ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN FOR TUSTNA KOMMUNE

 

Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.

 

Edøy herad

Då formannskapslovene vart sett ut i livet i 1837, vart Edøy prestegjeld eit eige formannskapsdistrikt. Dette var eit stort distrikt, og det vart etter kvart trong for reguleringar. I eit møte den 17. mars 1863 vart det vedteke at Tustna skulle byggje kyrkje og skiljast ut som eige kyrkjesokn. Nokre år seinare, i eit møte den 12. september 1870, vart det også sett fram krav frå representantane i formannskapsdistriktet om at Tustna kyrkjesokn skulle skiljast ut som eige herad.

 

Tustna herad

I ein kongeleg resolusjon av 3. mai 1873 vart det slått fast at Tustna skulle skiljast frå Edøy herad. Det siste fellesmøtet for Edøy og Tustna vart halde den 22. mars 1873, og frå 1. januar 1874 vart Tustna sokn både formelt og i praksis eit eige herad. Samstundes gjekk Tustna kyrkjesokn over frå Edøy prestegjeld til det nyoppretta Halsa prestegjeld.

Medan det gamle Edøy formannsskapsdistrikt hadde vore på 441 km2, vart det nye Tustna herad no på 169 km2. Når det gjeld folketalet i Tustna herad, var det på 1179 innbyggjarar i ved opprettinga i 1874.

 

Heradet omfatta øyane Tustna i vest, Stabben austafor Solemsundet og vestsida av Ertvågøya austafor Imarsundet, forutan ei rekkje små øyer og holmar.

Området på vestsida av Ertvågøya vart skild frå Tustna herad frå den 1. januar 1965, då det med sine 85 innbyggjarar gjekk over til Aure kommune.

 

 

Kjelder:   Helland, A.: Romsdals amt, bd. II. Kristiania 1911

                 Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939

                 SSB: Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999