Main menu:

Søk

Emner

mai 2007
m ti o to f l
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Arkiv

Har du høyrt om John Wyclif?

Mange har nok gjort det, men mange veit ingenting om han. Han høyrer til dei store og viktigaste folk i kyrkjesoga og er kalla reformasjonen si morgonstjerna. Les mer »

Kven var det som “kristna” Norge?

Jau, det var vel Olav Tryggvason og Olav den Heilage som gjorde det, delvis ved makt. Det har vi lært på skulen. Saka er nok ikkje så enkel Les mer »

Takk til Geir Edland, Sandnes

for at han har hjelpt meg med å få i stand denne heimesida mi. Les mer »

Ein bondegut

Det er snautt nokon einskildperson som har betydd så mykje for Norge som han. Du får namnet til slutt.
Han var ein av dei største grundarar Norge har hatt.
Han gjer Røkke til smågut når det gjeld å starta bedrifter og arbeidsplassar, Les mer »

Læresveinen Tomas.

Det er fleire kunstnarar som har prøvd å skildra den stunda då Jesus Kristus inviterte Tomas til å stikka fingeren i naglegapet og leggja handa i sida. Tru om Tomas gjorde det han vart invitert til? Eg trur ikkje det. Les mer »

Ein påske er over-

I 1945 hadde tyskarane ein russisk fangeleir på Rødde Ungdomsskule i Sør-Trøndelag. Den gamle skulebygningen var omkransa av piggtråd. Det Norske Misjonsselskap leigde ein del av skulen til påskemøte. Fyrste påskedag gjekk møtefolket til gudsteneste på Leinstrand. Les mer »

Kvitekrist i møte med heidenskap

Då eg gjekk i folkeskulen hadde vi eit fag som heitte Noregsoga. Etterkvart har eg skjøna at det er eit sterkt misvisande namn. Det vi hadde var dei mektige si soge. Det var Kongesoga. Det vanlege folk høyrde vi lite eller inkje om. Eit av dei mørkaste kapitel i vikingtida var slaveriet. Les mer »

Inviterte gjester. Invited guests.

Eg har ei side som heiter Venner. Sjå i galleri.( Look at the site called Venner in the gallery.) Her vil eg invitera nokre kunstnarar for ei stund. Dei fyrste er kinesiske. Yimin og Halun. Mann og kona. På grunn av politiske ytringar mot bl. Mao har Yimin blitt truga og ansett som ein opprørar og kan derfor ikkje reisa attende til Kina. Dei er politiske kvoteflyktningar i Norge. Eg såg utstillinga deira i Stavanger og her var fine ting. Ta ein titt! Les mer »

Ord for dagen

Eg let meg ikkje formørka av det eg ser, men let meg opplysast av det eg trur.
Du kan høyra nokre småandaktar av Dubland ved å gå til linken for Norea Radio
LITT TIL ETTERTANKE
Eg var på kunstutstilling i Bergen. Eg ville sjå ei samleutstilling av Lars Hertervig.(1830-1902) Han var frå Tysvær i Rogaland og vaks opp i eit kvekermiljø, som nummer tre i ein syskenflokk på ni. Han er rekna som ein av Norges største romantikarar innan malarkunst. Han fekk litt utdaning i Oslo og Düsseldorf, men det kom skuggar over livet hans i form av alvorleg sinnsjukdom. Les mer »

Om maleria,material og fargevalg m.m.

Eg brukar helst oljefargar sjølv om acryl også har sine sterke sider. Her er dei fargane som eg brukar mest: Titankvitt,kadmium rød (mørk), kadmium gul, ultra marin blå, pariser(preusserblå),
lys oker, brent sienna, brent umbra, paynes grå,crimson krapplakk. (Alt i kunstnarkvalitet)
Som malemiddel har eg brukt litt ymse,- frå Liquin, Mir malemiddel, Black Oil, Roberson glace medium til meir heimelaga blanding.
Alt er malt på høgkvalitets linlerrete. Les mer »

2007Odd Dubland