Måndag
30/12-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Heisa flagget og skåla i champagne


Flagga: Tysdag blei tunellen mellom Århus og Gvammen endeleg formelt banka gjennom i Stortinget. Ap-politikarane Halfdan Haugan, Aud Jonskås og Trond Johnsen markerte det med flaggheising og champagne.

Ap-politikarane Aud Jonskås, Trond Johnsen og Halfdan Haugan markerte Mælefjelltunellen med å sprette champagne og heise det norske flagget.




– Yes!
Halfdan Haugan har fått den bekreftande sms’en frå stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen. Tunellen mellom Århus og Gvammen har blitt endeleg godkjent av stortingspolitikarane med Nasjonal transportplan. Til stades i stortingssalen var både rådmannen og ordføraren i Seljord.
Sjølv om det endelege vedtaket berre var ein formalitet, nyttar Haugan og partikollegaene Aud Jonskås og Trond Johnsen høvet til å feire at ein 20 års kamp er over.

Tverrpolitisk
Dei er raske med å understreke at det lokalt har vore tverrpolitisk semje i kampen for den 9 kilometer lange tunellen. Tidlegare ordførarar som Edvard Mæland (H) og John Kleivstaul (Sp) får ros for å ha leia kampen, men det er ein annan politikar som fekk i gang tankane hos kollegaene.
– Eg meiner det var Magne Wrålstad (KrF) som fyrst sa det i eit kommunestyre. Det var i samband med trasediskusjonar, og at ein like godt kunne kome ut ved Århusmoen som Håkkedalen, mimrar Haugan.
Det har vore ein lang kamp. I ti år blei det kjempa om trasear, som nord eller sør for Lifjell. Sentrum i Flatdal og Hjartdal kom til å døy, frykta mange. Dei innrømmer at det heller ikkje var semje innan fylkespartiet.

Gode på omkampar
– Eg trur eg har snakka med fire samferdsministrar. Signalet var klart: Me måtte vera einige om trasevalet lokalt. Det er ingen tvil om at kampen kunne vore kortare, seier Haugan.
– Det er viktig med ein open demokratisk prosess, men når noko er bestemt, må ein stille seg bak det. Av og til er ein med fleirtalet, andre gonger ikkje. Det må me lære av denne prosessen. Telemark har vore gode til å ta omkampar, held Haugan fram.
Prosjektet var inn og ut av NTP. Men dei siste åra har det blitt «ljos i tunellen».
– Dette viser at det nyttar å jobbe hardt og stå på, meiner Trond Johnsen.


Artikkelen er publisert 20/06-2013

Aktuelle saker:
Gutedraumen blir oppfylt
Ein veg å bli dårlegare av
Ho som blei bergteken
Samla om bygdejuvelen
Ikkje berre glitter og stas
Overraskande førejolsgåver
Budsjettsemje i sluttsekundane
Drama i Folkestadbyen
Bygda får advokat att