vi skal også hugse at Ålesund ved folketeljinga i 1801 berre hadde 226 innbyggjarar. Dei meinte at det ikkje var naudsynleg med eiga kyrkja då dei søkte om å få bli by. Likevel: Ålesund fekk bystatus i 1848 og allereie 7 år etterpå stod ei ny kyrkje ferdig. Ålesund kyrkje vart vigsla: 25. januar 1855.
 
I 1858 - tre år etter at byen fekk si eiga kyrkje - vart Ålesund prestegjeld oppretta.
 
I 1858 vart også Skodje og Vatne skilde ut og danna Skodje prestegjeld.
 
I 1958 vart Langevåg og Fiskerstrand utskilt som eige sokn - og saman med Mauseidvåg og Solevåg krinsar vart Sula prestegjeld oppretta i 1966.
 
I 1961 vart Giske sokn eige prestegjeld - slått saman med Vigra sokn.
 
Ved kommunesamanslåinga av Ålesund og Borgund i 1968 vart Heissa overført til Ålesund.
 
På 1960 og 70-talet var det ein sterk folkeauke i austre del av Ålesund, og i 1975 vart Spjelkavik eige prestegjeld. Det er i dag eit av landets største prestegjeld. (17.000 medlemer)
 
I 1998 vart Ellingsøy skilt ut som eige sokn, men var framleis ein del av Borgund prestegjeld.
 
Etter den nye Kyrkjeloven som tok til å gjelde frå 1. januar 1997 er soknet den grunnleggjande eininga i Den norske kyrkje. Ei ny tenesteordning for prestane tok til å gjelde frå 2007, og det betyr m.a. at kvart sokn har eigen sokneprest – dermed fekk Ellingsøy eigen sokneprest.
 
Med utgangspunkt i Borgund kyrkjestad, og deling av Borgund kyrkjesokn har vi altså i tillegg til kyrkje i Borgund og på Giske fått kyrkjer på følgjande stader:
 
Haramsøy (ny kyrkje 1838), Vigra (ny kyrkje i 1894), Skodje (ny kyrkje i 1860), Ålesund (1855), Vatne (ny kyrkje 1858), Hamnsund (1875), Otrøy (Midsund) (1878), Langevåg (1948), Ålesund krematorium (1956), Valderøy (1961), Volsdalen (1974), Brattvåg (1977), Indre Sula (Solevåg) (1984), Spjelkavik (1987), Skarbøvik (1995) og Ellingsøy (1998).
 
                                                                                                                                 àtilbake
 
Historikk
Den unge byen Ålesund fekk si eiga kyrkje i 1855. Det var ei steinkyrkje med Heinrich Ernst Schirmer (1814-1887) som arkitekt. Han var arkitekt også for kyrkjene i Ørsta, Vartdal og Hareid - og for Strøm kirke frå 1857. Strøm kirke ved Skarnes nær Kongssvinger er ganske lik den kyrkja som vart offer for bybrannen 23. januar 1904. Nabohus av tre stod att etter brannen, medan kyrkja av stein brann! Forklaringa er at tårnlukene stod opne for at lyden frå kyrkjeklokkene som varsla brannen skulle nå lengst mogleg utover til byens befolkning.
 
850 hus brann og 10.000 menneske vart heimlause - og byen var utan kyrkje. I ei travel gjenreisingstid der ein skulle tru at kvar familie hadde nok med sine eigne behov, vart likevel arbeidet med å byggje ny kyrkje teke opp. Allereie sommaren 1904 vart det utlyst arkitektkonkurranse. 63 forslag kom inn! Forslaget frå arkitekt Sverre Knudsen, Oslo vann.
 
Den gamle kyrkja hadde som vanleg for norske kyrkjer koret mot aust - mot soloppgangen og retninga for Jesu gjenkomst. For å utnytte topografien og få ein fin inngong frå Øwregata i ly for vestaveret endevendte ein kyrkja og la hovudinngongen mot aust. Dermed fekk korfasaden - med glassmåleri - rikeleg med rom mot den breie Aspøgata. Ei gate som er ekstra brei fordi det var grensegata for lovpålagt steinhusbebyggelse i sentrum av den nye byen.
 
Grunnsteinen vart nedlagt av den nye kongen 13. juli 1906. Kong Haakon 7 var då på sitt første besøk i Ålesund etter å ha vorte krona til konge i Nidarosdomen. Ei påminning til oss om det omskiftet som var i landet vårt akkurat på denne tida - Norge vart ein fri nasjon i 1905
 
Kyrkja er sett opp med hoggen naturstein (Ålesundsmur) forblenda med marmorstein frå Lyngstad i Eide kommune på Nordmøre. 2.000 kvadratmeter marmorstein dekker kyrkjefasaden - steinen har innslag av rosa, grått og svart i det kvite, men like fullt: Det er marmor! Stein frå same steinbrot finn vi t.d. i Rønnebergbua, Håndverkeren Fladmarkhuset og det smale huset i Kongensgate. Kyrkja vart innvigd 15. september 1909.
 
Ålesund er Jugendbyen, og gjenreisingsperioden etter bybrannen er prega av Jugendarkitektur. Det er difor viktig å slå fast at Ålesund kyrkje ikkje er eit Jugend-bygg. Fasade av hoggen naturstein/marmorstein finn vi att i mange hus i Ålesund, men arkitekt Sverre Knudsen søkte tilbake til Mellomalderen og til tidlegare tiders kyrkjebygg då han planla Ålesund kirke. Steinkyrkja si rektangulære form med saltak og tårn minner om ei mellomalderkyrkje. Kyrkjerommet har ei tradisjonell langkyrkjeplan med ein akse frå inngong til kor som ei vandring på livsens veg. Vindu, dører og kyrkjerom har rundbogeform - trekk frå romansk byggjestil. Stein og tre går att både i eksteriør og interiør og markerer ei symbolsk tilknyting til tidlegare tiders kyrkjebygg. Ålesund kirke ser ut som ho veks opp av grunnfjellet - og ser ut til å vere like gamal og stødig som sjølve fjellet.
 
Sjølv om kyrkja stod ferdig i 1909 kan vi ikkje seie at kyrkja var ferdig utsmykka og utrusta før kring 1950 - men i dag er det jo også ei strålande vakker kyrkje innvendig!
 
Korpartiet
Kunstnaren Martin Envold Thømt (1878-1958) frå Askim er den som har sett sitt preg på krykja. Enevold Thømt var utdanna i Kristiania og København, lærar ved Statens Håndverk- og Industriskole, stifter og leiar av skulen for Norsk Prydkunst og han hadde eige atelier for glasmåleri og elektrisk glassbrenneri.
 
Enevold Thømt starta med å lage ei utsmykking som harmonerer med dei vakre bogene i kyrkja. Korbogen - den brune og gyldne frisen i lågt relieff som rammer inn korpartiet - stod ferdig i 1918. Den dunkelbrune fargen gjer at det ikkje er lett å sjå alle detaljane i korbogen og forstå den åndelege bodskapen som korbogen forkynner.
- Når vi går nærare inn på bogen og startar nede til venstre ser vi ei due over ein engel som heller vatn frå ei krukke - symbol på dåpen. Nederst på høgre side av korbogen ser vi ein engel på kne med eit beger med ein sirkel med Kristusmonogrammet (XP) - alterkalk og oblat, eit symbol på nattverden.
- Til venstre over symbolet for dåpen ser vi ein engel som kneler i bøn med samanlagde hender og ansiktet vendt nedover i konsentrasjon. Tilsvarande ser vi på høgre side ein engel med ansikt og hender vendt oppover som symbol på takk.
- Vidare oppover til venstre kjem så eit bilete av ein engel med sverd som gjennomborer hodet på ein slange. Eit symbol for kampen mot den onde. Tilsvarande har vi på høgre side ein engel med «livsens krone», sigerskrona i hendene - symbol for sigeren.
- Vidare oppover har vi til venstre evangelisten Markus symbolsk framstil som ei løve med venger. Til høgre har vi evangelisten Lukas framstilt som ein okse med venger.
- Lenger oppe til venstre ser vi ein engel med eit timeglas som er i ferd med å bli tømt og øvst på timeglaset ser vi eit daudningehaud - eit symbol på døden. Men på motsett side har vi eit symbol for livet: Fuglen pelikan som etter folkeleg tradisjon mata ungane sine ved å hakke blod frå sitt eige bryst. Eit symbol på Jesu oppofrande kjærleik som gir oss evig liv.
- Vidare oppover har vi til venstre evangelisten Matteus framstilt som ein menneskeskikkelse med venger, medan evangelisten Johannes til høgre er framstilt som ei ørn. Billedbruken for forfattarane av dei fire evangelia i Det nye testamentet går attende til 300-talet etter Kristus.
- Heilt i toppen av korbogen finn vi Kristus monogrammet (X og P - Chr/Christos/Kristus) med A og W - alfa og omega, den første og den siste bokstaven i det greske alfabetet. Kristus monogrammet kroner inngongen til koret i kyrkja og samanføyer på ein sann og god måte alle dei symbola vi finn lenger nede på korbogen: Dåp-Nattverd, Bøn-Takk, Kamp-Siger, Død-Liv og dei fire evangelistane.
- Rytmisk rundt heile korbogen finn vi ei samling av gyldne figurar - to og to saman. Det er drueklasar som minner oss om voksteren og kraften i Guds Ord.
 
Korhvelvingen og vestveggen
Dei neste ti åra - frå 1918-1928 - arbeidde Enevold Thømt med korhvelvingen og vestveggen. Dette er freskomaleri der teknikken er at fargene legges i den våte murpussen. I eit intervju med Sunnmørsposten var han oppteken av at bunnen var godt isolert, at sanden var fri for salt og at han helst brukte fleire år gamal leska kalk. Fargane måtte vere eigna til å stå på kalk. Alt dette for at freskene skulle vere haldbare.
 
Når vi ser dekorasjonen i korpartiet så er det ei sentral forkynning av det mest sentrale i vår kristne tru og lære: Jesu fødsel på venstre sidevegg, Jesu krossfesting i glasmåleriet i fondveggen og Jesu himmelfart på høgre sidevegg.
 
På fondveggen ser vi til venstre at ein engel med luande sverd jager dei første menneska bort frå «Kunnskapens tre» og ut av det jordiske paradis. På høgre sida ser vi derimot ein engel som byd inn eit menneskepar til det himmelske paradis og ber dei ete av «Livsens tre». Det himmelske Jerusalem kan vi skimte i bakgrunnen.
 
Taket i koret er dekorert med ei stor due i blått og gull - symbol for Den heilage ande. Med gullskrift finn vi følgjande tekstar i to sirklar: «Sandhetens ånd skal overbevise verden om synd og om rettferdighet og om dom. Når han kommer skal han veilede eder til hele sandheten.» (Joh. 16, 8 og 13)
 
Altertavla
Altertavla var på plass allereie ved vigslinga i 1909. Borgund-kyrkja brann same året som Ålesund kirke, men ikkje under bybrannen! Kunstnaren Nicolaj Mejdell skar den nye altertavla til Borgundkyrkja, og han har også vore kunstnar for den flotte altertavla i Ålesund kirke. Ho er skore i lindetre, ramma inn av furu. På det tredelte biletet ser vi i midten den lidande Kristus i Getsemane-hagen i bøn og kamp, ventande på det han visste ville kome. Til venstre ser vi dei tre næraste venane hans. Dei som lova å hjelpe og støtte han, be for han - dei er somna. Til høgre ser vi ein annan av apostlande: Judas. Forrædaren kjem i spissen for ein flokk romerske soldatar som skal arrestere Jesus. Under midtpartiet står teksten frå Matt. 26,39: «Ikke som jeg vil, men som du vil.» Ei setning som minner om Jesu bønekamp denne natta før langfredagen.
 
Glasmåleria
Allereie ved vigslinga i 1909 kunne ålesundarane glede seg over dei tre vakre glasmåleria i austveggen rett ovanfor hovudinngongen. Dei var ei gåve frå Keisar Wilhelm II av Tyskland, Noregsvenen som fekk eit godt namn i Ålesund fordi han så raskt sende forsyningsskip med utstyr og hjelp til den utbrende byen Ålesund i 1904. I midtvinduet ser vi helgenkongen Olav den heilage. I dei to sidevindua har vi ei fri utforming av Ålesund sitt byvåpen og den tyske ørn. Våpenskjoldet til Hohenzoller-slekta som keiser Wilhelm kom frå.
 
Til vigslinga var det kome på plass eit enkelt glasmåleri av Kristus på krossen i korfronten. Som ein del av arbeidet med utsmykking av koret utforma Enevold Thømt også eit nytt glasmåleri til denne vestveggen i kyrkja.   Det måleriet som vi ser i dag var på plass i 1920. Det framstiller Jesus på krossen i det han oppgir livet og andar ut. Lynet glimter og murane rivnar. Ved korset står Maria, Jesu mor og apostelen Johannes. Øvst på krossen les vi jødane si anklage mot han skrive med raude bokstavar: INRI - Jesus frå Nasaret jødenes konge. Nedst på måleriet les vi Jesu siste ord på krossen: «Det er fuldbragt»
 
Enevold Thømt fekk også oppdraget med å lage glasmåleri til dei fem store vidua i kyrkjeskipet. Dette arbeidet tok til i 1938, men vindua vart ikkje montert før i 1946. Under krigen vart dei oppbevart på ein sikker plass av frykt for at bombeangrep eller eksplosjonar kunne øydeleggje vindua i kyrkja.
 
Dei to vidua på sørveggen har motiv med tilknyting til Ålesund sitt næringsgrunnlag: sjøfart og fiskeri. Biletet nærast hovudinngongen viser to båtar på Genesaretsjøen. Fem av læresveinane dreg - på underfullt vis - garn fulle av fisk. Peter fell på kne foran Jesus, og Jesus seier «Frykt ikke! Fra nu av skal du fange mennesker». Det andre biletet på sørveggen viser båten med læresveinane i stormver på Genesaretsjøen. Jesus kjem gåande på vatnet mot dei, medan Peter synk då han vil gå Jesus i møte slik at han roper ut: «Herre frels meg!»
 
På nordveggen har Enevold Thømt skildra tre av Jesu likninger:
- Nærast koret ser vi likninga om dei ti jomfruene som venter på brudgommen. Fem som er førebudde og fem som manglar olje på lampene sine. Det er nok ikkje tilfeldig at dette motivet som minner oss om Jesu gjenkomst er plassert nærast korbiletet av Jesu himmelfart.
- I midten på nordveggen ser vi Kongesonen som inviterer til bryllaup. Nokre avslår fordi dei ikkje har tid, medan krøplingar, halte og blinde svarer ja på innbydinga «Kom, ti nu er det ferdig».
- Nærast inngongen ser vi likninga om den miskunnsame samaritan, der presten og levitten går forbi mannen som er overfallt og plyndra av røvarar - medan representanten for den utstøtte folkegruppa samaritanarane tek han om han som er falle mellom røvarar. Glasmåleriet har ei sterk utfordring til oss alle: «Vær barmhjertig!»
 
Anna utsmykking i kyrkjerommet
Krusifikset på nordsida av frontveggen er ei gåve frå kunstnaren Ambrosia Tønnesen (født i Ålesund i 1859) i 1937. Skulpturen står på alteret i Årstad kyrkje i Bergen, men der i marmor. I vår kyrkje er Kristusfiguren støypt i bronse, medan korset er av tre.
 
Kyrkjeskipet «Thalatta» heng over midtgongen i kyrkjeskipet og minner oss om at vi alle er innbode til å mønstre ombord på kyrkjeskipet på seilasen til himmelen.
 
Både adventlysestaken og lysgloben i smijarn er laga av Karl Ivar Hanken, Fagerlia Verkstad.
 
Den vakre døypefonten i marmor stod ferdig då kyrkja vart vigsla.
 
Sakristiet
«Koret» i sakristiet mot sørvest er dominert av eit stort veggmåleri av Jonas Peson assistert av Ole Fagermo. Dette er ikkje fresko, og diverre er målinga i ferd med å flasse av. Biletet var ferdig i 1941.
 
Dette sakristiet er elles dominert av åtter små glasmåleri utforma av kunstnaren Oddvar Straume (f. 1913 i Ørsta) godt assistert av Waldemar Nygaard som glasmeister hos O. Ellingsen & Søn. Desse åtte glasmåleria med bibelske motiv vart laga i 1957/58.
 
Dei same to kunstnarane har forresten laga nokre fleire små glasmåleri som vi finn att i dørfyllinger og prestesakristi.
 
Orgelet
I desember 1945 kunne ein ta i bruk eit nytt orgel på grunn av ei storslått gåve frå Gunvor og Aksel Holm. Orgelet hadde 70 stemmer og eit fjernverk - totalt 6.000 piper. Etter Nidarosdomen og Oslo domkirke var dette det største orgelet i landet vårt på den tid. Orgelet vart levert av firmaet J.H. Jørgensen i Oslo.
 
 
                                                                                                                                          àtilbake
 
Kyrkjene i Borgundkaupangen
Vikingkogen Olav Tryggvason kristna møringane på Dragseeidet på Stadtlandet i år 997, og vi reknar vi med at det noko etter dette vart bygd ei trekyrkje i Borgund. Borgund tok allereie ved forrige tusenårsskifte til å bli eit viktig senter på Møre, og der er avdekka ein gravplass som er eldre enn steinkyrkjene. Vi veit at det vart bygd ei steinkyrkje i Borgundkaupangen (Middelalderbyen i Borgund) i første halvdel av 1100-talet.
 
Vi rekner med at der var 3-4 steinkyrkjer på same tid i Borgund, så Borgund var eit kyrkjeleg sentrum på Møre. Margaretakyrkja (Mariakyrkja) lå nede på neset mot Klokkarsundet/ Borgundfjorden (sør for dagens Middelaldermuseum). Vi ser restane etter ho. Kledd med firkanta tilhogne marmorsteinar likna ho på Giske-kyrkja. Kanskje var det same byggherre og same arbeidsfolka som reiste desse to kyrkjene?
Det er funne restar etter to steinbygg - som vi trur er to kyrkjer - den eine rett ovanfor løa til prestegarden og den andre like nedanfor. Desse er i skriftlege kjelder omtala som Kristkyrkja og Matteuskyrkja. Til vanleg var det berre bispekyrkjer eller katedralkyrkjer som fekk namnet «Krist-kyrkje». På 1100-talet er det dessutan skrive om «bisp Tore av Borgund». Begge deler er teikn på at Borgund har vore bispesete ein periode i mellomalderen.
Peterskyrkja var den fjerde kyrkja i Borgund, og vi meiner at denne stod der dagens kyrkje står - ja til og med at ho utgjer tverrskipet i Borgund kyrkje!
 
                                                                                                                                          àtilbake
 
Historikk
Borgundkaupangen fekk ein kraftig knekk med «Svatedaugen» i 1349. Folketalet i landet gjekk ned til 1/3 - kanskje enda meir i ein «tettstad» med prestar og munkar som hadde nær kontakt med sjuke og døyande. Reformasjonen i 1537 reduserte også kyrkja si «verdslege makt». Alt i alt reknar vi med at Borgund hadde mist mesteparten av si betydning på den tid.
 
På 1600-talet vart fleire norske kyrkjer rusta opp. Peterskyrkja i Borgund var orientert aust-vest, men i 1632 vart det lagt ned ein grunnstein som markerte starten på ein byggjeprosess:
Kyrkja fekk eit tilbygg mot nord - truleg bygd med stein frå Margaretakyrkja. Inventar som altartavle, preikestol, galleri m.m. vart laga i ein overdådig barokkstil, utført som relieiff utskore i eiketre. I 1847 vart koret flytta frå aust til langveggen i sør. Det vakre altaret og preikestolen vart flytta og teke vare på. Kyrkja vart overteke av kommunen (i 1864) og i 1869 vart kyrkja vigsla etter å ha fått eit nytt påbygg mot sør. Kyrkja var no ei krosskyrkje - med altar mot sør og hovudinngong mot nord. (Altså det motsette av dagens kyrkje)
 
13. april 1904 - same året som bybrannen i Ålesund, men nesten tre månader seinare! - brann Bogundkyrkja! Ingen ting vart berga, kyrkja med alt inventar og all kyrkjekunsten brann opp.
 
Det vart raskt bestemt at ny kyrkje skulle byggjast på same stad som den gamle kyrkja. Arkitektane Christian og Hans Siegwart la vinn på at den nye kyrkja skulle ha trekk frå den gamle kyrkja - og ein skulle i stor grad nytte om att dei solide steinmurane. Kyrkja har soleis trekk frå både romask og gotisk stil, og dei la vekt på at det nye interiøret skulle ha same preg som i gamlekyrkja - barokk. Dei same arkitektane har også stått for m.a. Latinskolen, Aarflothuset, Korsegata 9 og St. Olavs plass 1 (Sparebanken)
 
Altertavla
Det var bilethoggaren Nicolai Mejdell som skar ut altertavla i eik, men han hadde ei skisse laga av kyrkjearkitekten. Tavla hadde same oppbygging som den gamle altertavla, med Jesu siger over død og syndefall som sentralt motiv. Gjennom krossfestinga (nederst) sigrar han over dei vonde maktene, syndefallet og dauden (i midten) - og kjem attende til lyset frå dødsriket (i lys eik) og fer opp til himmelen øvst. Med opne armar tek han der imot alle menneske! Englar gler seg over oppstoda, og dei fire evangelistane finn vi med sine symbol: Matteus - menneske, Markus - løve, Lukas - okse og Johannes - ørn.
 
Preikestolen
Hans Johan Johannessen skar preikestolen som blir boren oppe av døyparen Johannes. Rekkverket er delt i felt med fire englar mellom: Nedst ein engel med folda hender - bøna, deretter ein engel med Bibelen - trua, den tredje har eit anker - vona om evig liv og den øvste held ei harpe - lovsongen.
I biletruter langs rekkverket og rundt preikestolen ser vi åtte felt som framstiller Jesu liv: Jesu fødsel, flukten til Egypt, Jesus i Tempelet, Jesus som lærar og gjer under, Jesu dåp, Enka sin skjerv, Jesus lækjer sjuke, Jesu signer maten, Jesus bed i Getsemane.
Over preikestolen er der ein baldakin med dei sju diakonane med Stefanus i midten.
 
Anna treskurd
Galleriet mot aust viser kristninga av Norge med kongane Håkon den gode, Olav Tryggvason, Olav den heilage og Olav Kyrre. Kvinnene står for: forkynning, lovsong, tru og hylding.
Galleriet mot vest syner personar frå Det gamle testamente: Abraham, Moses, David - med tempelsøylene i Jerusalem i midten.
Orgelgalleriet har representantar frå mange yrke: Gud gjer ikkje skilnad på folk og alle er velkomne til kyrkje, uansett stand og stilling. Fin symbolikk plassert over hovudinngongen!
Døypefonten har ei mor med eit born på toppen (Maria med Jesus-barnet), og ein himmelstige opp mot taket.
 
I tillegg til Nicolai Mejdell og Hans Johan Johansen har følgjande treskjerarar teke del: Lerdal, Johnsen, Lars Kinsarvik og Johannes Rykken.
 
Seinare har Oddvin Parr frå Synnylven skore ut den nye orgelfronten (1981), salmetralle, lesepult, prosesjonslysestakar og oppslagstavle.
 
Glasmåleri
Glasmåleria i koret har motiv frå Det nye testamente og er laga av glasmeister G.A. Larsen i Oslo. Glasmåleria på orgelgalleriet syner Johannes, Peter og Jacog og dei er laga i England.
 
Orgelet
Borgundkyrkja fekk orgel i 1864. Nytt orgel i 1908 på austgalleriet. Dette vart ombygd i 1957-58 og flytta til galleriet mot sør. I 1981 stod eit nytt orgel ferdig, levert av Marcussen & Søn i Aabenraa, Danmark. Eit mekanisk orgel med tre manualar, 35 stemmer og 2.240 piper. Oddvin Parr frå Synnylven har skore ut orgelfronten (1981).
 
Altar i austskipet
I krossarma mot aust ser vi eit steinaltar som truleg har stått i ei av dei gamle kyrkjene i Borgund. I steinplata finn vi rom for relikvier - heilage minne/gjenstandar i katolsk tid.
 
                                                                                                                                          àtilbake
 
Der ligg også Ellingsøy kyrkje som vart vigsla i 1998. Då hadde ein brukt sokkeletasjen som kyrkje sidan 1989. I underetasjen driv Ellingsøy sokneråd eigen barnehage.
 
Denne kyrkja har omlag 400 sitjeplassar, og er utsmykka av kunstnaren Håkon Gullvåg. Arkitekt er Oskar Norderval, son til «Ishavsbispen».
 
                                                                                                                                          àtilbake
 
Den store befolkningsauken i indre Ålesund gjer at Spjelkavik kyrkjelyd med omlag 17.000 medlemer er den tredje største kyrkjelyden i heile landet. Spjelkavik vart skilt ut som eige prestegjeld i 1977, og i 1987 stod den nye kyrkja ferdig på Moa. Arkitekt er Alf Apalseth.
 
Kyrkja er bygd i betong forblenda med raudbrun teglstein. Innvendig er det teglstein, betong og lyst treverk. Kyrkja har omlag 600 sitjeplassar. Kyrkjetårnet i betong er frittståande.
 
Marcussen & Søn i Danmark leverte i 1992 orgelet som har 26 stemmer.
Over alteret svever «det nye Jerusalem» i form av ein bronseskulptur laga av kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik. Han har også laga eit par andre bronseskulpturar som står ved alterringen.
 
Kyrkjelyden har sidan samla inn engar for å få på plass glasmåleri i vindauga øvst på kyrkjeveggane. Dei har blitt montert etter kvart – og i 2007 var alle glasmåleria på plass. Dette kunstverket er utført av Håkon Bleken.
 
 
                                                                                                                                          àtilbake
 
Volsdalen kirke vart vigsla i 1974 etter at den nye kyrkjelyden i fleire år hadde nytta menighetshuset som kyrkje. Det var den snekkarkyndige soknepresten Bjørn Siem som stod i spissen for dette byggjearbeidet. Arkitekt var Leif Olav Moen og kyrkja har 500 sitjeplassar.
 
Det som særpreger kyrkja er kunstverka til Franz Widerberg. Altertavla er eit triptykon (tredelt måleri) som framstiller Jesu inntog i Jerusalem, Jesu dåp og engelen og kvinna ved Jesu grav påskemorgon. På kvar side av altertavla er det også eit Widerberg-måleri. Vestveggen bak alteret er elles dominert av eit 17 meter høgt glasmåleri. Same kunstnar står også for glasmåleria i alle vindua mot nord langs heile kyrkjeskipet.
 
 
                                                                                                                                      
                                                                                   
                                                                                                                                  àtilbake
 
Skarbøvik kirke vart vigsla i 1995 og er eigd av ei stifting i Ålesund sokn. Kyrkja vart bygd med mykje dugnadsinnsats etter at kyrkjelyden sjølv gjennom mange år hadde samla inn penger til ei arbeidskyrkje i nærmiljøet. Arkitekt var Oskar Norderval. Det er eit frittståande klokketårn ved sidan av kyrkja, og kyrkjeklokka kjem frå Osen Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Kyrkja har om lag 150 sitjeplassar. Underetasjen var leigd ut til kontor for Ålesund kommune, men vart i 2005 bygd om til lokale for kyrkjelyden sin eigen aktivitet – med garderobe, toalett, kjøkken og samlingsrom.
                                              
                                                                                                                                àtilbake
                                                                                    
 Skriv ut   

 Enter Title

Klikk Rediger fra verktøylinjen for å endre innholdet.
 Skriv ut   

Copyright 2008 by Ålesund kirkelige fellesråd