I dag er det 25 år sidan Noregs Bank gav ut den fyrste pengesetelen med nynorsk tekst, med motiv av A. O. Vinje. Og det har gått 62 år sidan Noregs Mållag reiste eit krav om nynorske pengesetlar.
I 1984 vart 50-lappen med sjølvaste Aasmund Olavsson Vinje på, laga for fyrste gong. Den gongen vekte det sterke reaksjonar at 50-lappen skulle få eit slikt ”nynorskstempel”.
Dåverande styremedlem i Noregs Mållag, Astrid Versto, poserte saman med 50-lappen og oppfordra folk som ikkje ville ha noko med denne 50-lappen å gjere – om å sende den rett til Noregs Mållag!
Les meir om saka her.Ein av dei som var sentrale i arbeidet med å få nynorske pengesetlar er heidersmedlem i Noregs Mållag, Einfrid Persdølen. Les meir om ho i
www.allkunne.no