Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Nissedal kyrkje:
Kyrkja blei vigsla 12. september 1764. Ho er bygd som ei krossforma tømmerkyrkje med 270 sitjeplassar. Altartavla og altarbordet frå 1600-talet er truleg henta frå den gamle mellomalder-kyrkja som stod på same staden. Ein messehakel omsydd frå ei gamal korkåpe, er frå tida før reformasjonen 1537. Ved kyrkja ligg og ein del av eit gamalt katolsk altarbord i stein.

Tveit kyrkjegard:
Her låg den eldste kyrkja i Treungen. Ho er nemnd i erkebiskop Øysteins hyrdebrev i 1395 som 'Kyrkja på Thveitar i Tridungenum.' Universitetes oldsakssamling har ein skoren madonnafigur i tre frå denne kyrkja. Den skal vere eit norsk arbeid som er laga på 1200-talet.Den andre kyrkja på Tveit blei bygd i 1750. Det var ei langkyrkje av tømmer med våpentårn og klokketårn med spir. Denne kyrkja blei riven i 1863, og ein del av tømmeret blei bruka i kyrkjestova som står ved den noverande kyrkja i Treungen. 29. juli 1984 blei ein klokkestøpul innvigd på kyrkjegarden på Tveit.

Treungen kyrkje:
Kyrkja blei vigsla 25. mars 1863. Ho er bygd som ei langkyrkje av tømmer med 250 sitjeplassar. Altartavla, døypefont, nattverdsylv og kyrkjeklokker frå 1750-talet er henta frå den gamle kyrkja på Tveit. Kyrkjestova som ligg like ved kyrkjegarden, er bygd av tømmer frå den gamle kyrkja.

Felle kapell:
Kapellet blei vigsla 3. oktober 1971. Det er eit vakkert, lite og vel utstyrt kyrkjehus med 80 sitjeplassar. Fire tresnitt med motiv frå frelsessoga utgjer tilsaman eit stilreint, krossforma altarbilde. Kapellet har og ei variert og interessant kunstsamling med religiøse gjenstandar frå mange land.  

Sist oppdatert 15.09.2011