Forskar på pinsevenn-musikken

Professor Per Kjetil Farstad ved Institutt for musikk, Universitetet i Agder, studerer musikken i pinsevennbevegelsen, og analyserer korleis musikken fungerer i kulturell og religiøs samanheng.

Professor Per Kjetil Farstad analyserer musikken innen pinsevennbevegelsen som del av forskningsprosjektet RESEP - "Religion som estetiserende prakis". Gitar er et sentralt instrument i pinsevennmusikken.

Professor Per Kjetil Farstad analyserer musikken innen pinsevennbevegelsen som del av forskningsprosjektet RESEP - "Religion som estetiserende prakis". Gitar er et sentralt instrument i pinsevennmusikken.

Forskinga er ein del av det tverrfaglege forskingsprosjektet RESEP - «Religion som estetiserende prakis» - ved UiA, leia av professor Pål Repstad, professor Elise Seip Tønnessen og førsteamanuensis Anne Løvland ved Fakultet for humaniora og pedagogikk.

Bok kjem neste år

Per Kjetil Farstad har planar om å gje ut bok om den norske pinsevennmusikken. Forskinga spenner frå tidleg på 1900-tallet, men handlar ikkje minst om pinsevennmusikken i samtida.

– Boka bygger på forskingsprosjektet og kjem ut i 2012. Pinsevennene er eitt av dei største dissentarsamfunna i Norge, og eg synest det er på tide at denne viktige delen av norsk musikkhistorie vert løfta fram, seier han.

Forskerforum presenterar Per Kjetil Farstad og prosjektet hans over fire sider i magasinet Forskerforum nr 6/2011 - juniutgåva. Artikkelen står på sidene 23 - 27.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 20.06.2011
Sist oppdatert 20.06.2011

Kommentarer