Kaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Kaste (frå latin castus, 'rein', gjennom portugisisk casta, 'ublanda rase') er ei nemning som særleg visar til dei åtskilde samfunnsgruppene i det indiske kastesystemet. Det kan òg visa til fastlåste klassar med ulik status i eit samfunn.

Omgrepet blei først brukt av portugisarar for å skildra samfunnsordninga dei møtte i India då dei kom dit på 1500-talet. Menneske der blei fødde inn i kaster som dei høyrde til heile livet. Kasten bestemte kva arbeid dei kunne ta, kven dei kunne gifta seg med og kva sosiale normer dei måtte følga. Dei som braut normene kunne bli kasta ut av kasten sin og bli kastelause.

Kastesystem har òg utvikla seg andre stader i verda, men få til å bli så systematiske som det indiske.

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Visningar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk