Sauland skule ligg i Hjartdal kommune i Telemark fylke. Det er ein kombinert skule med firedelt barnesteg og fulldelt ungdomssteg. Ungdomsskuleelevane kjem frå dei tre bygdene i kommunen: Tuddal, Hjartdal og Sauland.
Skulen har ein sentral plass i bygda ca 1 km vest for kommunesenteret, like ved kyrkja. Skulen ligg ved E134, men godt skjerma frå trafikken. Sauland skule har vanlegvis noko over 100 elevar, inneværande år 2015/2016 139 elevar
Vi har eige bygg for 1-4.klasse, for 5-10.klasse, og eit administrasjonsbygg. Skulen har eit romsleg og fritt uteområde med varierande aktivitetstilbod - eigen leikeplass for småskulen og ballbanar for eldre elevar. Friarealet bak skulen blir nytta til turområde og treningsløyper. Vinterstid kan alle nyte godt av idrettslaget sine lysløyper i nærleiken av skulen.
Sauland skule, Saulandsvegen 543, 3692 SAULAND
sauland.skule@hjartdal.kommune.no
Tlf.: 35028300 Fax: 35028301
1. klasse 10 elevar Siv Høgsnes
2. klasse 7 elevar Solfrid Lia Kasin
3. klasse 11 elevar Toril Landsverk
4. klasse 12 elevar Gry Helen Lund Brekka
5. klasse 14 elevar Espen Granlund
6. klasse 11 elevar May Leena Bjerke
7. klasse 12 elevar Wenche Grotbæk
8. kasse 23 elevar Synnøve Heggelid og Martha Holla
9. klasse 18 elevar Svein Tore Engene og Sigrun Lie
10. klasse 21 elevar Astrid Granlund og Ragnhild Kaste Kaasa
Barnesteget 1. – 7. klasse 77 elevar
Dei tilsette ved Sauland skule