Måndag
5/5-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Blir store innan kraft frå eigne småanlegg


Gunnar Wraa (t.v.) og John Flatland inne i småkraftverket ved Flatlandsåi, eit anlegg som blei prøvekøyrd for kort tid sidan. Grunneigarane satsar på eit stort samarbeid for å utnytte naturkreftene.

Vrådølane John Flatland, Gunnar Wraa og Inge Fjalestad satsar 19 millionar kroner i eit samarbeid om å utnytte vassressursane. Produksjon av straum i Flatlandsåi kraftverk startar no i januar. Når grunneigarane sitt selskap Vrådal kraft snart også har fått på plass to minikraftverk, vil det fosse fram nok straum til å dekkje forbruket i ein stor del av Vrådal.




I mange år har det vore snakk om å byggje småkraftverk ved Flatlandsåi. For ei tid tilbake hadde Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) eit møte om småskala kraftproduksjon, og det sette fart i utbyggingssaka. Prosjektet i Vrådal var eitt av dei VTNU meinte det var best økonomi i.
John Flatland, Gunnar Wraa og Inge Fjalestad etablerte selskapet Vrådal kraft. Ein konsulent såg nærare på småkraftverksaka, og i 2001 fekk Noregs vassdrags- og energidirektorat ein søknad om å få løyve til å byggje anlegget. Utbygginga starta i 2004, og rett før jol var det prøvekøyring av småkraftverket som kan produsere straum nok til 250 husstandar, kvar med eit årleg forbruk på 20.000 kwh. Totalkostnaden for anlegget er ni millionar kroner. Dei tri grunneigarane har reist ein million kroner i eigenkapital, og elles tatt opp lån på sju millionar kroner.
Snart utvidar Vrådal kraft prosjektet med to minikraftverk på skuggesida av Vråvatn. Totalt for dei tri anlegga blir det investert 19 millionar kroner.

Overskot etter nokre år
– Me samarbeider om å utnytte naturressursane. Det er eit pluss for bygdene viss grunneigarane kan samarbeide der det ligg til rette for det, kommenterer Gunnar Wraa om grunnen til at selskapet blei etablert.
Den produserte straumen vil bli selt til marknadspris. Med dagens pris vil investeringa ved Flatlandsåi vere nedbetalt etter 15 år. Årlege driftskostnader for anlegget vil liggje mellom 100.000 og 150.000 kroner.
– Klarer me å ta oss av serielånet med faste avdrag, slik meininga er, vil fortenesta auke gradvis. Me håper på overskot i drifta etter mellom fem og ti år, seier Wraa og Flatland.
Dei fortel elles at lokale bankar ikkje var spesielt positivt innstilte til å gje lån. Derfor blei Landkreditt løysinga på dei sju millionane som trongst.

Ny utnytting av vasskrafta
Produksjonsstarten av Flatlandsåi kraftverk er like rundt hjørnet. Alt verka bra under prøvekøyringa, så nær som eit lager i ulage.
No er Wraa og Flatland spente på om kraftverksatsinga får grønt sertifikat som forureiningsfri energikjelde. Det gjev ein fin pluss på straumprisen. Mellom anna skulle småkraftverk etter 1. januar 2004 få slike sertifikat. Så får ein sjå om regjeringa kjem til å gjere endringar som vil gje negativt utslag for Vrådal kraft.
Vidare for framtidig økonomi i prosjektet er at produksjonsevna i anlegget sjølvsagt er avhengig av vêret.
– Me som driv og produserer straum har ein heilt annan definisjon på fint vêr enn andre har, smiler Wraa.
Flatlandsåi kraftverk er etablert nesten vegg i vegg med det som i ein periode var hovudsaga i Vrådal, anlegget som blei ført opp tidleg på 1800-talet.
– Vasskrafta blei utnytta her i mange år. No held tradisjonen fram, men med ei litt anna utnytting enn før, avsluttar Flatland.

Vrådal kraft
John Flatland, Gunnar Wraa og Inge Fjalestad har etablert selskapet Vrådal kraft. Fyrste byggjesteg står no ferdig, ei investering på ni millionar kroner i Flatlandsåi kraftverk på solsida av Vråvatn. Nedslagsfeltet for småkraftverket er på 12 kvadratkilometer. Ånevatn er det største vatnet i området, og har ikkje noko fysisk regulering. Frå dette vatnet er det laga ei to kilometer lang røyrgate gøymd i bakken. Røyret er ein halv meter i diameter i innvendig mål. Fallet ned til småkraftverket er på 340 meter. Ved full produksjon kan det renne 450 liter vatn i sekundet i røyret. Det er elles eit krav om at det skal vere minst 20 liter i sekundet i minstevassføring i elva.
Flatlandsåi kraftverk har kapasitet til å produsere 11,4 gwh. Eigarane reknar med at den reelle produksjonsevna blir 45 prosent, eller 5,2 gwh. Reknar ein 20.000 kwh som årleg forbruk hos ein familie, vil småkraftverket produsere straum til 250 husstandar.
Vrådal kraft skal i tillegg byggje to minikraftverk på skuggesida av Vråvatn. Desse vil produsere totalt 4 gwh. Snart kan selskapet vere i stand til å produsere kraft som dekkjer forbruket i ein stor del av heile Vrådal. Den totale investeringa for dei tri prosjekta er 19 millionar kroner.

Artikkelen er publisert 03/01-2006

Aktuelle saker:
«Et udmerket Eksemplar av disse belæste Fjeldbønder»
Tek ansvar for eige «elgfjøs»
Dei grønkledde er tilbake
«I klassa synest me spesielt nummer fem er veldig viktig. Den er at foreldre har plikt til å passe på barna.»
Skaper ljos framtid
Sommarstemning på NM
– Beste asfalt-år på lang tid
Lokalbank på nye stader
Hekta på luftige svev