Foredrag: Nikolai Astrups hage

Laurdag 6. april kl. 14 presenterer landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren-Mathiesen heilt ny forskning på Astrups særprega hage i Jølster. 

I ein bratt bakke på sørsida av Jølstravatnet ligg Astruptunet. Astrup kjøpte småbruket på Sandalstrand i 1912, og dei neste ti åra grov, planta og bygde han om den vesle husmannsplassen frå det ulevelege til ein heim. På det vesle gardsbruket kunne Astrup dyrke mat til eige bruk, og han la ned mykje arbeid i hagen. Mange av desse situasjonane skildrar han i bileta sine, t.d. Rabarbra og småpike på Sandalstrand (1927) og Epletre i blomst (1927). Sandalstrand er på sett og vis ei spegling av kunsten og tankane hans. I eit brev skriv han at det har vorte éin av dei vakraste stadane i fjellbygda Jølster.

Arkadia Landskap har dei siste åra utført eit omfattande kartleggingsarbeid på Astruptunet. Forskare har kartlagd vegetasjonen på staden for å få kunnskap om kva Nikolai Astrup malte, og kva som faktisk fanst i hagen på Sandalstrand då måleren bodde der. Rapporten «Nikolai Astrups gårdshage på Sandalstrand. Fortid møter fremtid – hagehistorie» vart utgitt i september 2017. 

Landskapsarkitekt og hagehistoriker Ingeborg Mellgren Mathiesen har leda prosjektet, og tek turen til KODE for å fortelle om arbeidet. 

 

  • Lørdag 6. april 2019
  • Kode 1
  • 130 / 60 / 0 *

* Adgang alle Kode museer i 2 dager. Voksne 130,- / Studenter 60,- / Barn under 16 år 0,-