Kommunevåpen

. begrenset

Plassering

KF-bok. begrenset

Stord, kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland, omfattar den søraustlege halvparten (ca. 127 km2) av øya Stord, øyane Huglo (13,9 km2), Føyno (1,3 km2) og nokre småøyar.

Stord vart oppretta som kommune då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå kommunen vart Fitjar utskilt i 1863 og Valestrand i 1868. Stord fekk sine noverande grenser i 1898 då øya Huglo vart overført frå dåverande Fjelberg kommune.

Natur

Langs grensa mot Fitjar i nordvest går eit belte sørvest-nordaust med harde eruptivbergartar i den kaledonske foldesona, hovudsakleg gabbro mv. i sør, grønstein og amfibolitt sentralt og granitt i nord. Her finn ein eit kupert fjellområde, og i granittområdet i nord det høgste fjellet i kommunen, Mehammarsåta (749 moh.).

Fjellområdet i nordvest har eit etter måten skarpt skilje mot det småkuperte låglandet i den søraustlege delen av kommunen; dette skiljet fylgjer omtrent ei line fra Sagvåg i sørvest til Agdestein i nordaust. I søraust finn ein ulike omdanna kambrosiluriske sediment, særleg fyllitt, men også sandstein og konglomerat, likeeins marmor og jaspis og på Litlabø i sørvest grønstein. Kysten i aust er etter måten jamn, men i sør og vest er det mange bukter og våger med gode hamner.

På Huglo finn ein mykje av den same berggrunnen som på hovudøya Stord, granitt sentralt på øya og elles spreidde førekomster av kambrosiluriske sediment langs kysten. Småøyane i sør (Føyno, Nautøya, m.fl.) består av omdanna kambrosiluriske sediment.

Fyllitten forvitrar lett til god dyrkingsjord, og landskapet søraust på hovudøya ligg lunt til for havvindar. Næringsrik berggrunn og gunstig klima gjer at planter som barlind og kristtorn trivst.

Grønsteinen på Litlabø inneheld mykje svovelkis, og fram til 1968 var det drift på denne. På Vikanes ved Sagvåg har det vore marmorbrot, og på Huglo har kalksteinsbrot vore ei viktig attåtnæring frå 1500-talet.

Busetnad

Det meste av busetnaden er konsentrert til kyststripa i sør. Her ligg dei to store tettstadene Leirvik og Sagvåg med høvesvis 13 478 og 3416 innbyggjarar i 2013. I alt 93 prosent av befolkninga i Stord budde i 2013 i tettstader mot 82 prosent i heile Hordaland.

Folketalet i Stord voks særleg sterkt frå midt på 1950-talet og fram til slutten av 1970-åra i kjølvatnet av den sterke utbygginga av A/S Stord Verft etter at Aker frå 1956 kom inn som medeigar. Sidan har veksten vore litt svakare, men folketalet har heile tida vist klar vekst og låg i 2014 3,7 gonger høgare enn ved slutten av krigen. I tiårsperioden 2004-14 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 1,2 prosent årleg mot 1,3 prosent i Hordaland.

Næringsliv

Industri var hovudnæringa i Stord alt frå 1920, og frå 1946 og fram til 1970-åra arbeidde meir enn halvparten av alle yrkesaktive innanfor industri/handverk. I dag er andelen industri av arbeidsplassane redusert til 26 prosent (2012), 34 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Verkstadindustrien er den viktigaste industribransjen med 63 prosent av arbeidsplassane i industrien. Kværner Stord, Aker Elektro og Apply Leirvik er dei største, og desse saman med fleire mindre verksemnder i bransjen arbeider med offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning. Aker Stord bygde fram til 1975 supertankarar på inntil 370 000 tonn dødvekt, men då krakket i tankmarknaden kom, gjekk selskapet over til å byggje dekka til dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen.

I 2012 var 15 prosent av dei yrkesaktive tilsette i varehandel og hotell- og restaurantdrift, medan mindre enn 1 prosent var knytt til primærnæringane.

Stord har stor innpendling frå dei omliggjande kommunane. I 2012 var 20 prosent av arbeidstakarane ved arbeidsplassane i kommunen busett i andre kommunar, 15 prosent i dei andre kommunane i Sunnhordland åleine.

Samferdsle

Leirvik er eit samferdsleknutepunkt med snøggbåtsamband til andre stader i Sunnhordland og til Bergen, og bussruter m.a. til Haugesund, Stavanger og Bergen. Bilferjesamband frå Skjersholmane utanfor Leirvik til Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy i Kvinnherad kommune, og helgesamband til Utbjoa i Vindafjord kommune i Rogaland. Frå Jektevik går det bilferje til Huglo og til Hodnanes i Tysnes (Fv. 49). På vestsida av Stord går Fv. 545, og langs austkysten E 39 (Kristiansand–Trondheim).

Trekantsambandet opna i 2001 og gjev fastlandssamband på E 39 sørover, og dessutan brusamband til Bømlo (Fv. 542). Det ligg føre planar om ferjefritt vegsamband på E 39 også nordover mot Bergenshalvøya. Heilt vest i kommunen ligg Stord lufthamn Sørstokken, ein kortbaneflyplass med faste avgangar til Oslo, Molde, Færøyane og Danmark.

Offentlige institusjonar m.m

Stord er eit skulesenter med m.a. Høgskolen Stord/Haugesund (m.a. lærar- og sjukepleiarutdanning) og vidaregåande skule. Stord sjukehus er somatisk sjukehus for kommunane Stord, Tysnes, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad.

Avisa Sunnhordland kjem ut i Leirvik fem dagar i veka. Lokalkontor for NRK. På fjellet Kattnakken er Stord fjernsynssendar (724 moh.).

Stord svarer til Stord og Nysæter sokn i Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedøme, Stord lensmannsdistrikt i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og høyrer under Sunnhordland tingrett.

Historikk og kultur

I Hystadmarkjo kan ein sjå 12 gravrøyser, nokre av dei har gjeve rike funn frå bronsealderen. Her er også friluftsområde med naturreservat. I Sunnhordlandstunet i Leirvik har Sunnhordland Museum samlingane sine, med ti bygningar frå ulike stader i Sunnhordland, m.a. Ådlandsstova, ei årestove fra mellomalderen. Her er også ei rik samling modellar laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein frå Stord. Stord maritime museum på Leirvik har m.a. ei rik samling motorar.

På Litlabø er mange interessante spor etter A/S Stordø Kisgrubers bergverksdrift 1868-1968. Gruvemuseum og aktivt venelag for 'Gruo'.

Sagvåg har ein lang båtbyggjartradisjon.

Stord kyrkje er i pussa tegl og vart bygd i 1857, restaurert i 1957. Utanfor kyrkja er det reist eit krigsminnesmerke over dei falne under andre verdskrigen. Kunstnar er Torleiv Agdestein. Nysæter kyrkje vart reist i 1992. På Leirvik er stort kulturhus med bibliotek, kino og 25 m symjebasseng.

Stord kommunestyre vedtok i 1997 bystatus for tettstaden Leirvik.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har ein kristtorn i gull mot raud bakgrunn; planten er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.

Namnet er opprinneleg namn på øya, norrønt Storð med uviss tyding. Det kan ha samanheng med ster- som betyr 'rage opp'; siktar då til dei høgare delane av øya. Namnet kan og tolkast som 'ungskog, krattskog', av norrønt storð, 'ungrenning, ungvokster', og siktar i så fall til dei søraustlegaste delane av øya.

Tilrådd lenke

Videre lesning

Forfatter av denne artikkelen

Artikkelen ble sist oppdatert 16.03.2015.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Fagansvarlig for Stord

Geir Thorsnæs

Fagansvarlig har ansvar for å:

  • Vurdere endringsforslag fra leserne
  • Svare på spørsmål i kommentarfeltet
  • Skrive nye artikler
  • Forvalte og oppdatere gamle artikler

Vil du bli fagansvarlig?

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.