Museum og kulturvern

Norges dokumentarv

Stiftelsen Lokalhistorisk arkiv i Bergen

Arkivet etter Alvøens Papirfabrik 1798-1981

Alvøens Papirfabrik Postpapir

Alvøens Papirfabrik Postpapir

Produksjonen av papir har hatt svært mykje å seie for samfunnet slik vi kjenner det i dag. Materialet gjev innblikk i industriframvekst og samfunnsstruktur og arkivet framstår som ei særleg verdfull kjelde til lokal, regional og nasjonal historie.

Eit lokalsamfunn vart bygd opp rundt ei hjørnesteinsbedrift som med tida også fekk nasjonal betydning, mellom anna som leverandør av papir til Noregs Banks pengesetlar, eit særeige produkt som heile folket bokstavleg talt heldt mellom hendene.

Ein stor del av arkivet omhandlar produksjons- og arbeidsprosessar, og protokollane som følgde arbeidarane gjennom heile arbeidskarrieren gjev eit mangefassetert innblikk i arbeids- og samfunnstilhøve.

Nominasjon av Arkivet etter Alvøens Papirfabrik 1798-1981 (pdf)

Meir informasjon om arkivet hjå Stiftelsen Lokalhistorisk arkiv i Bergen.

Kontaktperson

Daglig leder Stiftelsen Lokalhistorisk Arkiv i Bergen Terje Haram, telefon 55 56 62 66, terje.haram@bergen.kommune.no