Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Her vert det bora med handhaldne trykkluftkompressorar på forskjeringa til Lotetunnelen i 1960. Dei byrja først på nordsida av tunnelen, på Nordfjordeid-sida. Før Lotetunnelen vart bygd var tunnelane i fylket ikkje over 1 km lange. Lotetunnelen er typisk og representativ for perioden den vart bygd, med ei lang rettline, eit lite høgbrekk og skarpe svingar i endane.
© Opplasting og utkøyring av stein med stubbebrytar som løfteinnretning, og skinnetraller på forskjeringa.
© Tunnelreinsk.
© Opplasting av sprengt fjell med Ruston beltemaskin på lastebilen kalla "Brumle", som i etterkrigsåra gjorde arbeid for vegvesenet i Nordfjord. Gravemaskina, ein 19 RB, var flunkande ny og rekna som det mest moderne utstyr heilt til gravemaskiner med hydraulikk overtok. Fleire av denne typen gravemaskiner vart seinare overtekne av ein bruktmaskinhandlar og sende til Singapore.
© Lotetunnelen var ferdig i 1966, og Stortinget vedtok då å byggja ferjeleie på Anda. I 1968 opna ferjesambandet Anda-Lote. Med nytt ferjesamband og Lotetunnelen vart vegen kort mellom Sandane og Nordfjordeid. Ein viktig del av kyststamvegen var på plass. Her ser vi bygginga av ferjelemmen på Anda. Første ferjeturen mellom Anda og Lote gjekk på pinseaftan 1. juni 1968 kl 07.50. Trafikken var stor frå første stund. Ferja M/F "Davik" gjekk i pendeltrafikk og frakta 1200 bilar og 4900 personar i løpet av denne pinsehelga. I 1969 vart M/F "Davik", som då var alt for lita for sambandet, avløyst av M/F "Lote".

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Slik såg den revolusjonerande, men heimelaga, boreriggen ut. Det smarte med boreriggen var at dei kunne setta boremaskinene i fleire høgder. Dette letta arbeidet med tunge boremaskiner og knematarar inne på tunnelstuffen. Arbeidet vart både meir rasjonelt og billegare. Riggen vart brukt i andre tunnelar seinare, først i tunnelen gjennom Kjøshammaren (vegen til Grodås), og deretter i fleire tunnelar i Sogn.

Lotetunnelen - bygd med heimelaga borerigg

Arbeidet med Lotetunnelen (2857 m) byrja i 1959, og var då den lengste planlagde vegtunnelen i Sogn og Fjordane. Utgangspunktet var handboring, men arbeidsstokken i Nordfjord vegavdeling såg for seg ei mekanisk innretning som sparde dei for arbeidet med å halda dei tunge boremaskinene. Saman laga dei den første boreriggen i fylket.

For kostbart med maskinboring

Boring var slitsamt og tidkrevjande. Rundt 1930 vart det utvikla utstyr for maskinboring. Boremaskinene vart drivne av trykkluft som kom frå ein kompressor. Trykkluft som drivkraft kom til å revolusjonera fjellboringsarbeidet i vegbygginga. Men vegsjef Knud Knudsen avviste bruk av slikt utstyr, då han meinte at maskinboring var uøkonomisk i eit distrikt som hadde så gode fjellarbeidarar. Sidan det var stor arbeidsløyse i 1930-åra, tykte han det var uforsvarleg å nytta maskinboring. Fram til Knudsen gjekk av som vegsjef i 1936, vart det difor ikkje nytta maskinboring.

Dei første luftkompressorane i fylket

Dei første luftkompressorane som kom i bruk i vegarbeidet i fylket, var slike som var att etter den tyske okkupasjonsmakta. Ein god del vart henta frå Årdal. For tyskarane var det viktig at arbeidet gjekk raskt og effektivt.

Eit pionerprosjekt

Å driva ein tunnel rett gjennom fjellet frå Nordfjordeid til Lote var i utgangspunktet litt av eit pionerprosjekt i Sogn og Fjordane. Tunnelen på nesten 3 km var mykje lenger enn det som hadde vore drive av tunnelar før i fylket. Rettnok dreiv Sunnfjord vegavdeling ein like lang tunnel gjennom Magnhildskaret, mellom Myklebust og Haukå ved Nordalsfjorden, men ingen i vegvesenet hadde særlege erfaringar med ein så lang tunnel. Det låg difor store innsparingar i å tenkja ut rasjonelle driftsmåtar.

Med heimelaga borerigg

Handboring var svært tungt då dei måtte halda boremaskinene i hendene. Då dei skulle til med Lotetunnelen var det fleire som ønskte å laga til ei innretning som maskina kunne stå på, slik at ein slapp å halda dei i hendene. Saman med Atlas Copco, eit av firma som leverte utstyr, prøvde arbeidarane frå Nordfjord vegavdeling å laga ein borerigg.

Eit unikum blir bygd

Dei bygde boreriggen på ein gammal verkstad på Maurstad, som vegvesenet leigde. Boremaskinene vart sette fast på ei plattform. Dei brukte ein gammal lastebil som utgangspunkt. Drivkreftene i arbeidet med den nye boreriggen var Atlas Copco. Designet av riggen kom i stor mon frå deira idear og råd. Arbeidsfolket i vegvesenet hadde på den tida liten erfaring med korleis ein skulle driva lange tunnelar.

Pionerarbeid

Riggen vart bygd i fleire høgder med knematarar. Seinare lanserte Atlas Copco stigematarane, som var nytt, der maskinene sjølve "mata" seg framover. Arbeidsoppgåvene for mannskapet var å skifta trinn for mataren og skifta bor. Mange var svært skeptiske til om dette kunne gå. Så viste det seg alt ved første utprøving at bukken verka svært så bra. Den vart sett på som litt av eit unikum. Eit lite problem var at det ikkje var meir arbeid enn til fire mann mot seks frå før.

Sjølvhjelpne og oppfinnsame

Noko av kjennemerket til vegvesenet i perioden etter krigen var at etaten hadde rom for denne type kreativitet for å løysa stadig nye problem som oppstod, anten det var tekniske forhold eller forhold som gjaldt drifta. Verkstadfolk og vegarbeidsdrifta var i stor grad med på å skapa eit effektivt vegvesen. Slik skapte dei og ein spennande og god arbeidsplass i distriktet.

Vegsjefen mot tunnelen

I vegvesenet var det stor skepsis til ein så lang tunnel i 1956, då fylkestinget handsama saka. Vegsjefen gjekk i mot å byggja ein tunnel med følgjande grunngjeving: "Etter det således foreliggende tillater en seg å anbefale at en ser bort fra tunnel-løsningen selv om denne gir en innkorting av reiselengden på mer enn 12 km. Løsningen er langt den kostbareste og tunneler på så store lengder som her forutsatt byr på usikkerhetsmomenter og krever utgifter til ventilasjon og belysning som formentlig mer enn oppveier det en sparer i vedlikehold av den innkortede veglengde." Vegsjefen gjekk inn for å byggja vegen frå Lote over .. Denne veglina ville gje betre lokal vegutløysing.

Verdsrekordar

Det var ikkje berre Noreg som hadde lange vegtunnelar. Året før arbeidet med Lotetunnelen byrja, vart arbeidet med den 5,8 km lange St. Bernhard-tunnelen mellom Sveits og Italia påbyrja. Det var den lengste vegtunnelen i verda då den opna i 1964, men vart slegen alt året etter av den 11,6 km lange Mont Blanc-tunnelen mellom Frankrike og Italia.


Artikkelnummer:
SFFkl-100452
 
Forfattar og datering:
Kristin Ese, 2006.
 
Prenta kjelder:
Askeland, Kristen: Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Maskiner ryddar veg. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 2002.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db;=dbatlas_leks&art;_id=1295&spraak;_id=1&ptype;=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no