Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Odvar Nordli

Odvar Norli, revisor og politikar. Han var statsminister 1976–81.

Odvar Norli er fødd 3. november 1927 i Stange i Hedmark og døydde 9. januar 2018. Nordli hadde ein klassisk arbeidarpartibakgrunn. Fødd i Stange i Hedmark, oppvaksen i ein arbeidarfamilie og han hadde gått gradane gjennom ungdomsorganisasjonen AUF til kommunepolitikken og fagrørsla både lokalt og sentralt. I barndomen fekk han varige inntrykk av mykje av den nauda han såg rundt seg i det klasseprega samfunnet i 1930-åra. Nordli utdanna seg til revisor og vart i 1957 distriktsrevisor i Vang og Løten kommunar. I 1954, 27 år gammal hadde han blitt vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet, og frå 1961 vart han innvald som fast representant. Han kom då inn i nasjonalforsamlinga saman med fleire dyktige unge politikarar som snart markerte seg i replikkordskifta, og som Trygve Bratteli fekk stor nytte av då han vart parlamentarisk leiar i 1965. Desse nye gjekk under namnet «sølvguttene», og blant dei var Nordli, Ragnar Christiansen, Arvid Johanson og Guttorm Hansen.
I 1971 vart Nordli utnemnd til kommunalminister i Brattelis første regjering, og markerte seg sterkt der. Bratteli ville helst ha han som sosialminister. Sidan 1969 hadde Nordli vore leiar for sosialkomiteen, men i stortingsgruppa ville dei heller ha han som kommunalminister. Det ville han helst sjølv også. Han hadde då også lang røynsle frå kommunalkomiteen og kjende saksfeltet godt.
Odvar Nordli var ein arbeidshest i politikken. Han var grundig og sette seg skikkeleg inn i sakene, og var meir oppteken av å få gjennomført ting enn å drøfte vyar og ideologi.  Etter katastrofevalet i 1973 vart Nordli parlamentarisk leiar. Det fall då i hans lodd å takle den store SV gruppa på 16 representantar som regjeringa Bratteli var avhengig av for å få fleirtal i mange av sakene. Alternativt måtte han skaffe seg støtte på borgarleg side. Nordli var omgjengeleg av natur og godt likt i alle leirar i Stortinget, men særleg i høve til SV si store og svært uregjerlege gruppe kunne det nok stundom røyne på. Han hadde god bruk for at han av natur er roleg og sindig og ikkje så lett å hisse opp. At han også er ein stor humorist, hjelpte sikkert på.
Kamp om formannsvervet
Formannsskifte i Arbeidarpartiet har det ikkje vore så mange av sidan samlingskongressen i 1927. Det var krigen som sytte for skiftet frå Oscar Torp til Einar Gerhardsen i 1945, og då Trygve Bratteli tok over etter Gerhardsen i 1965 var han knapt til å kome forbi, endå det var fleire som prøvde. Desse to formannsskifta var likevel idylliske i høve til det politiske drama som følgde i etterkant av at Trygve Bratteli i 1974 kunngjorde at han ville trekkje seg som partiformann på landsmøtet i 1975.
Det var tidleg klart at det var to sterke kandidatar til formannsvervet, nestformannen, Reiulf Steen, og den parlamentariske leiaren, Odvar Nordli. Bak desse to bygde det seg opp klare grupperingar som kjempa om støtte for sine kandidatar. Sjølv om dette var nokre år etter folkeavstemminga om EF, vart det på ein måte ein partiintern omkamp. I den verkelege EF-striden hadde nei-sida vunne folkefleirtalet, men tapt kampen om makta i partiet. No skulle ein rette på det, men det skjedde med ein kandidat som hadde vore EF-tilhengarar på same måte som motkandidaten.  Reiulf Steen vart nok likevel oppfatta av tilhengarane sine som meir radikal enn Nordli, særleg i utanrikspolitikken I nyare tid har det knapt vore ein meir knallhard personstrid om toppverv i Arbeidarpartiet.
 
Det var Einar Gerhardsen som først orda frampå om delt leiarskap som eit kompromiss av omsyn til partifreden. Delt leiarskap i den forstand at partiformannen og statsministeren ikkje var same person, hadde Arbeidarpartiet svært blanda røynsler med. Det fungerte godt då Oscar Torp var formann og Johan Nygaardsvold var statsminister. Då sat Torp i regjeringa, men sjølv om han i førkrigsåra var usamd i den svake satsinga på forsvaret, så var han lojal mot statsministeren. Like godt gjekk det ikkje då Oscar Torp vart statsminister og partiformannen, Einar Gerhardsen, sat i Stortinget. Gerhardsen var den sterke og Torp fekk den vonde kjensla av å mangle ryggdekning frå gruppa.
Problemet med delt leiarskap i denne fasen var at partiet alt hadde ein statsminister, Trygve Bratteli, og han hadde ikkje varsla avgang som regjeringssjef. Skulle Gerhardsens ønskje gå i oppfylling, måtte Bratteli gå. Om det ikkje låg ein slik tanke bak, så var neppe Brattelis lagnad det som opptok Gerhardsen mest.
Det er høgst usikkert korleis det ville ha gått på landsmøtet om det hadde blitt ei kampvotering om formannsvervet. Det var visstnok eit fleirtal for Nordli i valkomiteen, men eit fleirtal for Steen i landsmøtet. Debatten kunne ha blitt avgjerande, men det løyste seg altså ved at ein valde Gerhardsen sin utveg, ei delt løysing.
Statsministerkandidat
Reiulf Steen rykte opp som formann og i eit tillegg uttrykte landsmøtet at Odvar Nordli skulle vere statsministerkandidat når Bratteli gjekk av. For Bratteli vart dette eit sjokk han aldri kom over. Landsmøtet hadde sett han på oppseiing, og vedtaket kunne vanskeleg tolkast på annan måte enn at han om ikkje så altfor lenge måtte gå av for å gi plass til Odvar Nordli. Tilhøvet mellom Bratteli og Nordli vart ikkje godt etter dette, og Odvar Nordli skriv i ei av bøkene sine at han angra bittert på at han ikkje snakka ut med Bratteli med ein gong. Det var likevel ikkje Nordli sin feil at vedtaket vart slik. Det valet som vart gjort på dette landsmøtet skulle bli ei ulykke for partiet. Det delte leiarskapet fungerte ikkje, og det gjekk ikkje lang tid før ein oppdaga det.
Bratteli går av
Etter eit visst påtrykk varsla Bratteli nokre månader etter landsmøtet at han ville gå av i januar 1976, og den 15. januar tok Odvar Nordli over. Han vart den første statsministeren her i landet som ikkje hadde røynsler som vaksen person under krigen. Han vart den sjette statsministeren frå Arbeidarpartiet, og den første av dei som hadde eksamen artium.
Då Trygve Bratteli gjekk av som statsminister i januar 1976 vart han hylla av representantar for alle parti. Han vart spurt om han trudde han ville få eit godt ettermæle, og då svara han typisk brattelisk: «Ja, i den grad det kan skade min etterfølger».  Alle, også Odvar Nordli, hadde ein litt vond smak i munnen over måten skiftet hadde skjedd på, men det var altså landsmøtet som ville det slik. 
Den regjeringa Nordli skipa var dels med nokre av Brattelis statsrådar, men også nokre nye. Regjeringa arva ein økonomisk sett vanskeleg situasjon frå regjeringa Bratteli. Han arva også finansministeren, Per Kleppe, som hadde starta den såkalla motkonjunkturpolitikken. Målet var å bruke av oljepengane til å dempe effekten av ein nedgangskonjunktur. På den måten ville ein halde sysselsettinga her i landet oppe inntil tidene betra seg. Kleppe meinte at nedgangen ville bli kortvarig og at sola snart ville skine over norsk økonomi på nytt. I tillegg hadde regjeringa og partane i arbeidslivet fått til kombinerte lønnsoppgjer, såkalla «Kleppe-pakkar», for dermed å få ned dei nominelle lønnstillegga. Desse «pakkane» gjekk ut på at staten skulle yte bidrag i form av økonomiske tiltak som kom arbeidstakarane til gode, og som dermed gjorde at kjøpekrafta kunne haldast oppe med mindre nominelle lønnstillegg. I 1975 var lønnsveksten oppe i 20 prosent, men gjekk ned til åtte prosent i 1977. Effekten var der, men det vart dyrt for statskassa, og vi måtte låne i utlandet, og då med pant i framtidige oljeinntekter. Snart var utanlandsgjelda oppe i 150 milliardar kroner, nesten to tredjedelar av brutto nasjonalproduktet. Det viste seg også at det ikkje var ei mellombels krise ein var inne i, men ei strukturell krise i næringslivet over heile den vestlege verda. I utlandet omstilte næringslivet seg til meir rasjonell produksjon for å betre konkurranseevna, mens i Noreg så vart omstillinga utsett som følgje av motkonjunkturpolitikken. Av same grunn fekk norsk næringsliv svekka konkurranseevne.  «Regjeringen bygget sin politikk på at det ville komme en ny oppgang, og jeg innrømmer at vi vurderte feil», sa statsminister Odvar Nordli i 1978. Stort sett hadde dei fleste partia på Stortinget vore med på denne feilvurderinga.
For å demme opp mot den store SV-gruppa på Stortinget, la Arbeidarpartiet kursen eit stykke til venstre etter katastrofevalet i 1973, og ei rekkje saker bar preg av å skulle gjere venstresida meir tilfreds. Kriminalmeldinga som gjekk inn for mindre bruk av fengsel, var ei av dei. I 1977 kom lov om bankdemokratisering som ga Stortinget rett til å oppnemne fleirtalet i representantskapet i dei store forretningsbankane. Ordninga vart avvikla i 1990, men var ei god sak for Ap i 1970-åra.
Sjå video frå NRK Skole: Statsminister Odvar Nordli talar om forsvarspolitikk på eit partimøte i Hedmark 23.3.1980:
 
Stortingsvalet i 1977
Det viste seg elles etter kvart at SV ikkje vart så stort trugsmål. Sosialistisk Venstrepartis store gruppe frå 1973 til 1977 var i høg grad i stand til å øydelegge for seg sjølv gjennom indre strid, og ved valet i 1977 miste SV 14 av dei 16 mandata. Det eine av dei to som var att, SV-mandatet i Nordland, der Hanna Kvanmo kom inn, var Nordli-regjeringa og Arbeidarpartiet svært glad for, for det var dette som ut på formiddagen etter ei svært spennande valnatt sikra at fleirtalet bikka over på sosialistisk side og gjorde at Nordli kunne halde fram som statsminister.
Arbeidarpartiet gjorde eit kjempeval i 1977, det beste sidan rekordvalet i 1957, og auka oppslutninga frå 62 til 76 mandat. For Odvar Nordli var dette ein stor personleg siger. Den andre store vinnaren av 1977-valet var Høgre, som auka frå 29 til 41 mandat. Det første store skvulpet av høgrebølgja slo inn over landet, og det var ikkje lenger frå venstre, men frå Høgre at Arbeidarpartiet kjende trugsmålet kome. I slutten av 1970-åra vart det difor ei stor omlegging av Arbeidarpartiets politikk. Omlegginga m.a. i motkonjunkturpolitikken, vart kraftig kritisert internt i Arbeidarpartiet, og ein tok til å tvile på regjeringa si evne til å styre I september 1978 vart det innført pris- og inntektsstopp som kom til å vare ut 1979. Renta gjekk opp og kommunane skulle bruke mindre pengar. Det vart ei smertefull, men nødvendig  omvurdering som gjorde regjeringa upopulær, også i Arbeidarpartiet.
Krise i partiet
Det skulle raskt vise seg at landsmøtevedtaket i 1975 om å dele på toppverva ikkje var særleg lurt. Partiformann Steen og statsminister Odvar Nordli var ulike av natur og også av politisk legning, og det var ikkje så vanskeleg å spore både nyansar og meir enn det i politiske standpunkt.
Den første store krisa kom framfor landsmøtet i 1977. Reiulf Steen kritiserte i eit stort intervju i SV- avisa Ny Tid sitt eige parti fordi det nye partiprogrammet innevarsla det han kalla «en reformpause». Han hadde sjølv vore med på å lage programmet. Den tida var Reiulf Steen langt nede både fysisk og psykisk. Han vurderte å trekkje seg på landsmøtet, men fekk applaus for talen sin og såg det som teikn på tillit.
Framfor lokalvalet i 1979 reiste partileiinga på togtur opp Gudbrandsdalen saman med mediafolk. Turen vart etter kvart heller fuktig og med mediafolk ombord, kom det sjølvsagt lekkasjar. Mellom anna vart det kjent at i det nye statsbudsjett ville kome framlegg om innstramming og tak på kor mykje ein kunne trekkje frå på skatten av rentene på bustadlånet. Både togturen og lekkasjane svekka regjeringa og valkampen gjekk dårleg for Arbeidarpartiet. Høgre vann lokalvalet og Arbeidarpartiet gjorde det dårlegaste kommunevalet sidan krigen. I boka «Maktkamp» siterer Reiulf Steen den kritikken Tor Aspengren kom med i Arbeidarpartiets landsstyre etter valet: «Togturen over Dovre var verst», at Aspengren. «Vi vil aldri kunne vinne et valg hvis ikke våre fremste tillitsmenn er sannferdige, troverdige, tillitvekkende og framfor alt edruelige». Steen legg til: «Få var i tvil om at han siktet til statsministeren på togturen under valgkampen samme året, og min hjemtur fra Stockholm kvelden etter valget». Då hadde Reiulf Steen blitt observert sterkt rusa på flyet, og han var ute av stand til å delta i ein TV-debatt. 
Etter det dårlege valet reorganiserte Nordli regjeringa si, men det var til lita hjelp. Buskagitasjonen og lekkasjane frå interne møte held fram. Lojaliteten i tillitsmannsapparatet i partiet og i apparatet rundt Nordli verka å vere på eit lavmål, og ikkje minst striden i 1980 om NATOs dobbeltvedtak og om førehandslagring av alliert militært utstyr her i landet kom til å skape store problem. Til slutt skreiv også Ap-avisene at det var på tide med skifte både av statsrådar og av regjeringssjef.
Nordli går av
Nordli sjølv hadde lenge hatt problem med helsa, men no vart det verre, og legen hans stilte til utsikt ei lengre sjukmelding. Det kan ein statsminister vanskeleg ta, og Nordli innsåg at det var tid for å gå. Tidspunktet vart framskunda av ein artikkel frå Arbeidernes Pressekontor, der det sto at statsministeren kom til å gå av. Nordli visste ikkje om at ein slik artikkel var i emning, og offentleggjeringa av at han var sjuk og hadde planar om å gå av, skipla det opplegget han hadde for sin eigen avgang.   Nordli hadde tenkt seg Rolf Hansen som etterfølgjaren sin, men slik skulle det ikkje gå.
På møtet der ein skulle avgjere spørsmålet om kven som skulle bli ny statsminister, viste det seg å vere fleirtal for nestleiaren i partiet sidan 1975, Gro Harlem Brundtland. Det var sju personar heime hos Trygve Bratteli som skulle utpeike den nye kandidaten. På førehand var det klart at AUF ville ha Rolf Hansen, LO-leiinga støtta Rolf Hansen og eit fleirtal i partileiinga ville ha han.  Likevel vart det altså Gro Harlem Brundtland. Ho var ikkje minst partiapparatets, partipressas og grunnorganisasjonen sitt val. 
Den 4. februar 1981 skjedde skiftet. Odvar Nordli vart fylkesmann i Hedmark, og var ute av politikken. Han likte ikkje måten det skjedde på, men var glad over å vere kvitt intrigane og baksnakkinga. I sum vart mykje gjennomført i Nordlis statsministertid, men han måtte også ta mange nederlag. Det største var kanskje at det ikkje var noko at avtalen om at den norske stat skulle overta ein stor del av aksjekapitalen i bilgiganten Volvo. Også aksjonane mot Alta-utbygginga vart tunge å kome igjennom. Nordlis regjeringstid var ei omstillingstid der Arbeidarpartiets politikk vart hengande etter utviklinga. Nordli sjølv derimot vart ein folkeleg og godt likt statsminister, men på slutten av regjeringstida rakna det meste. Det var i dei dagar seinare statsråd Gudmund Hernes utforma fyndordet: «Også vi har våre flaggsaker, men de henger alle på halv stang».
Sjølv om Nordli var roleg og sindig som mennesketype og sikkert også robust og i stand til å takle press, var han ikkje budd på å bli nærast mosa sund av sine eigne partifeller. Han sto sterkt ute i partiet i distrikta, men sto svakt på Youngstorget og i den spesielle kulturen som rådde der, både i partiet og i fagrørsla. Han vart isolert og dermed utsett for intrigemakarar. I ettertid er det kome fram at ein viss møbelhandlar Arvid Engen på Jessheim sat sentralt i eit slags eddekoppnett, der intrigane vart spunne, og der både partiformann Reiulf Steen og den tidlegare LO-formannen, Tor Aspengren, ytte bidrag. I sluttfasen verka det som om Nordli sjølv hadde slutta å slåst. Hans gode venn, Guttorm Hansen skriv at han trur heile Nordli si legning kravde menneskeleg varme og oppslutning, stimulans og ros, for at han skulle blomstre opp. «Men politikk er en hard og ubarmhjertig jobb. Få forlater denne jobben uten å ha fått merker av den», skriv Hansen.
Til slutt var det nok helseproblema som knekte Nordli, men helseproblema vart forsterka av den undergravinga av politikk og autoritet som han opplevde frå partifeller. I dei beste åra sine viste Nordli eigenskapar som kunne ha gjort han til ein av dei store statsministrane. Han var populær ute i folket, han var folkeleg og jordnær, men møtte veggen i sitt eige parti.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/422262 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 01.03.2012
Sist oppdatert: 30.01.2018